Forskar får 300.000 kroner til å analysere «Skam»-debatt
Medieforskar vil utforske debattane om den prisvinnande TV-serien.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
300.000 til å forske på SKAM
– Vi vil prøve å forstå kvifor serien har skapt så stort engasjement og kva demokratisk verdi dette engasjementet har, seier Synnøve Skarsbø Lindtner, som er postdoktor ved Institutt for informasjons- og medievitskap på Universitetet i Bergen.
Studentavisa På Høyden melder at Lindtner får 280.000 kroner av Medietilsynet i såkalla RAM-midlar (Rådet for anvendt medieforsking). Saman med John Magnus Ragnhildson Dahl skal ho granske debattane som har oppstått i kjølvatnet av serien «Skam».
– Vi ser at det er stor forskjell på korleis «Skam» vert handsama i redaksjonelle medium, og korleis målgruppa diskuterer den. Medan ungdommane diskuterer kjærleikshistoriene og dei komplekse, men ofte også kjekke og kule karakterane, ser vi at det i desse diskusjonane finst mange interessante og viktige tema, seier Lindtner.
Stort engasjement
Då Framtida.no intervjua «Skam»-forskar Steffen Krüger forklarte han suksessen slik:
– Ungdom vert tekne på alvor, dei vert sett og høyrt medan dei diskuterer store og utfordrande tema, sa Krüger, som kalte NRK-suksessen «moderne folkeopplysning».
Krüger er medieforskar ved Universitetet i Oslo, og har saman med Gry Rustad analysert kommentarfelta på nettstaden skam.p3.no. Dei har kartlagt korleis publikum deltek i og utvidar diskusjonane kring tema som serien tek opp.
Krüger vart overraska over kor positivt diskusjonsklima det var på nett.
Serien har også engasjert unge til å snakke meir om identitet og kjensler, noko Ungdomstelefonen merka ved 30 prosent auke i talet på unge som tok kontakt.
Les meir om SKAM