TV-serien «Skam» og flyktningkrisa var blant temaa under norskeksamen for avgangselevane i vidaregåande skule onsdag.

NPK-NTB
NPK-NTB

Omtrent 50.000 elevar og privatistar tok eksamen i norsk hovudmål onsdag, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

Blant oppgåvene elevane kunne velje mellom var blant anna ei samanlikning av ein tekst om Nora frå «Eit dukkehjem» av Henrik Ibsen og eit utdrag frå den nettbaserte TV-serien «Skam» der Noora prøver å overtale kjærasten William til å ikkje reise frå henne.

Oppgåva gjekk ut på å samanlikne dei to tekstane og plassere dei i kulturhistorisk samanheng.

I ein av dei andre langsvarsoppgåvene skulle elevane samanlikne diktet «Tung tids tale» av Halldis Moren Vesaas frå andre verdskrigen med diktet «Vuggevise» som Henrik Nordbrandt skreiv som ein kommentar til dagens flyktningkrise.

Elevane kunne dessutan velje ei oppgåve om betydninga språket har for identiteten til menneska, knytt til ein tekst om at nyttårstalen til sametingspresident Vibeke Larsen ikkje blei halden på samisk. Den siste oppgåva handla om å analysere ein tale om Ivar Aasen.

Til hausten kan du studere to ulike fag om den populære TV-serien: Digital historieforteljing og Religion i «Skam»

LES OGSÅ: Thea Idsøe frå Stord skreiv Aasen-talen som vart eksamensoppgåve

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.31

LES OGSÅ

ANNONSE