«Håpar Noora vaknar opp og gjev eit tydeleg signal til norske jenter»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Ta Skam på alvor»

Eg er ein svoren fan av Skam.

Det er nesten litt flaut. Eg er ein snart 24 år gamal gut – strengt tatt mann.

Målgruppa er 16 år gamle jenter.

LES OGSÅ: «Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg»

Genuine rollemodellar
Likevel er det noko ved serien, heilt frå første episode, som har fenga meg. Det mest fascinerande med serien er kor genuin han er. Eg blir engasjert, og eg blir oppteken av dei vala karakterane tek. Ikkje minst når eg veit at dei kvinnelege karakterane er rollemodellar og førebilete for tusenvis av unge, norske jenter.

I sesong to følgjer vi Noora. Ho har fram til no vore den sterke, sjølvstendige jenta. Ho som alltid sa dei rette tinga til den rette tida. Ei jente kven som helst, sjølvsagt også gutar, kunne sjå opp til. Det gjorde henne kanskje litt for perfekt, og det er i alle fall retta opp i sesong to.

Men det har kosta noko. Noora har nemleg falt for ein typisk «bad boy» – William. Ein som ikkje skyr noko middel for å oppnå det han vil. Og det han vil ha er Noora. Så langt vi har kome i serien, har William etter press og manipulerande åtferd fått Noora til å bli forelska i – eller i alle fall tiltrekt av han.

Det gjorde meg litt skuffa.

LES OGSÅ: Slikking = skam

Prestasjonspresset
Når vi diskuterer utviklinga i Skam, er utfordringa at vi står i skjeringspunktet mellom kva som er ei realistisk historie og i kva grad NRK bør sende visse verdisignal til sjåarane.

Men uansett om ein tenkjer over det eller ikkje, så vil serien formidle verdiar. Difor meiner eg det er viktig å støtte opp om ein generasjon jenter som vi veit står overfor mange utfordringar.

Det er eit press om å prestere på alle frontar. Du skal ha karakterane. Du skal ha ein kul hobby. Du skal kunne feste. Du skal alltid vere sminka. Du skal ha ei dyr veske. Du skal vere slank. Du skal tåle å bli vurdert som eit objekt.

DEBATT: «Det er på tide å skape ein elsk-kroppen-din-revolusjon»

Du må ingenting
Dette er utfordringar vi må ta på alvor, og eg synest at den viktigaste norske ungdomsserien bør ta dette opp i seg. Sjølvsagt må Noora få lov til å vere litt betatt av William, eg forstår det godt.

Men eg vonar at når vi kjem til vegs ende av sesong to, så vaknar Noora opp, og seier klårt og tydeleg frå til alle norske jenter: Du  ingenting, anna enn å gjere det som gjer deg lukkeleg, på dine eigne premiss. Til dømes: Ikkje bli i lag med ein dritsekk, berre fordi han spelte korta sine rett.