Påmeldingsrekordar for folkemusikk: – Ekstremsport
Folkemusikkmiljøet er i vekst over heile landet. Det synte seg i helga på Oslokappleiken, som er i ferd med å verta ein landskappleik i miniatyr.

Det går ikkje så greitt med den norske kultursektoren for tida. Det går nedover med kinobesøk, bibliotek er nedleggingstruga og Nationaltheatret får ikkje ei sårt tiltrengd oppussing.
Men dette lét seg ikkje merka på Riksscenen i Oslo på laurdag. Då gjekk den årlege Oslokappleiken av stabelen. Over sju timar tevla dansarar, songarar og spelemenn og -kvinner frå heile landet mot kvarandre, under det som er i ferd med å verta ein landskappleik i miniatyr.
– Om du tenkjer på dette som ein lokal kappleik, er det om lag ekstremsport, seier leiar i OsloFolk, Lene Furulid.
Miljø i vekst
Furulid fortel at dei har sett ein jamn vekst i miljøet dei siste åra. Særskilt merkar ho større interesse for å vera med hjå dei unge dansarane.
– Deltakartalet er om lag det same som i fjor, eller kanskje litt høgare. Det me verkeleg ser er at dansarlaga no har mange og unge medlemmer. Særskilt er Hallinglaget og Bondeungdomslaget aktive, og så går det litt i bølgjer når det gjeld kva lag som er mest med.
Det lét seg lett sjå. Eit tilfeldig utval av deltakarane på kappleiken ville truleg synt ein snittalder under 30 år.
– Det må gå an å seia at det er ein majoritet av unge, ja. Det er ikkje tvil om det. Ser du på nasjonale arrangement, som Landskappleiken, set dei stadig nye påmeldingsrekordar, seier Furulid.
Unge talent
Ein representant for den stadig meir nasjonale hovudstadskappleiken og det unge miljøet der, er Ingrid Sofie Midtbø-Bruner. Ho representerte Osterøy spel- og dansarlag i juniorklassen på både hardingfele og vanleg fele.
– Kvifor har du vald å delta på kappleiken her? Det er eit stykke heimanfrå?
– Eg fekk eit speleoppdrag her i går kveld. Eg skulle spela til dans, og då valde eg å vera med her også.
Midtbø-Bruner går for tida på vidaregåande, der ho studerer musikk.
– Eg vert alltid med på slikt når eg kan, legg ho til.
– Kvifor har du vald å driva med folkemusikk? Kvifor ikkje klassisk, til dømes?
– Det ligg i familien. Eg har tre eldre søsken som driv med det, så eg valde det eg og. Men eg spelar litt klassisk òg i blant.
Midtbø-Bruner ende med å vinna i både klassen for hardingfele og for vanleg fele. Laget frå Osterøy er elles kjent for å fostra fleire talent, som til dømes Vegard Kvestad. Tidlegare i år spelte han til førsteplass i durspel junior under Landskappleiken.
Under ser du henne spele i ein annan konkurranse: Vestlandskappleiken 2024:
Fleire ulike greiner
Under kappleiken er det heller ikkje berre felespelarar som deltek. Ei av dei smalare greinene ein kan delta med er kveding, ein særeigen norsk form for song utan instrument. Ein av deltakarane der var den røynde kvedaren Tone Haugen Romtveit.
– Det er lenge sidan eg har delteke no, kanskje så mykje som sju år, men eg opptrer i bryllaup og slikt. Eg er ikkje så mykje på kappleik, det er litt meir krevjande når det er dommarar til stades.
– Når du deltek på noko slikt, korleis går du fram for å velja låtar?
– Det har nok mykje med humøret å gjera, og kva eg øver på for tida. Eg tar gjerne med noko nytt, og noko gammalt eg er trygg på. So tar eg gjerne også med ein låt som er litt lystig og morosam. Det hjelper å senka skuldrene.
Haugen Romtveit fortel at ho har drive med mykje ulik song, men at det tok tid før ho fekk auga opp for kvedinga.
– Eg har slekt som driv med det. Mellom anna er mamma kvedar frå Vinje. Eg har sunge jazz, gospel og anna, men eg måtte koma i 20-åra før eg gjekk attende til røtene. Eg hadde tenkt at det der skulle eg i alle fall ikkje driva med.
– Kvifor valde du å plukka opp att kveding?
– Eg måtte verta vaksen for å setja pris på den tradisjonen. Det handlar om røter. Det er litt jordande på ein måte, det er bra for psyken. Dessutan tykkjer eg det er veldig kult å syngja solo, det er det ikkje alle som kan. Og så slepp eg å ha med eit instrument.
Søkjer det kjende
Akkurat kvifor dette miljøet er i slik vekst er det ingen som er heilt samde om. Noko som vert trekt fram av mange er den stadig aukande populariteten til Valkyrien Allstars, eit band som blandar folkemusikk med mellom anna jazz og rock, og som har halde på sidan tidleg 2000-talet.
Tuva Syvertsen, medlem av bandet, er også kjend for å arrangera klubb med folkemusikk i Oslo, kjend som Tuvas Blodklubb.
Furulid på si side, trur det har fleire årsaker enn som så.
– Eg tenkjer at for at folk skal verta med på slikt må det vera aktivitet og levande kappleikar. Det er det no. Dessutan er det kanskje meir synleg i dag, med nye utgjevingar og unge band.
Ein annan som har tenkt mykje på dette er Thomas Grindvold Hauge. Han har halde på med folkemusikk i ein mannsalder, og driv i dag mest med folkesong i Bærum spelemannslag. Han er også psykolog.
– Det er noko som skjer no. Det er ei ny bølgje. Me har fått fleire frå klassisk musikk hjå oss, som er litt leie det og vil ha noko meir frodig og fritt.
– Kvifor trur du miljøet er i slik vekst no?
– Eg er veldig oppteken av dette med fellesskap, eg tenkjer mykje på det. Me lever i ei uroleg tid no, og eg trur folk søkjer til det som er kjent.
Resultata frå kappleiken kan ein lesa på FolkOrg sin nettstad.