Trailer til siste sesong av «Skam» er ute

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir siste sesong

I dag klokka 12.00 la NRK ut trailer til den etterlengta fjerde sesongen av «Skam».

Hovudpersonen for sesongen vert Sana, spelt av Iman Meskini.

Traileren avsluttar med teksten «siste sesong mandag 13.28». NRK P3 bekreftar at dette vert siste sesong av serien.

– Rett avgjerd
Serieskapar Julie Andem forklarar avgjerda slik på Instagram:

– Skam har vore ein 24 timars jobb. Det har heile tida vore gøy å lage, og eg trur det har sikra at serien har eit overskot og at det er som skjer i Skam-universet kjennest overraskande og morosamt. No har vi bestemt at det ikkje blir meir Skam til hausten. Og sjølv om eg veit at ein del kanskje blir opprørte og triste der ute, er eg heilt sikker på at det er ei rett avgjerd.

Andem la også ut teksten på engelsk – og rosar fanbasen til «Skam» som den coolaste i verda, som ho blir «rørt av kvar dag».

LES OGSÅ: Bli med på SKAM Safari i Oslo!

Symbolsk musikkval
Lydsporet som blir spelt baklengs i traileren er «Don't Let Me Be Misunderstood» av Yusuf, betre kjend som Cat Stevens – ein cover av Nina Simone sin original frå 1964.

Artisten Cat Stevens konverterte til islam i 1977, og tok då namnet Yusuf Islam. I 2006 kom han tilbake til musikken med albumet «An Other Cup», der låta «Don't Let Me Be Misunderstood» er med. 

Når ein reverserer klippet frå «Skam», får ein mellom anna høyre refrenget i låten: 

But I'm just a soul whose intentions are good:

Oh Lord! Please don't let me be misunderstood 

LES OGSÅ: Intervju med «Skam»-forskar Steffen Krüger!

Skal me tru Twitter, er ikkje fansen akkurat nøgde med at den komande sesongen blir den siste: