«Skam» endrar svensk språk
Ikkje berre har TV-serien «Skam» ført til meir turisme frå søta bror, den fører også til at det blir meir norsk i det svenske språket.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Av dei som oppgir at dei har sett «Skam», fortel ein av tre at dei har latt seg påverke av serien og heile ein av fem seier dei har begynt å bruke fleire norske ord enn tidlegare.
Undersøkinga har også avdekt at dei svenske sjåarane har endre oppfatningar på andre område. 14 prosent oppgir at dei har meir forståing for følelsar, 11 prosent svarar at dei har tenkt på alkohol og kva det inneber, mens 10 prosent av sjåarane har prøvd å vere meir opne for andre religionar.
QUIZ: Test SKAM-kunnskapane dine her!
Det er sesong to som er mest populær og det er rollefiguren Noora som tronar øvst på lista over kven som er best likt blant dei spurde i undersøkinga.
(©NPK)