– Dette er ein del av den norske kulturen ein ikkje møter som utlending

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bli med på Skam-safari!

– Dette er leilegheita til Noora og den ikoniske blå døra, seier Mathilde Fongen (23), som har Noregs beste deltidsjobb: ho er guide på «SKAM safari».

Sidan 1999 har turistar valfarta til William Thacker si blå dør i Notting Hill, London. No har Noreg fått si eiga blå dør, med ei kjærleikshistorie som fengjer nesten like breitt som den til Julia Roberts og Hugh Grant i «Notting Hill».

Ein mann smilar blygt idet han kjem ut døra der venninnepara i tur og orden stiller opp for fotografering.

Står ein framfor Deichmannsgate 5 og ser til venstre, ser ein staden der William møter Noora for å fortelje at han reiser til London, før han ombestemmer seg og kjem tilbake. Deretter kjem den lykkelege avslutninga der dei to er i senga nesten ein heil episode.

– Me veit ikkje kor mykje av serien som faktisk er spelt inn her, men me veit at NRK har laga soveromma inni konteinarar på settet, forklarar Fongen. 

Amerikanske blodfans
– Eg er blodfan, ler Ellen Rees (49), og legg til:

– Det er gøy å sjå at norsk har blitt kult i Danmark og Sverige. Då eg var i København måtte eg berre kjøpe eit nett der det stod «fuckboy».

Den utflytta amerikanaren er professor i nordisk litteratur ved Senter for Ibsen-studier ved Universitetet i Oslo. Ho følgjer slavisk med på «Skam» og har sjølvsagt fått med seg diskusjonen i NRK sitt kommentarfelt om at kjærleiksforteljinga mellom Noora og William i sesong 2 er ein allusjon til Ibsens «Et dukkehjem».

– Tidlegare var det gjerne norsk svartmetall som gjorde at nokre vart interessert i norsk. Det er gøy å sjå korleis ting gjer at Noreg vert meir interessant i ein kort periode, seier Rees, som trur at ei «Skam»-bølgje er på veg.

LES OGSÅ: Isak og Even er årets tv-par i USA

Guide Mathilde Fongen svarar på spørsmål om alt frå religion til Lånekassen. Her står ho utanfor Sagene kirke saman med norsk-amerikanske Kari Lie Dorer.Guide Mathilde Fongen svarar på spørsmål om alt frå religion til Lånekassen. Her står ho utanfor Sagene kirke saman med norsk-amerikanske Kari Lie Dorer.

Halloween-Noora
– For mange av studentane mine er det overraskande å sjå kor mykje engelsk blir brukt, seier Kari Lee Dorer (41).

Den norskætta amerikanaren er til vanleg norsklærar på St. Olaf College i Minnesota. Ho fortel at både ho og fleire av studentane hennar er fans av serien.

– På Halloween hadde me ei som var Noora og ein som var Chris, forklarar Dorer.

No er læraren i ferd med å planleggje eit kurs med tema norske tv-seriar og får innspel av Rees, som tykkjer den multimediale historieforteljinga er seriens største styrke. 

Før jul kom nyheita om at Idol-produsent Simon Fuller har kjøpt rettane til å laga ein amerikansk versjon av serien. Det har ikkje dei to venninnene trua på.

– Det kjem til å bli så mykje meir konservativt at det floppar, spår Dorer.

LES OGSÅ: UiO-studentar skal læra om «Skam»

Ellen Rees og Kari Lie Dorer veit å posera som ungdommane i «Skam» utfor Hartvig Nissens skole.
Ellen Rees og Kari Lie Dorer veit å posera som ungdommane i «Skam» utfor Hartvig Nissens skole.

Elvelangs
– Dette er Akerselva, som deler byen i aust og vest. Det er mykje rivalisering, men personleg har eg aldri skjønt dette skiljet, forklarar Fongen.

Dagens guide har teke med seg gruppa på seks frå Jakobs kirke via Elvebakken vidaregåande skole, der både ho og den fiktive «Skam»-karakteren Even har vore elevar.

Me går langs Akerselva og stoppar ved Westerdals, der serieskapar Julie Andem har teke utdanninga si, samt Teaterhøgskulen, der to av skodespelarane – Ina Svenningsen og Carl Martin Eggesbø – kom inn i haust.

– Det seier litt om nivået på skodespelarane i serien, meiner Fongen.

23-åringen gler seg over at «Skam» har ført til at fleire har fått augo opp for heimbyen hennar.

– «Skam» viser fram den ungdomskulturen som me kjenner så godt og som me vil visa til andre, som ikkje kjennar han. Det er ein del av den norske kulturen ein ikkje møter som utlending, seier Fongen.

Ho likar å vise fram dei delane av Oslo som er litt meir personlege enn Slottet og Stortinget. 

«Skam»-guide Matilde Fongen utfor Westerdals der «Skam»-skapar Julie Andem har utdanninga si frå.
«Skam»-guide Matilde Fongen utfor Westerdals der «Skam»-skapar Julie Andem har utdanninga si frå.

«Skam»-gründer
Det var venninna til Fongen, Nina Glomså Søraa, som i januar starta opp med «Skam safari» to gonger i veka. 

Sidan den gong har turane hatt turistar frå heile verda. Dei fleste er frå Noreg, Danmark eller Sverige, men det har òg kome folk frå Ungarn, Sør-Korea og Kina.

– Det er gøy å sjå kor langt utfor Noregs grenser «Skam» har nådd, skriv Søraa på melding frå utlandet.

Ho forventar ei auke i talet på turistar i samband med lanseringa av sesong 4 og med sommarferien på trappene. Sommaren er ikkje full, men «Skam» safari har fått bookingar heilt ut i august.

Mathilde Fongen er ikkje overraska over interessa.

– Me har sett lenge at det har vore ei interesse for å sjå stadene som ein møter i tv-seriar og bøker. I Dublin kan du gå i fotspora til James Joyce og her heime har me Harry Hole-turar, seier ho.

LES OGSÅ: «Skam» er eit globalt fenomen

Spår fleire «Skam»-turistar
Også Pia Eriksen, PR-ansvarleg i VisitOslo, peikar på at TV og film kan vere viktige triggerar til kvifor ein vel å reise til ein destinasjon framfor ein annan.

–Det vil nok halde fram å kome besøkande som ønskjer å sjå det «ekte» Oslo som dei ser i «Skam», spår Eriksen.

I januar lanserte dei ein eigen «Skam»-guidemed kart over alt frå Hartvig Nissens skole og Bislett kebab, til kollektivet til Noora og leilegheita til William.

Kartet har vorte ein suksess med nesten 100.000 visningar så langt. Interessa ser ut til å vere størst i Noreg, Danmark og Sverige. I begge våre naboland har serien gjort stor suksess og knust sjåarrekordar både på SVT Play og DR TV. 

Guiden vert òg lesen i Polen, Russland, Italia, Storbritannia, Finland, USA og Frankrike. Det skapte sterke reaksjonar då NRK tidlegare i år blokkerte utanlandske sjåarar.

VisitOSLO fortel at dei jamleg vert kontakta av internasjonale medier som vil laga reportasjar og artiklar om «Skam»

– Spesielt vil dei visa fram det «ekte» Oslo som vert vist i serien, forklarar Eriksen.

Ho spår at «Skam»-turismen vil ta seg opp med den nye sesongen og sommaren på trappene. Ho trur òg det vil verte fleire som tilbyr produkt som «Skam»-safariar og liknande.

Den amerikanske UiO-professoren Ellen Rees (49), norskætta Kari Lie Dorer (41), finske Anna-Maija Ihander (37) og Tove Antonsen (38) frå Narvik, meiner «Skam» tek opp tema som er interessante også for vaksne.
Den amerikanske UiO-professoren Ellen Rees (49), norskætta Kari Lie Dorer (41), finske Anna-Maija Ihander (37) og Tove Antonsen (38) frå Narvik, meiner «Skam» tek opp tema som er interessante også for vaksne.

Myteknusaren Sana…
NRK har byrja å spela inn sesong 4, men serieskapar Julie Andem held korta tett til brystet. Både guiden og deltakarane ventar difor i spenning på kva tid sesongen startar, og ikkje minst: kven som vert  hovudpersonen.

Amerikanske Rees held ein knapp på den muslimske tenåringen Sana på grunn av dei politiske vindane som bles rundt om kring i verda.

– Med Sana kan dei ta opp diskriminering og ein del myter knytt til det å vere innvandrar og muslim, samt det tilsynelatande motsettande mellom å vere ei moderne kvinne og muslim, seier 49-åringen.

..eller kroppsfokuserte Vilde?
Norske Silje Jektvik håpar på si side at serieskaparane sparar Sana til russetida. Ho ser gjerne at serien, med Vilde i hovudrolla, set fokus på ein sunn og god seksualitet.

– Eg har ei kjensle av at det blir Vilde, fordi ho har vore mykje i media i det siste, spekulerer ho.

– Seksualundervisninga handlar veldig mykje om prevensjon, korleis ein unngår å bli gravid og få sjukdommar. Det er altfor lite snakk om at sex skal vere godt.

30-åringen har vore kjempefan av serien sidan starten og set særleg pris på korleis skaparane set lys på aktuelle problemstillingar som overgrep, legning og psykisk helse.

– Dei seier ting på eit språk som alle kan forstå. Situasjonen der Noora lurer på om ho har blitt valdteken viser kor lett det kan skje og kor lett det er å skulda på offeret, seier 30-åringen.

LES OGSÅ: «Skam» vert hylla for openheit

Guide Mathilde Fongen (23), Silje Jektvik (30) og Hege Langerusten (27)  er alle like hekta på «Skam».
Guide Mathilde Fongen (23), Silje Jektvik (30) og Hege Langerusten (27)  er alle like hekta på «Skam».

Skam – no og då
Me har kome fram til Hønse-Lovisas hus og ein statue av Oskar Braaten, som i 1911 skreiv om dåtidas skambelagte (hehe) tema i Ungen. Hovudattraksjonen er likevel brua ovanfor Månefisken der Noora og William kyssar for første gong, samstundes som Vilde ser det heile på avstand.

«Skam»-guidane formidlar både ny og gamal kunnskap om det norske samfunnet. Ifølgje Fongen kan dei få spørsmål om alt frå religion til russetid og busituasjon.

– Mange lurer på dette med kollektiv, om det er vanleg og korleis ungdommar har råd til det. Då forklarar me korleis Lånekassen fungerer, smilar ho.

Sjølv om nokre ting er særnorske fenomen, trur 23-åringen at ungdommar frå heile verda kan kjenne seg att i dei universelle historiene om kroppsbilete, kjærleik, sex og identitet. 

Den utflytta bergensaren Silje Jektvik (30) og Hege Langerusten (27) frå Heidal i Nord-Gudbrandsdalen er turistar i eigen by og kosar seg med fiskekaker som Noora.
Den utflytta bergensaren Silje Jektvik (30) og Hege Langerusten (27) frå Heidal i Nord-Gudbrandsdalen er turistar i eigen by og kosar seg med fiskekaker som Noora.

Oppmodar turistar til å ta omsyn
Me får eit glimt inn i resturant Schrøder, som er stamstaden til den internasjonalt kjente krimhelten Harry Hole. Men på denne turen er det andre kulinariske høgdepunkt som står i sentrum. På Mathallen kan deltakarane kjøpe fiskekaker, som Noora.  

Sagene kyrkje er diverre stengt denne laurdagen, men sjølv om Nils Bech sin vaksne sølvguttversjon av «O helga natt» gav mang ein sjåar frysningar i sesong 3, er det ikkje dette som er hovudattraksjonen. Ingen «Skam safari» utan eit besøk på sjølvaste Hartvig Nissens, der både karakterane og fleire av skodespelarane er, eller har vore, elevar.

I sin «Skam»-guide kjem VisitOslo med ei oppmoding til turistane om å ikkje ta seg inn på skulen eller private adresser. Dette er noko også «Skam»-guidane er opptekne av.

– Det har vore episodar der folk har gått inn i klasseromma på Hartvig Nissens. Dei trudde det var eit filmsett og at dei skulle få møte skodespelarane. Me vil guida turistar til stadene frå serien og samtidig informera om at det faktisk er ein skule og ei kyrkje, forklarar Fongen.

«Skam»-turistane avsluttar turen på Harvig Nissens skole
«Skam»-turistane avsluttar turen på Harvig Nissens skole, sjølvsagt.