Frå raring i skogen til atypisk krigshelt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 22.06.2017 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg driv jo og leverer mat på døra til folk og det er så mange pinlege situasjonar. Folk ser på meg og seier sånn: «Er ikke du skuespiller?» Det er veldig, veldig spesielt, flirar Arthur Hakalahti Eilertsen.

Ikkje overraskande er det rolla i NRK-suksessen «Skam» som får flest folk til å snu seg på gata eller kommentera når han har passert. Men skodespelaren, som flytta med familien frå Nord-Noreg til Oslo for fire år sidan, ikkje heilt vent seg til merksemda.

– Som regel er det jo gøy, fordi det er gøy at folk likar det dei har sett. Så er det nokre dagar ein har lyst til å grava seg ned, fordi det ikkje alltid er slik at ein har lyst til å prate med folk.

– Eg har ikkje så lyst å gjera porno. Der går grensa. Elles trur eg at eg kan gjera det meste, ler Arthur Hakalahti Eilertsen

«Herfrå går det berre nedover»
Om du ikkje allereie har fått det med deg: 2016 har vore Artur Hakalahti Eilertsen sitt år.

Ikkje berre har 21-åringen frå Sandhornøy blitt kjendis gjennom si vesle rolle som Kasper Folkestad i «Skam». Han har òg fått oppfylt gutedraumen om å spela i ein krigsfilm.

– På premieren sa produsenten til meg; «Du veit at dette er det største du kan vere med på i norsk film, så herfrå går det berre nedover», ler 21-åringen.

I storfilmen «Kongens nei» speler han soldaten Fredrik Seeberg, som møter kong Haakon (Jesper Christensen) personleg og seinare viser seg å vere snartenkt sjølv når han ligg hard skadd.

Regissør Erik Poppe sin siste film er blant dei ni filmane som er kortlista til Oscar-nominasjonar for beste utanlandske film. I januar vert det klart om skodespelarane må finne fram gallaantrekka sine.

– Eg var så nervøs at eg sveitta då eg ringte og sa: «Hei. Det her er Arthur. Du kjenner ikkje meg, men eg skal spele deg». Så var han berre kjempehyggjeleg, seier Arthur Hakalahti Eilertsen om Fredrik Seeberg. Foto/Copyright: Agnete Brun

Mentor og kompis
I arbeidet med rolla fekk Hakalahti rettleiing av den ekte Seeberg, som i dag er 94 år gamal. Trass i den store aldersforskjellen fekk dei to eit kompisforhold.

– Det er litt skummelt å spela ein person som faktisk lever. Men det som var fint var at eg faktisk kunne prate med han. Han er ein så flott type. Eg ringte frå sett kvar gong det var noko eg lurte på. Det er ikkje sånn ein kan gjere med vanlege karakterar, seier Hakalahti, som fekk gode skussmål frå Seeberg sjølv.

Med over 700.000 besøkande er «Kongens nei» årets soleklart mest sette film på norske kinoar. Arthur har sett han så mange gonger at han synest det byrjar å bli keisamt og han synest alltid det er grusomt å sjå seg sjølv på skjermen.

– Første gong eg såg filmen var ein grovklipp. Eg klarte å følgje med heilt til eg kom på. Då handla alt om meg. Eg sat og sveitta, nesten skalv og tenkte: «La dette vere over». Etterpå klarer eg ikkje å følgje med på filmen, fordi eg berre tenkjer på det som har vore.

LES OGSÅ: Ida Husøy – ei annleis eksosrype 

Draumen frå Dickens
Trass i mykje hell på jobbfronten har ikkje 21-åringen heilt knekt koden for å koma inn på Teaterhøgskulen. Han har nesten kome inn tre gongar, men trøyster seg med at førebiletet Aksel Hennie ikkje kom inn før på fjerde forsøk.

– Om eg kom inn på mitt første forsøk hadde eg ikkje fått gjort alle dei tinga eg har gjort, så eg er ikkje sikker på om eg hadde bytt det ut.

– Eg har leste ein stad at du alltid har drøymt om å bli skodespelar?

– Det trur eg òg at eg leste ein gong, men det stemmer ikkje. Eg hadde eigentleg aldri tenkt på at det var ein mogelegheit å bli skodespelar, smilar Arthur.

Den ideen kom fyrst då han som 12-13-åring fekk rolla som spøkelset Jacob Marley i skuleoppsettinga av Charles Dickens-klassikaren «A Christmas Carrol». Då regissøren av stykket, Anders Alterskjær, seinare skulle laga novellefilm tok han kontakt med Arthur.

– Det var eigentleg han som fann ut at eg skulle bli skodespelar, forklarar han.

Filmen med tittelen «Om hundre år er allting glemt» fekk ikkje mykje merksemd, men det var då Arthur fann ut at det var dette han ville drive med.

– Eg hadde ikkje drive med det før, men det berre kom så naturleg. Det var berre det morosamaste eg hadde gjort i heile mitt liv. Me hadde ikkje noko teatertilbod der eg kom ifrå, men eg byrja i ei teatergruppe då eg flytta til Bodø.

«Skam»-jentene er tydeleg skeptiske til Kasper, som dei møter utanfor Ring 3. Men seinare utviklar det seg varme kjensler mellom han og jente-Chris. Skjermdump frå NRK

Alle gode ting er fire?
Arthur er med andre ord ein uskolert skodespelar. Trass i dette fekk han ei rolle i den store NRK serien «Halvbroren», saman med store norske namn som Nicolai Cleve Broch, Frank Kjosås og Agnes Kittelsen. Til rolla som den unge Arnold Nilsen kan ikkje Arthur hugsa å ha fått nokre instruksjonar frå regissør Per-Olav Sørensen.

Heller ikkje før rolla som Kasper i «Skam», fekk han noko særleg informasjon på førehand. Då han i bilen på veg til sett fortalde manusforfattar og regissør Julie Andem om alle teoriane han hadde gjort seg, flirte ho. Der Arthur hadde sett føre seg at rolla heilt klart hadde samanheng med spøkelset Kasper, hadde ho berre tenkt at det skulle vere ei morosam greie.

Som sykkelbod og skodespelar er han ikkje kresen og tek det han får. Til no har Arthur spelt i både kinesisk kunstfilm og Noregs lengstlevande såpeserie.

– Opp gjennom heile livet har eg drive å vitsa om Hotel Cæsar og plutseleg speler eg i det sjølv. Ein kan jo diskutera handlinga og manus, men det er sjeldan at eg har lært så mykje som av å vere med der. Dei er så effektive. Eg opplevde det nesten som litt stressande, smilar 21-åringen, som for Cæsar fans er kjent som Stian Borg.

– Ser du nokre tendensar i kva roller du får?

– Det er ofte einstøingar, dei som er litt annleis. Dei er ofte einsame sjeler. Eg har alltid vore ein litt introvert type og det er dei rollene som tiltrekkjer meg òg, avsluttar Hakalahti.

– Eg anar ikkje kva eg er i stand til å gjere. Eg trur eg er i stand til å tøya mine eigne grenser, som eg har ei kjensle av at ein må gjere, seier Arthur Hakalahti Eilertsen.