SKAM-skaparane: – Ville jobbe mot press

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avslørar korleis dei jobba med SKAM

Regissør og manusforfattar av suksesserien SKAM, Julie Andem, deltok på Nordiske Mediedager før helga. I arbeidet med serien har ho jobba tett med Mari Magnus. Magnus og Andem fortalde om korleis dei har jobba fram karakterane og historien.

Mari Magnus byrja eit halvt år før Julie Andem med research.

– Me brukte ein metode som heiter NABC (Needs Approach Benefit Competition), som er brukt mykje i NRK Super for å utvikla nye konsept, fortel ho. Metoden er eigentleg er mest brukt i utvikling i IT-verda, der ein intervjuar ein person i djupna og finn ut kva behov denne personen har.

Julie Andem påpeikar at dei ikkje har brukt metoden reint, sidan dei har intervjua mange 16-åringar i djupna.

Mari sat i timesvis med kvar enkelt og spurte om alt mogleg, til dømes kva dei gjorde frå dei står opp til dei går og legg seg.

Rulleplass
Journalist Marte Spurkland intervjua SKAM-skaparane på Mediedagene. På spørsmål om dei blei overraska av det dei fann, svara Andem:

– Det var masse. Det var òg masse eg hadde gløymt frå eiga ungdomstid. Eg skjønte ikkje kva dei snakka om i starten, med «rulling» og «rulleplass». Då eg gjekk i førsteklasse på vidaregåande var det viktigaste å få seg kjæraste, og han skulle gjerne vera ein tredjeklassing. Men det viktigaste no er å få rulleplass og rulla med ein russebuss. Då eg spurte kva vitsen var, var det å ta bilde av det og legga det ut på Instagram, sånn at alle ser at du har gjort det og skjønar at du er kul.

Gjer fallhøgda mindre
SKAM-skaparane fann at 16 år gamle jenter har mange forskjellige behov.

– Men det som var gjennomgåande er at det er eit veldig høgt prestasjonspress i den generasjonen. Så me snakka om me kunne laga ein serie som fjerna noko av det presset. Viss me skulle gjera det, kva skulle gjera det? Då kom humor og ironi veldig tidleg inn. Viss du kan le av deg sjølv, så er ikkje fallhøgda så stor. Det fjernar noko av presset. Problemet er eigentleg ikkje presset, det er at ein føler seg veldig mislukka når ein ikkje lever opp til dei ideala som ein set seg.

SKAM-skaparane ville difor vera med på å styrkja sjølvkjensla til 16-åringane.

På alle skular
På Gullruten fredag kveld synte dei fem SKAM-venninnene Noora, Vilde, Eva, Chris og Sana fram seg offentleg for første gong.

Mari Magnus fortel at dei gjekk breitt ut for å finna dei unge skodespelarane.

– Eg meiner me var på alle vidaregåande skular i Oslo og Akershus. Ei tid var det fem stykker som reiste rundt. Me prøvde òg Insta og andre kanalar.

LES OGSÅ: SKAM på bygda?

SKAM vs. MODIG
Nesten 1200 dukka opp på audition. Der dukka òg namnet på serien opp.

– Me får masse spørsmål om den tittelen. Det er ei kjedeleg historie. Me ante ikkje kva serien skulle heite. Me gjekk mange rundar og alt var galt.

På venterommet var det hengt opp mange ark der folk kunne koma på forslag til tittel.

Serieskaparane lot deltakarane i siste runde av auditionen få stemma over ti forslag som var igjen. Då var det SKAM som gjekk sigrande ut.

– Serien kunne heitt Modig òg. Men no heitar han SKAM, smiler Julie Andem.

LES OGSÅ: Slikking = skam

Første hausten på ny skule
Sesong 1 av SKAM handla om den første hausten på vidaregåande. Mange av jentene som dei hadde intervjua, fortalde om dette som ein stor overgang frå ein trygg vennegjeng der ein hadde funne sin plass etter tre år på ungdomsskulen.

– Du tenkjer sjølv at du skal ha det sånn for resten av livet, og så startar du på ein ny skule og må starta heilt på nytt med den prosessen. Det eg ville fortelja med første sesong var korleis ein finn sin plass i eit nytt samfunn og korleis navigerer ein i alt bullshiten som finst. Så det er det Eva driv med.

For mange så var førstesesongen med historia om Eva og Jonas ei oppvarming til historia om Noora og William.

– Det kan jo skje store greier etter Noora og William òg, påpeika Julie Andem.

Nyanserte Noora
Det fekk mange reaksjonar då Noora gjekk frå total avvising av William til forelsking. Leiar i Oslo KrFU, Kristofer Olai Ravn Stavseng (24), skreiv på Framtida.no at han håpte Noora vaknar opp å gir eit tydeleg signal til norske jenter.

Julie Andem svarar slik på kritikken:

– Viss ikkje Noora hadde hatt nokre svakheiter, så kunne ikkje ho hatt nokon sesong. Då hadde det ikkje vore nokon motstand i forteljinga og ingenting å fortelja om. Me kunne ha laga hundre episodar der ho skjelte ut ein tredjeklassing, men det hadde jo ikkje blitt så spennande til slutt.

– Og så tenkjer eg på at det behovet me fann at me skulle dekkja i denne målgruppa, som jo handlar om å ikkje skapa ideal som er uoppnåelege. Me har nok av dei. Så må me visa nyanserte karakterar og visa at dei òg kan vera svake. Eg trur at viss målgruppa ser det, så kan dei kanskje få tru på at også dei kan vera sterke viss dei ser at dei sterke karakterane ikkje alltid gjer det sei seier, og tenkjer at dei burde klara.

LES KOMMENTAREN: «Håpar Noora vaknar opp og gir eit tydeleg signal til norske jenter»