Dei seier at det er viktig å snakke om ting. Men av og til kan det verkelig vere greitt å ikkje snakke også. Det er fullt mulig å snakke for mykje om ting. Altfor mykje.

mm

Eg liker Skam, for eksempel. TV-serien, altså. Ikkje konseptet. Og eg har registrert at det finst andre i førtiåra som også liker denne serien. Og det er fint. Men det er ikkje nødvendig å snakke om det. Heile tida. Det går an å sjå denne tv-serien og ikkje for eksempel skrive kronikkar om forholdet mellom William og Noora. Det går an å berre sjå på denne serien og ikkje for eksempel drøfte kroppspress, psykopati, angsten til ungdommen, prestasjonspress, feminisme eller kva sosiale medier eigentlig gjer med oss. Det går an å sjå denne serien utan å skrive artige artiklar om hooking for å forklare andre fenomen i samfunnet. Det går i det heile tatt an å la vere å snakke om at ordet hooking blir brukt av dagens unge. Det går an. For det er fullt mulig å snakke for mykje om ting. Og eg kjenner at når meir enn tolv førtiåringar med høgare utdanning har lagt litt for mykje i Skam i kronikkar og debattinnlegg, når meir enn atten femtiåringar har prøvd og ikkje fått til å seie noko morsomt om rulling eller hooking, og når sånne som meg skriv altfor mykje om at alle andre skriv og snakkar altfor mykje om Skam, då kjenner eg at eg rett og slett ikkje får lyst til å sjå på Skam meir.

Og då er det sikkert nokon som vil drøfte om omtalen av ein serien eigentlig er ein gyldig grunn til å la vere å sjå på ein tv-serie, om det ikkje er tv-serien i seg sjølv som skal vurderast. Til alle dykk som har lyst til å drøfte det, har eg berre ein ting å seie:

Hald kjeft.

Eg er også interessert i samfunnsspørsmål. Eg har lyst til å forstå og sette meg inn i for eksempel integrering, fleirkultur, sameksistens, rasisme, utanforskap. Eg er interessert i slikt. Men når nokon for eksempel skriv noko eller seier noko eller teiknar noko som nokon andre ikkje liker, då går det an å registrere det og gå vidare. Du må ikkje drøfte rasismen i kunsthistorisk perspektiv. Du må ikkje skulde andre folk for å vere rasistar eller for å skulde alle andre for å vere rasistar. For det er fullt mulig å snakke for mykje om ting. Og eg kjenner at når brunskvetting, rasisme eller rasismekortet blir diskutert av meir en tre alvorlige menn som alle har ei stilling som begynner med debatt- i ei avis som heller få les, og når meir enn fem alvorlige menn skuldar meir enn fem andre alvorlige menn som stort sett berre finst på facebook for å kneble kvarandre, når meir enn ein person seier at vi ikkje vågar å snakke om desse tinga, og det utan unntak fører til at absolutt alle snakkar om desse tinga, gjerne i ei veke, då kjenner eg at eg får lyst til å gi blaffen.

La det vere. Dette gidd eg ikkje. Dette har de snakka sønder og saman.

For å bruke meg sjølv som eit eksempel, til ei forandring. Fordi eg tilfeldigvis skriv nynorsk og fleirtalet skriv bokmål, blir eg ofte spurt om eg vil komme og snakke om nynorsk i ein eller annan samanheng. Eg er ein høflig mann og svarer ofte høflig. Men eg har lyst til å svare: Kanskje vi ikkje skal snakke så mykje om det. Kanskje vi heller berre skal gjere det.

Sånn.

No skal eg prøve å finne ein tv-serie ingen ser på. Så skal eg interessere meg for eit samfunnsområde ingen andre bryr seg om.

Ah. Fred.


Først publisert i Aftenposten 29. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

OG LES ALT OM SKAM HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE