UiO-studentar får «Skam» som ein del av faget digital historiefortelling.

Til hausten skal UiO-studentane ta føre seg NRK-serien «Skam» for å lære om webseriar, tenårings-TV og populærkultur, melder Uniforum.

Emneleiar Gry Cecilie Rustad kan ikkje garantere at alle «Skam»-fansa får plass på dei opne forelesingane. Ho synest det er eit privilegium å få lage eit eige fag om temaet ho forskar på.  

– No har det jo tatt heilt av, så alle vil gjere noko på «Skam». Det er veldig rart, for eg begynte å forske på «Skam» før det vart populært, sier Rustad.

Rustad samarbeider mellom anna med Steffen Krüger. Då Framtida intervjua Krüger i haust, uttala han at ««Skam» er moderne folkeopplysning».

 

Les meir om Noora og William, eller Isak og Even HER

Fekk du med deg at Isak og Even vart kåra til årets TV-par i USA?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE