«Skam» får fleire unge til å ta kontakt med Ungdomstelefonen
30 prosent fleire har tatt kontakt for å snakke om legning og seksualitet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire ringer Ungdomstelefonen pga. Skam
– NRK-seriane «Skam» og «Ut av skapet» har løfta fram eit viktig tema, og det merkar vi, fortel Camilla Olufsen, leiar i Ungdomstelefonen.
Stor auke
– I august, september og oktober i år hadde vi 30 prosent fleire som kontakta oss, samanlikna med fjoråret. Vi trur at NRK-seriane er noko av grunnen til det, seier Olufsen.
Ungdomstelefonen vert drifta av Skeiv Ungdom, der frivillige svarar på telefon, epost og chat. Dei tre siste månedane har 250 unge tatt kontakt.
– Vi svarer på spørsmål som handlar om å finne seg sjølv og bli trygg på eigen legning. Ungdommane spør også om forelsking, sex, mobbing, psykisk helse, og kva dei skal gjere og forvente i prosessen med å kome ut av skapet, fortel leiaren.
Olufsen trur «Skam» gjer det lettare for unge å snakke om seksualitet og forelsking.
– Noko av det viktigaste serien gjer er at den legg til rette for at alle kan snakke om seksualitet, særleg på tvers av generasjonar. Serien gir ungdom eit verktøy for å prate om seksualitet, og gjer at dei kan snakke med både venner og foreldre om viktige tema, seier ho.
Leiar i Ungdomstelefonen, Camilla Olufsen. Foto: Privat
Mangfald
– Isak, Even og Eskild er tre ulike personlegheiter, og viser at ikkje-heterofile gutar ikkje er like kvarandre. Samstundes er det jo eit tankekors at ein serie som ellers er så god på mangfald viser tre kvite menn i desse rollene.
Ho meiner det fortsatt er ein lang veg å gå for synleggjering av alle som tilhøyrer to minoritetar.
– Ein del av dei som ringer til Ungdomstelefonen slit med at dei ikkje får lov til å tilhøyre begge minoritetane. Til dømes gjeld dette for skeive samar, som ofte blir fortalt at dei må vere anten same eller skeiv. Og det går jo ikkje, seier Olufsen.
– Ventar på at det skal snu
I kveld sender NRK den femte av ti episodar av sesong 3. Olusfen er førebudd på at serien er eit TV-drama, og at det truleg er turbulente veker i vente.
– Det er nok for enkelt med happy ending allereie i episode 4. Eg går og ventar på at det skal snu. Serien har også gitt nokre hint om ulike ting som både Isak og Even må handtere framover. Dette gjeld til dømes løgnene til Isak, dei religiøse tekstmeldingane frå mor hans, og psyken til Even. Vi veit jo eigentleg ikkje kven Even er.
Utfordringane Isak møter er relevante for mange.
– Psykiske helse, religion, sjølvbilete og identitet er tema som mange har behov for å snakke om, seier Olufsen.
– «Skam» er kjempeviktig. Seks minutt med to gutar som ligg i ei seng og berre snakkar, kyssar og er forelska, er svært viktig for mange ungdommar, avsluttar ho.
«Skam» har også tatt opp andre tema som gjeld seksualitet. Få med deg denne: Slikking = skam?