Nordens språkpris til «Skam»
TV-serien «Skam» får Nordens språkpris 2016 for mellom anna å engasjere eit ungt nordisk publikum og for å byggje opp positive haldningar til nabospråka i Norden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Skam» er eit godt døme på at dubbing av skandinaviske filmar og seriar ikkje er nødvendig, seier juryen i si grunngiving.
«Originalspråket er med andre ord en viktig del av seer-opplevelsen, en identitetsmarkør som er annerledes, men likevel så kjent og lik ens egen at den enkelt kan tas opp i eget repertoar», heiter det i grunngjevinga.
– Eg meiner også at det er veldig fortent, all den tid «Skam» har fått skandinavisk ungdom til å interessere seg for norsk og innsjå at vi høyrer til same språkfamilie. «Skam» byggjer språkbru til resten av Norden. Det er utruleg gøy, seier redaksjonssjef Håkon Moslet i NRK P3.
«Skam», som er ein nettbasert dramaserie i tre sesongar produsert av NRK P3, handlar om livet til fleire ungdommar på Hartvig Nissens skole i Oslo.
LES OGSÅ: «Skam» er eit globalt fenomen
I oktober meldte den islandske avisa Fréttatíminn om at islandske ungdommar lærte seg norsk på grunn av tv-serien. Sjå innslaget deira her:
skam – krakkar from Fréttatíminn on Vimeo.
LES OGSÅ: Slikking = skam?