Snart får også amerikanarane sin «Skam»

TV-suksessen «Skam» skal produserast i amerikansk utgåve, med tittelen «Shame».

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er den svenske produsenten Per Blankens som er ansvarleg for den amerikanske versjonen av den norske ungdomsserien – som no skal utviklast i Hollywood, ifølgje Dagens Industri.

Innspelinga kan bli lagt til Chicago eller Seattle og skal etter planen starte over sommaren. «Shame» skal halde seg tru til det norske originalmanuset og skal ha med alle rollefigurane vi kjenner frå «Skam».

Blankens ser også på moglegheitene for å involvere serieskaparen Julie Andem.

– Autentisiteten er den viktigaste forklaringa på kvifor «Skam» er så bra, den kjensla må vi absolutt bevare, seier Blankens til DI.

Resultat:  

Vurdering: