«Skam»-forskar rosar fansen for positivt diskusjonsklima på nett.

mm

– Målgruppa vert svært tett knytta til karakterane, seier Steffen Krüger, medieforskar ved Universitetet i Oslo.

Han karakteriserer «Skam» som ein klassisk high-school serie om utanforskap, som det var vanskeleg å forutseie suksessen til.

Serien er utan tvil ein knallsuksess. Sesong 3 av «Skam» vert (truleg) avslutta denne veka. Sesong 4 kjem til våren. Heile Skandinavia er hekta, og allereie neste år kan amerikanarane få sin eigen versjon. Hundretusenar av nordmenn har fulgt Eva og Jonas, Noora og William, og sist men ikkje minst; Isak og Even.

Serien tek opp viktige tema knytt til identitet, og har allereie vore innom kroppspress, seksuelle overgrep, legning og psykisk helse.

Men kva er det som gjer serien til ein slik suksess

– Ein svært viktig suksessfaktor er at målgruppa ser sin eigen kvardag i serien, også gjennom måten historia er fortalt på, seier Krüger.

LES OGSÅ: Isak får fleire til å ringe Ungdomstelefonen


Isak (Tarjei Sandvik Moe) får unge til å ta kontakt med Ungdomstelefonen. Skjermdump frå NRK.

Transmedia
Krüger er forskar ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Han forskar på digital kultur og korleis nye medier endrar måten vi kommuniserer på. Forskinga på «Skam» utfører han saman med medierforskar Gry Rustad.

Eitt av framandorda dei nyttar for å beskrive «Skam», er transmedia.

– Transmedia betyr at ei historie blir fortalt mellom fleire medier. «Skam» blir til dømes fortalt både gjennom lyd og bilete, slik som videoklippa, gjennom sosiale medier, som bileta på Instagram, og gjennom skjermbilete av skriftlege dialogar mellom karakterane, forklarar Krüger.

Han trekk fram at dei ulike bitane av forteljinga gjer at «Skam»-universet vert eit lite økosystem i seg sjølv. Sjåarane får vere ein del av dette universet.

– Skaparane har klart å integrere kvardagane til Eva, Noora og Isak med målgruppa sin eigen kvardag, seier han.

Mobilen i handa
– Målgruppa ser seg sjølv med og gjennom mobilane sine. Lyden av tekstmeldingar som går fram og tilbake er eit viktig lydspor for 2016.

Historia vert fortalt i sanntid på plattformar der målgruppa er, og i mange av klippa ser vi også karakterane med mobilen i handa. Klippa vert også lagt ut på tidspunkt der målgruppa gjerne nyttar mobilane sine, slik som i eit friminutt, på veg heim frå skulen, på fest eller på senga om kvelden.

– Det er ikkje alltid at det skjer så mykje i kvar episode ut over at ein person nyttar mobilen, men det er likevel viktig for identifikasjon med karakterane, seier Krüger.

LES OGSÅ: Heile verda vil ha meir av Isak og Even

Vanedannande oppdateringar
– Det er klart at for mange så forsvinn ein viktig del av livet når det er pause mellom sesongane. Når sesong 3 tek slutt vil sikkert nokre gå inn i ein sorgprosess, trur forskaren.

Han forklarar at sanntidsoppdateringane og nærleiken til karakterane kan vere vanedannande, og at rutinar og mønster i kvardagen er bra.

– Kan ein sjå serien utan å følgje med på skam.p3.no?

– Ja, forsåvidt, fordi videoklippa er det viktigaste for handlinga. Men utan å følgje karakterane på Instagram og lese tekstmeldingane dei sender mellom seg, går du glipp av heilheiten. Det er nettopp heilheiten som er viktig, og som gjer at «Skam» er ein nyskapande TV-serie.

LES OGSÅ: Dette kan vi lære av William


I sesong to var det forholdet mellom hovudpersonen Noora (Josefine Pettersen) og William (Thomas Hayes) som engasjerte. Skjermdump frå NRK.

Ikkje heilt nytt
Å nytte transmedial historieforteljing, med delar av innhaldet fortalt gjennom ulike kanalar, er ikkje nytt, hverken for NRK eller for internasjonal film og TV.

NRK-serien «Jenter», som er inne i sin åttande sesong, er retta mot ei yngre målgruppe enn «Skam», men nyttar den same transmediale forteljarteknikken.

I promotering av filmane Hunger Games og The Dark Knight henta reklameselskapa også inspirasjon frå transmedial historieforteljing, der fiktive websider, karakterar og eit lite økosystem vart laga for å promotere filmane.

#emneknaggar
Ei av dei store endringane dei siste tiåra er korleis sjåarane deltek og interagerer med TV-seriane. Før var TV-sjåarar rekna som passive mottakarar, som berre ein sjeldan gong fekk bidra med å ringe inn eit nummer på skjermen for å avgi ei stemme.

– Moderne TV-seriar vil ha aktive sjåarar, seier forskaren.

Han peikar på ulike måtar å legge til rette for slik aktivitet, der stadig fleire seriar oppmodar sjåarane til å nytte bestemte emneknaggar (#) når dei diskuterer det dei ser på skjermen.

– Slik eventifiseringer utruleg slitsamt, og kan også føre til at sjåarane ser på TV-serien som eit produkt dei vert pressa til å reklamere for, seier Krüger.

LES OGSÅ: «Skam» slår Donald Trump i Danmark 

Blandar fakta og fiksjon
«Skam» har også engasjerte sjåarar, men NRK-redaksjonen har ikkje aktivt promotert serien på same måte som andre seriar vert marknadsført. Det trur Krüger er ein viktig skilnad.

– På grunn av den transmediale forteljinga vert sjåarane ein del av verdenen til karakterane, og dei får lyst til å delta i diskusjonar med karakterane og med kvarandre, seier han.

Han forklarar at målgruppa vert ein del av vennekretsane til Eva, Noora og Isak. Dei blar nedover i Instagram-feeden sin, og rett etter posten frå ein amerikansk kjendis, og før sjølvien av ei venninne, kjem eit bilete som ein av «Skam»-karakterane har lagt ut.

«Skam» blandar realitet og fiksjon, men i motsetning til falske nyheiter på Facebook, trur ikkje Krüger at «Skam»-publikum er dårlege til å skilje den verkelege verda frå den fiktive historia om elevane på Hartvig Nissens skole.

LES OGSÅ: Slikking = skam?


Vilde (Ulrikke Falch) har framleis ikkje fått sin eigen sesong, men er ein av favorittane blant fansen. Skjermdump frå NRK

Gode diskusjonar
Saman med Rustad prøver han å kartlegge korleis publikum deltek i og utvidar diskusjonane kring tema som serien tek opp. Krüger trekk fram kommentarfeltet under kvar av postane på nettstaden skam.p3.no, og er overraska over kor positivt diskusjonsklima det er der.

– Ungdom vert tekne på alvor, dei vert sett og høyrt medan dei diskuterer store og utfordrande tema.

Krüger meiner at «Skam» er ein viktig ressurs for dei aktive brukarane av kommentarfelta.

– Vi ser at når ein person legg fram noko sårbart og personleg i diskusjonstråden, til dømes usikerheit rundt graviditet, responderer dei andre brukarane på ein pragmatisk og støttande måte. Dei kjem med velmeinande råd i eit positivt diskusjonsklima, seier han.

LES OGSÅ:  Korleis forklare homofili med evolusjonsteorien


I biologitimen diskuterer Isak (Tarjei Sandvik Moe) og Sana (Iman Meskini) religion og evolusjon. Skjermdump frå NRK.

Folkeopplysning
Dei unge sjåarane nyttar kommentarfelta til å stille spørsmål knytt til skam, inspirert av eit klipp frå serien «Skam». Til dømes kan dette vere alder når ein først har sex, kva som er normalt og kva ein skal gjere dersom ein er usikker.

– Publikum får behov for å interagere, snakke og diskutere med kvarandre, og då finn målgruppa fram til sanningar seg imellom, uttalar Mari Magnus, netthistorieprodusent for «Skam», i eit intervju med kulturmagasinet Kobra på SVT.

– Mange får justert tankane sine gjennom kommentarfelta, eller dei opplever normalisering, og serien fungerer som moderne folkeopplysning. Serien legg til rette for at sjåarane kan opplyse seg sjølv og andre ved å snakke om vanskelege tema, forklarar Krüger.

Les meir om «Skam» her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

Kommentarar

ANNONSE