Dette var dei mest lesne sakene på Framtida.no i 2021

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 15.08.2023 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. Ei veke utan bh: – Det er utruleg deilig å ikkje ha gnagsår

«Du lurer kanskje på kvifor bh-en irriterer meg? No skal du høyre!» Slik startar innlegget til Emilie Hansen som skapte julirekord for Framtida.no.

Foto: Dainis Graveris/Sexual Alpha/Unsplash.

2. Aust mot vest i kampen om å bli Årets nynorskkommune

Også i 2021 har dei nominerte til Årets nynorskkommune vore ei populær sak, og den uhøgtidelege avstemminga fekk tusenvis av stemmer. Årets vinnar kan skryta av at over 70 prosent av ungdommane held på nynorsk.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) deler ut prisen for Årets nynorskkommune 22. november. Foto: NTB Kommunikasjon / SMK

3. Loke (19) trur norsk døyr ut – og at det ikkje er vits å kjempe mot det

Loke Kjersem Krag har engelsk som hjartespråk, og meiner språket har kome til Noreg for å bli. Denne saka blei den mest lesne i desember.

Foto: Matt Botsford/Unsplash, Privat. Kollasj: Framtida.no

4. Her er rollelista til nye «Tre nøtter til Askepott»

Thorbjørn Harr, Kristofer Hivju og Jonis Josef er ein del av det stjernespekka ensemblet i den nye Tre nøtter til Askepott-filmen. Saka blei den mest lesne i mars.

Kusken (Bjørn Sundquist), stemora (Ellen Dorrit Petersen), stesystera (Ingrid Giæver), Askepott (Astrid Smeplass og Baron Von Snauser (Nader Khademi). Foto: David Vu/Storm Films AS

5. Amir (31) har vorte spytta på, sett att på busshaldeplassen og fått hat – berre fordi han er funkis

Då dei andre elevane lærte om sex, måtte Amir Hashani gå rundt skulen fem gongar. Då visste han ikkje at det var diskriminering, no tek han kampen mot kvardagsdiskrimineringa gong på gong.

Amir Hashani synest det er skummelt at personar med funksjonsnedsetjing møter så mykje diskriminering og hat i 2021. Foto: Bente Kjøllesdal

6. «Eg får aldri vere noko meir enn trans. Det er det folk ser»

Når det stormar som verst angrar Karoline Skarstein (28) på at ho kom ut som trans, skriv ho i dette ærlege innlegget som fekk mange lesarar.

Karoline Skarstein (28). Foto: Renate Wiik

7. Utdanningsdirektoratet tilrår å avlysa eksamen i vår

Breaking news frå Framtida.no i januar som blei sitert i dei fleste store avisene i Noreg. Koronasituasjonen gjorde at Utdanningsdirektoratet meiner det ikkje var tilrådeleg å gjennomføra skiftleg eksamen for vidaregåande og 10. trinn på våren.

Nasjonale prøvar fremmer kroppspress

Eksamen i sidemål ved Bryne vidaregåande skule for nokre år sidan. Illustrasjonsfoto: Leif Harboe / Flickr / CC BY-NC-ND

8. Ingeborg (24) flyttar inn i bilen: – Kjedeleg å gjere som alle andre

Då Ingeborg Aadland (24) var ferdig med å studere hadde ho ikkje lyst til å ta ein fast jobb. I staden valde ho å teste ut ei alternativ buform.

Ingeborg Aadland (24) er grafisk designar, og skal no jobbe frå og bu i ein van. Foto: Privat

9. «NYNORSKTALENT»: Arianrhod Engebø (26) har eige musikkprogram på P3

Arianrhod «Arian» Engebø er radioprogramleiar på NRK P3. Å skrive noko anna enn nynorsk er uaktuelt, og i radioen kling førdedialekta, men 26-åringen er òg ein av få som snakkar walisisk.

Arianrhod Engebø er programleiar i NRK P3. Noko av det ho likar best med radio, er at det er så kort veg frå idé til gjennomføring, og at det er rom for å leike seg. Det ho synest er mest utfordrande er å ikkje bli sett i vanar. Foto: Jonathan Vivaas Kise.

10. Då eg var 20: Carina Dahl flytta inn i Big Brother-huset i fire månadar

Nesten halve Noreg såg Carina Dahl delta i Stjernekamp på NRK i haust. Kvar kveld ho song i tvruta, så var det nok mange som googla songaren og den tidlegare reality-stjerna – og fleire av dei fekk lesa intervjuet vårt med ho om året ho blei 20 år.

Som 20-åring melde Carina Dahl seg på Big Brother. No er ho aktuell i Stjernekamp. Foto: Privat, Julia Marie Naglestad/Monster/NRK

11. Yrket mitt: Norges tøffeste-Isak (26) er fiskar på sjark

Isak Dreyer er inne i sin tredje sesong som fiskar. Livet på havet er tydelegvis like god trening som ein får på treningsstudio, for Dreyer kunne nyleg hente heim tittelen Norges tøffeste. Foto: Michael Schult Ulriksen/NRK

12. «NYNORSKTALENT»: Synne Vo skriv songar på dialekt, og nektar å knota

Artist og låtskrivar, Synne Vo. Foto: Thor Håkon Ulstad/WMG Norway

13. Då eg var 20: Thomas Felberg brende bilete av Sissel Kyrkjebø på TV

Som 16-åring opptredde Thomas Felberg og bandet Mayqueen på Røadagen. Foto: Privat, Espen Solli / TV 2

14. Elise (19) vil verta bonde: – Politikarane har misforstått oss

For Elise Adolfsen (19) er det viktig å stemma på eit parti som fordrar ein opptrappingsplan for landbrukspolitikken. Foto: Privat

15. Noregs siste reaktorsjef: – Meiningslaust å snakka om kjernekraft i Noreg

kjernekraft

Dei norske kjernekraftanlegga i Halden og Kjeller (bildet) vart bestemt nedlagt i 2018 av økonomiske grunnar. Fire norske forskingsreaktorar har vore i drift. Foto: Espen Solli, IFE

16. Amalie (22) på Svalbard: – Byråkratane i Oslo-gryta skjønar ikkje heilt kva som går føre seg her oppe

17. Yrket mitt: Benjamin (30) er psykolog

Benjamin Silseth arbeider som psykolog. Foto: Fenomen

18. Den norske grisen Gunda kan bli Oscar-stjerne

Gunda stirer inn i kameralinsa heime på Grøstad gard, der ho vart følgt av kameraa til den norske fotografen Egil Håskjold Larsen og regissør Viktor Kosakovskij. Foto: Sant & Usant / Arthaus / Kollasj Framtida.no

19. Senterungdomleiaren rasar mot politisk «russelåt» frå Unge Venstre: – Gjer meg provosert og forbanna

– Eg har ikkje lukta så mykje gris, men eg har lukta mykje ku og eg synest ikkje det er noko ein skal skamme seg over, seier leiar i Senterungdommen Torleik Svelle. Han er forbanna over Unge Venstre sin nye låt, der dei spøkar med folk som luktar gris. Foto: Johan Malvik, Unge Venstre/Flickr, privat, skjermdump Instagram, kollasj Framtida.no

20. «NYNORSKTALENT»: Kjartan Lauritzen vart danna for å irritere søskena – no skal han varme opp for Post Malone

Kjartan Lauritzen har gått frå å vere ein tullekarakter til ein artist som deler scene med verdsstjerner. Pressefoto

I tillegg til desse sakene frå 2021 har me i år fått særleg mange lesarar på desse to eldre sakene våre: Generasjon Z, Boomers, Millennials – kva generasjon høyrer du til? og «12 kule ord du berre finn på nynorsk».

Sjå kva lesarane klikka mest på i 2020!