Elise Løvereide
Elise Løvereide

Karakteren Vilde i «Skam» har gjort Ulrikke Falch verdskjent. Mens serien tar av i Danmark, USA og i fleire andre land, følger ikkje Ulrikke med på all merksemda lenger.

– Denne sesongen har det ikkje vore så stor pågang. Folk bryr seg ikkje om meg lenger, seier ho spøkefullt.

Podkasten «Den gode samtalen» har invitert Ulrikke til Bergen for å prate om eteforstyrring, Instagram – og sjølvsagt om «Skam».

LES OGSÅ: «Skam» er eit globalt fenomen 

Peaka i popularitet
Men sjølv om Ulrikke ikkje er i hovudfokus denne sesongen, lar ikkje merksemda vente på seg likevel.

– Eg har liksom peaka i popularitet no. På ungdomsskulen var eg ikkje så populær. Då blei eg kalla Ulpikke og Ulfitte. Det var fordi eg slo gutane i tissen på barneskulen, seier ho, mens folk ler.

– Dei pleidde spørje om eg ville gjere det. Og eg sa jo ja. Det var mi første seksuelle oppleving.

LES OGSÅ: Slikking = skam?

231.000 følgjarar
Som følge av «Skam»-suksessen har Ulrikke vorte eit kjent fjes på Instagram, med sine 231.000 følgarar. Der deler ho både feministiske memes, tulle-videoar og morosame selfies.

Til vanleg jobbar ho som barista i Trondheim. Sjølv om Ulrikke ikkje har fullført vidaregåande, stoppa det henne ikkje frå å vere med på fadderveka i haust. 

– Eg tok på meg ei fadderveke-t-skjorte med teksten nanoteknologi. Alle eg kjente blei overraska over det! «Oi, visste ikkje at du var så smart,» liksom.


I andre sesong av «Skam» kjem det fram at Vilde har eteforstyrringar, noko skodespelar Ulrikke Falch har erfaring med frå eige liv. Foto: NRK

– Hata meg sjølv
Men frå spøk til alvor. For Ulrikke har vore open om mange vonde ting. På sosiale medium har ho aktivt delt si historie om eteforstyrringar. Ulrikke er oppteken av å fortelje om korleis ho blei frisk, framfor korleis ho blei sjuk.

– Eg har vore open om «mine greier». I den perioden hadde eg ein del hat retta mot meg sjølv, seier Ulrikke, som får mange meldingar frå folk som spør om hjelp.

– Det er heavy historier, og det er ei ære å få den tilliten. Eg har blitt spurt om å møte personar med den same sjukdommen, men eg klarar det ikkje. Frykta for at eg ikkje kan hjelpe dei gjev meg stor prestasjonsangst, seier «Skam»-stjerna.

LES OGSÅ: «Skam»er moderne folkeopplysning  

Kor går eigentleg sæden?
Når Ulrikke blir spurt om korleis ho fekk rolla i «Skam», er latteren straks tilbake i rommet.

– Eg søkte på ein audition for NRK sin nye nettserie og trappa opp. I første runde hadde vi ein impro, mens i andre runde fekk vi manus. Det første eg skulle seie, var «Men kor går eigentleg sæden?»

Opphavleg gjekk ho for rolla som Chris, ein karakter som diggar mat og som stel pengar frå mor si. Vilde skulle vere flink til å bake og ein bevisst forbrukar. Det klaffa betre.

Ulrikke Falch2Ulrikke Falch hunder «Den gode samtalen» med Marie Amdam frå Razika og Sondre Thorbjørnsen. 

Lagar teddybjørnar i kaffiskummet
For tida går Ulrikke på fleire auditions, og lagar i tillegg podkasten «Friår» med venninna Elise Askim. Og så lagar ho kaffi.

– Eg er ein skikkeleg god barista. Eg kan lage katt, teddybjørn og ein føkk-finger i kaffiskummet.

Men på spørsmål om ho ser på seg sjølv som eit forbilde, er Ulrikke bestemt:

– Det er ikkje behov for meg, men det er behov for det eg seier. Bodskapet mitt er at eg kan sjå støgg ut når eg vaknar, men søren så bra eg er, likevel.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE