Stortinget gir pris til «SKAM»
Erna Solberg deler ut Peer Gynt-prisen til «Skam».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Peer Gynt-prisen i år går til den nettbaserte TV-serien «Skam» og regissør Julie Andem. Det er politikarane på Stortinget som har stemt fram serien som vinnar.
Peer Gynt-prisen har sidan 1973 blitt gitt til ein person eller institusjon som har markert seg på ein positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Noreg kjent i utlandet.
Suksessen til ungdomsserien har sørgd for nettopp dette, ved både å ha fått strålande kritikkar og nådd ut til eit breitt publikum, heime og i utlandet. Den har særleg fått ros for å ta opp viktige tema som overgrep, valdtekt, homofili, kulturforskjellar og press i ungdomsmiljø på ein opplysande og nyskapande måte, og er selt vidare til land som Danmark, Sverige, Island og USA.
LES OGSÅ: Isak og Even er årets tv-par i USA
– Skam har vore eit vanvitig bukkeritt. Så slik sett er det kanskje logisk at Julie no får Peer Gynt-prisen, seier redaksjonssjef for «Skam» Håkon Moslet. Han seier at gjengen bak serien er både stolte og glade over den anerkjenninga dei no får frå stortingsrepresentantane.
Den nettbasert dramaserien handlar om livet til ein gjeng ungdommar ved Hartvig Nissen vidaregåande skule i Oslo. Den er no inne i sin fjerde og siste sesong. Serien har tidlegare blant anna fått pris som beste nye programserie, beste TV-drama og årets nyskaping under Gullruten 2016, Nordens språkpris for 2016 og utmerkinga «Digital Online Award» av bransjetidsskriftet C21 i Storbritannia.
Sjølve prisen er ein bronsestatuett av Peer Gynt som blir delt ut av statsminister Erna Solberg under Peer Gynt-stemnet på Gålå i august.
Blant tidlegare prisvinnarar finn vi blant anna Ole Gunnar Solskjær, Gro Harlem Brundtland, Eva Joly, Knut Vollebæk, Arne Næss, Marit Bjørgen, Jens Stoltenberg, Jan Egeland, Thor Heyerdahl og Einar Gerhardsen. (©NPK)
LES OGSÅ: – SKAM er moderne folkeopplysing