SKAM: – Dette kan vi lære av William

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK-serien SKAM vann tre prisar på Gullruten førre veke. Serien har vore ein av dei store snakkisane denne våren. Særleg forholdet mellom hovudpersonen Noora og William har skapt diskusjon.

Det fekk mange reaksjonar då Noora gjekk frå total avvising av William til forelsking. Leiar i Oslo KrFU, Kristofer Olai Ravn Stavseng (24), skreiv på Framtida.no at han håpar Noora vaknar opp å gir eit tydeleg signal til norske jenter.

LES OGSÅ: SKAM på bygda?

– Konfliktskye drittsekkar
Regissør og manusforfattar Julie Andem er glad for at folk diskuterer SKAM. Ho blei intervjua om serien på Nordiske Mediedager.

Andem meiner folk kan ha noko å lære av William:

– Hovudproblemet i målgruppa når det gjeld dei som er drittsekkar, så er det ikkje nødvendigvis at dei er slik som William. Det er heller at dei er veldig konfliktskye og ikkje svarer på meldingar og trekkjer seg unna, slik at mange blir forvirra og ikkje skjønar kommunikasjonen. Der har jo William noko dei kan lære. Han er jo veldig konfronterande og ikkje konfliktsky. Han tar rundane.

– William har både gode og dårlege sider, understrekar ho.

LES KOMMENTAREN: «Håpar Noora vaknar opp og gir eit tydeleg signal til norske jenter»

Glad for diskusjon
Sympatien for William har variert veldig gjennom SKAM. No er det nok eit fleirtal som likar han, trur Mari Magnus. Ho har jobba tett med Andem om serien

– Vi snakka om at vi burde lage ein graf.

Ho sjølv byrja å bli forelska i William etter «Help the Penetrators»-aksjonen, der han går med på å gi 20 prosent av inntektene til Syria-flyktningar.

Mari Magnus fortel at det var først i jula dei skjønte kor stor serien var blitt.

– Tredje juledag gjekk første sesong på tv i fire samanhengane timar. Då byrja journalistane å ringe Julie.

På fredag avslørte Julie Andem at ho skal byrja å skriva på sesong tre før sommaren.

LES OGSÅ: Slikking = skam