Isak kunne ikkje svare på Sana sine spørsmål om evolusjon og homofili. Men det kan forskarane.

I onsdagens biologitime frå SKAM ser vi følgande dialog mellom Isak og Sana:

– Kva er det du trur på, Isak?, spør Sana.

– Eg trur på, eh… rett og slett, eh.. naturvitskap, evolusjonsteori. Eg trur ikkje på ein dritt utanom det, svarar Isak.

– OK, så la oss sjå på evolusjonsteorien, seier Sana. – Korleis forklarer du homofili innanfor naturleg seleksjon?

– Hm, kjem det frå Isak.

– Evolusjonsmessig er jo homoseksualitet ein genetisk blindveg. Homofile driv jo ikkje verda vidare. Då burde dei i følge evolusjonsteorien ha vorte utrydda for mange millionar år sidan. Med mindre homofili ikkje er genetisk, men ein psykisk sjukdom eller ei val ein tek, konstaterer Sana. Ho fortsett med spørsmålet: – Kva tenker eigentleg du om det?

 SKAMSana

Isak svarar som venta, at han ikkje har brukt så mykje tid på «å tenke masse på homofili».

– Nei. Sidan du heller ikkje har svar på alt, kan vi berre vere einige om at det finnast ekstremt mykje mellom himmel og jord, som ingen av oss veit. Og istaden for å sitte og kritisere min religion, kan du ikkje berre respektere at vi har valgt ulike forståelsesgrunnlag?

– Okay, whatever, er svaret frå Isak. 

SKAMIsak

To opne spørsmål

Isak er ingen Richard Dawkins, og det er Sana som får siste ord i debatten. Lærebøkene som ligg rett framføre dei burde ha gitt tydelege svar. Istaden sit sjåarane sit att med to opne spørsmål:

1. Korleis kan ein forklare homoseksualitet og evolusjon?

2. Er det uproblematisk å sidestille trua på naturvitskap med trua på ein religion?

Framtida har kontakta ekspertar innan evolusjon, seksualitet og religion. Dei har svar.

LES OGSÅ: SKAM kan bli inspirasjon for usikker ungdom

Om homoseksualitet og evolusjon – sex er mykje meir enn forplanting
Likekjønna sex er dokumentert i dyreartar av alle moglege slag. Dag Øistein Endsjø ved Universitetet i Oslo trekk fram at hos menneske handlar sex om mykje meir enn forplanting.

– Til spørsmålet «Korleis forklare homoseksualitet» er det relevant å stille eit liknande spørsmål tilbake: «Korleis forklare heteroseksualitet». Dei fleste heterosekuselle par har sex langt fleire enn dei 3 gongane som trengs for å vidareføre genene sine til neste generasjon som ein kjernefamilie, seier Endsjø.

Han seier at for grupper av menneske har par av to menn eller to kvinner vore positivt.

– I storfamiliane har det vore nyttig med fleire til å ta seg av avkomma, og det kan vere ei av dei  evolusjonære forklaringane på menneske med likekjønnstiltrekking, seier Endsjø.

Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum i Oslo seier at svaret på spørsmåla burde ha stått i lærebøkene til Sana og Isak.  

– Men forsking tek tid, og det tek også tid før kunnskapen når fram til lærebøkene, seier han.  

Bøckman var fagansvarleg for utstillinga «Mot naturens orden» på Naturhistorisk museum i Oslo i 2006. Han fortel at forskingsfeltet innan seksualitet og evolusjon har utvikla seg mykje sidan det.

– No er det tydeleg etablert at sex vert brukt til svært mykje forskjellig i dyreriket, ikkje berre til forplantning, seier Bøckman.

Sex er risikosport fordi ein er ikkje kan beskytte seg mot farar medan ein har sex, og graviditet er både svært kostbart og farleg for helsa til hoene. For at dyr og menneske skal velge å ha sex, må løna vere stor.

– Sex er innmari digg, og derfor kan det også ha andre funksjonar enn forplanting, seier Bøckman.

Hos mange ulike dyr er sosiale band viktige for å etablere hierarki og samhald.

– Hos sjimpansar har hannar og hoer sex med andre dyr av same kjønn, med mål om å bekrefte posisjonar og skaffe alliansar. Dei har sosial sex på kryss og tvers, seier Bøckman.

LES OGSÅ: – Dette kan vi lære av William

Om vitskap og religion –  ei samanlikning som ikkje fungerer
Endsjø påpeiker at det er grunnleggande usakleg å likestille trua på naturvitskap med trua i ein religion.

– Det går jo ikkje i det heile tatt. I naturvitskapen forsøker ein å finne svar, mens i alle religion tek ein utgangspunkt i ein fasit. Dei er ikkje likestilte forklaringsmodellar. Sana verkar nokså einsidig i synet sitt. Tilnærminga hennar er samstundes svært amerikansk, seier Endsjø.

Håkon Tandberg ved UiB forskar på religion og vitskap, og meiner at dei ikkje kan direkte sidestillast. Samanlikningar kan derimot vere nyttige.  

– Om vi samanliknar vitskap og religion ser vi at begge søker etter å finne svar på dei store spørsmåla, seier han.

Tandberg fortel vidare at det er ein viktig skilnad at vitskap og religion nyttar vidt forskjellige metodar for å finne fram til svara sine – svar som ofte er uforeinelege.

– I vitskapen lagar ein kontinuerleg nye og raffinerte reiskapar for å for eksempel få auge på dei minste bestanddelane av universet, medan religionar (og religiøse) gjerne framhevar trua si som sitt viktigaste mikroskop, seier han.

Endsjø peikar på at det oppstår forvirring når ein snakkar om teoriar innan vitskapen.

– For nokre kan naturvitskapen oppfattast som valgfrie forklaringsmodellar som godt kan erstattast av religiøse forklaringar. Men det går jo ikkje, avsluttar han.

Les meir om SKAM her.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE