Slikking = skam?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Han gikk ned på henne.

 Hæ?

 Altså. Slikka henne, liksom.

Skepsisen osar då SKAM-jentene får høyre ryktet om at Jonas skal ha fått ein tredjeklassing til å komme. Altså – komme, komme. Jonas har nemleg gått ned på den utvalde.

Reaksjonane i NRK-serien er talande for funna i ein ny forskingsstudie frå England. I studien vart 71 britiske jenter og gutar mellom 16 til 18 år intervjua om sine erfaringar med å ha munnsex med det motsatte kjønn. Både gutane og jentene i studien vurderte det å gå ned på ei jente som ei større greie enn å gå ned på gutar.

Gi og ta
Studien tok føre seg seksuelle erfaringar blant heteroseksuelle. Forskarane fann eit kræsj i korleis deltakarane snakka om likestilling og korleis dei skildra sitt forhold til å gå ned på nokon.

LES OGSÅ: Girls: Kvinnefrigjering eller berre syting?

Sjølv om jentene og gutane i studien snakka om ein «gi-og-ta»-etikk når det gjaldt suging og slikking, skildra dei fleste det å gå ned på ei jente som større enn å gå ned på ein gut.

Eller som Vilde i SKAM seier:

 Men, Eva, du sa det ikke var noen norske gutter som…

Jentene har ambivalent forhold til å ta imot
Fleirtalet blant både jentene og gutane meinte det var meir usmakeleg for menn å gå ned på kvinner, enn for å kvinner å gå ned på menn. Fleirtalet meinte også at det var lettare for menn å ta imot enn for kvinner.

 Ein har forska mykje på vanleg samleie, men vi veit lite om unges forventingar og erfaringar med andre typar sex, seier ein av forskarane ifølgje Medical News Today.

I intervjua kom det fram at menn ofte snakka om kvinners underliv med svært negativt lada ord, og at kvinner hadde eit ambivalent forhold til å ta imot, fordi dei var klar over desse oppfatningane.

I tillegg kom det fram at unge menn i langt større grad enn unge kvinner sa rett ut at dei ikkje gjekk ned på folk om dei ikkje ville. Unge kvinner skildra i staden strategiar for å gjere det meir «smakeleg» å gå ned på nokon.

Treng fokus på kjønnsroller
Kanskje heng denne skeivheita saman med at kvinneleg seksualitet framleis er vanskeleg å snakke om, slik tabuekspert Ruth V. Fjeld meiner. Det kan i såfall tyde på at der er litt å lære av kunstnaren Sophia Wallace, som vil gjere klitoris synleg og få kvinner til å slutte å lyge om at dårleg sex er bra.

Ruth Lewis, som er ein av forskarane bak studien, meiner funna tyder på ein trong for eit tydeleg fokus på dynamikken mellom kjønna i sexundervisning.

 Sexundervisning burde dekkje langt meir enn graviditetar og seksuelt overførbare infeksjonar. Vi må også utfordre unge menneske til å tenke kritisk om korleis menn og kvinners kroppar vert snakka om i samfunnet, nyansane i samtykke og tvang, og korleis likestilling mellom kjønna i praksis vert forhandla om, seier ho ifølgje Medical News Today.

Om det er den same dynamikken som ligg bak Skam-jentenes skepsis er uvisst, men også her heime har fleire etterlyst betre sexundervisning, som handlar meir om relasjonar og mindre om kjønnssjukdommar.

LES OGSÅ: Klitoris er berre toppen av eit isfjell

Faktaboks

Studien vart gjort i England, av sosiologane Ruth Lewis og Cicely Martson frå University of Pacific og frå London School of Hygiene and Tropical Medicine. Resultata har vorte publisert i Journal of Sex Research.