Seks ikoniske Halloween-kostyme frå filmverda
Det er ikkje lett å velje eit kostyme til fredag, men nokre klassikarar kan du fikse utan å kjøpe inn for mange ting. Filmmeldarane Jenny Lund og Ola Birgitssønn Vik har sett saman ei liste for å hjelpe deg.
American Psycho (2000)
På utsida er Patrick Bateman (Christian Bale) ein velståande mann med livet på gli. Han tener godt på arbeidet, er alltid velstelt og skarpt kledd, og heng på dei kulaste stadane i New York.
Dessverre er han også ein omsynslaus seriemordar. Med ei blodlyst som ikkje ser ut til å ta slutt blir det stadig vanskelegare å oppretthalde illusjonen av eit vanleg liv på sida. Kor lenge kan han fortsette utan å miste maska heilt, og kva vil møte han om han gjer det?
Basert på den kontroversielle og bestseljande romanen av Bret Easton Ellis er American Psycho like mørk som han er festleg. Mykje av det ligg i Christian Bale sin herleg patetiske rolle som Patrick Bateman, ein motbydeleg karakter som det likevel er veldig gøy å kle seg opp som – spesielt sidan han er så siterbar.
– Jenny Lund
Alt du treng er ein dress, eller noko som minner om ein dress, og ei gjennomsiktig regnkåpe. Raudmaling hjelper!
Scooby-Doo
Mysteriegjengen har vore ikoniske heilt sidan dei vart introduserte på 70-talet, og passar perfekt om du er seint ute med å tenkje på kostyme.
Ein oransje genser og briller er kanskje ikkje nok for å framstå som ein truverdig Velma om du er aleine, men står du ved sidan ein i lilla og ein i grøn er det ingen tvil om kven du skal førestille. Her hjelper det å ha med seg ein grand danois. Eller nokon som kunne tenkje seg å bruke kvelden på å ha hundeøyre på hovudet og munnen full av smørbrød.
Dette er også ei perfekt anledning for å sjå live action Scooby-Doo-filmane. Filmane vart ikkje veldig godt mottatt da dei kom ut på 2000-talet, men har seinare hatt ein aldri så liten renessanse. Skriven av James Gunn, som no er kjent som ein av dei mest anerkjende regissørane i superhelt-sjangeren, har dei ein sjarm som er vanskeleg å ikkje bli riven med av. Filmane har også Matthey Lillard i rolla som Shaggy, som har blitt den definitive versjonen av karakteren, både i animert og fysisk form.
– Ola Birgitssønn Vik
The Ring (1998)
Mange har sett den amerikanske The Ring, medan færre har fått med seg den minst like gode japanske originalen, adaptert frå ein roman av forfattaren Koji Suzuki. Filmen følgjer journalisten Reiko (Nanako Matsushima) som etterforskar niesa sin mystiske død. Ved hjelp av eksmannen Ryūji (Hiroyuki Sanada), som har ein sjette sans, finn dei ein mystisk VHS-kassett knytt til fleire dødsfall, inkludert niesa sitt. Kan dei sleppe unna den påståtte forbanninga, eller har nysgjerrigheita leidd dei i døden?
Sadako (kalla Samara i den amerikanske remaken), spøkelsesjenta som kravlar ut av både brønn og TV, er blant dei mest ikoniske og trendsettande skrekkfigurane frå Japan. Ho er også ganske enkel å kle seg ut som!
Har du langt hår, sleng det i andletet, eller skaff ein parykk. Legg til ein kvit kjole, eller berre ei altfor stor t-skjorte, og du har alt på plass. Ekstrapoeng om du kravlar rundt på golvet med unaturleg positur.
– Jenny Lund
Juno (2007)
Juno er øvst på mange «coming-of-age»-lister, og det med god grunn. Han er morosam samtidig som han får deg til å gråte, og perfekt for denne lista, ikoniske kostyme.
Kostymedesignar Monique Prudhomme gjorde ein kjempejobb med alle antrekka i filmen, og dei mest attkjenbare finn du på plakaten. Juno (Elliot Page) får du til med oransje striper, skjørt over dongeribuksa og 9 månadars førebuingstid (eller ei pute). Det er kanskje ikkje alle som har Michael Cera sine klede liggande heime, men har du på deg shorts, panneband og ei keitete haldning, trur eg folk forstår poenget.
– Ola Birgitssønn Vik
The Addams Family (1991)
Familien Addams er oppfinninga til den amerikanske serieskaparen Charles Addams, og har vore å sjå på små og store skjermar sidan 1964. Personleg kjenner eg dei gjennom dei to fantastiske filmane frå 90-talet, regissert av Barry Sonnenfield. Begge er av topp kvalitet, og dei perfekte Halloween-filmane.
Kvart familiemedlem har sin eigen ikoniske utsjånad med noko for alle. Er du skalla? Ver Onkel Fester. Vil du kle deg ut saman med kjærasten? Det blir ikkje betre enn Gomez og Morticia. Det er også ei god unnskyldning til å teste ut å vere goth før ein blåser alle pengane på ny, heilsvart garderobe.
Om du er ein særleg hårete person kan du også finne fram solbriller og hatt for å stille opp som min personlege favoritt, Cousin Itt.
– Jenny Lund
Midsommar (2019)
Eg er ein pyse, men om du er tøffare enn meg, er det masse inspirasjon å hente frå Ari Aster sitt filmunivers. Midsommar har spesielt mange gode kostyme.
Tar du på deg ein kvit tunika er du med ein gong klar for eit «ættestup», sleng på ein blomsterkrans så er du klar for å danse til beina gir etter. Har du eit bjørnekostyme liggande, så er det berre å slenge seg på festen.
Om dette blir for lystig for deg, kan eg anbefale eit kostyme frå Hereditary (2018).
Med ein bandasje på nasen og ei pappkrone blir du med ein gong klar for å avdekke familien sine mørkaste løyndomar.
– Ola Birgitssønn Vik










