Elise (19) vil verta bonde: – Politikarane har misforstått oss

Kristina Kassab Liland
Publisert
Oppdatert 09.09.2021 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er éin ting å seia at ein vil verta bonde, men ein annan ting er å faktisk vera bonde. Heldigvis har eg hatt pappa i bakhand, fortel Elise Adolfsen (19). 

Sjølv om Adolfsen ikkje er odelsjente, er ho den i søskenflokken som mest sannsynleg kjem til å ta over etter faren. Ho har fått sommarjobb i familiegarden og skal ha hovudansvaret der frå juni til august. Garden er ein mjølkegard, har ei mjølkekvote på 300 tonn i året og husar om lag 100 storfe til saman.

Men det er ikkje alltid ho kjenner seg like sikker på yrkesvalet.

Å ta over eller å ikkje ta over

Adolfsen har hatt ansvaret for garden i nesten éin månad då Framtida.no snakkar med ho over telefon tidleg i august. I løpet av denne tida har ho hatt ein dels uføreseieleg kvardag, der ho ofte har jobba frå ho vaknar til ho legg seg. 

– Eg har kjent på kroppen kva det vil seia å vera bonde og har stor respekt for arbeidet. Eg har berre kjent det i éin månad no, medan pappa har kjent det i heile 32 år.

Etter 32 år er det fyrst no at faren har fått teke seg ein ordentleg sommarferie, fortel Adolfsen. Ho har veldig lyst til å ta over garden, men lurer på om det verdt alt strevet og den økonomiske usikkerheita.

På dei finaste dagane når dyra koser seg i sola, eller når ho tek imot nyfødde kalvar, kjenner ho at arbeidet er ekstra givande.

– Ein har ein uføreseieleg arbeidssdag når ein arbeider på gard, fortel Elise Adolfsen (19). I sommar måtte ho ta imot 11 kalvar, til alle døgnets tider. Foto: Privat

Men det er likevel nokre ting som må på plass før ho kan føla seg trygg på valet sitt.

Det er ho ikkje åleine om. 

Årets jordbruksoppgjer

Kvart år finn jordbruksoppgjeret stad. Forhandlingane under årets oppgjer byrja med at bøndene sine fremste organisasjonar, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, la fram eit krav på omtrent 2 milliardar kroner. Regjeringa svarte med eit tilbod på under halvparten av kravet til bøndene.

I vår fekk ei grasrotrøyrsle med namn bondeopprøret mykje merksemd i media. Dei er langt ifrå nøgde med inntektsutviklinga i norsk landbruk.

Ei undersøking frå 2019 viser at gardsbrukarane si gjennomsnittlege næringsinntekt frå jordbruk låg på omtrent 200 000 kr i året. Det er likevel store variasjonar i dei enkelte distrikta. Andre faktorar som også spelar inn er storleiken og driftsforma på gardsbruket.

Tek ein med andre inntektskjelder utanom jordbruk, ligg snittet på næringsinntekta til gardsbrukaren på omtrent 700 000 kr i året. Men inntektsutviklinga i jordbruket var flat frå 2015 til 2019, og etter det sørga pandemien og tørken i 2018 for meir usikkerheit enn tidlegare.

Bondeopprøret var ei årsak til at bøndene valde å bryta forhandlingane under årets jordbruksoppgjer. Ettersom partane ikkje vart einige måtte Stortinget tre inn, og det vart fleirtal for tilbodet frå regjeringa.

Ynsker ei regjering som tek bonden på alvor

Opprøret vitna om at fleire bønder er misnøgde, og Adolfsen deler mange av dei same bekymringane om framtida til bonden. Ho etterlyser ei regjering som tek bonden på alvor.

– Viss ikkje politikarane gjer noko no, kjem det til å verta fleire utslitne bønder og færre som kunne tenka seg å verta bonde.

I 1969 var det kring 155 000 gardsbruk i Noreg, medan det i dag berre er 38 000 igjen. Dessutan finst det færre unge som vel å verta bonde. Ei undersøking frå SSB viser at gjennomsnittsalderen blant bønder ligg ein stad mellom 50-59.

– Mange av dei som går naturbrukslinja på vgs vert avløysarar i staden for bønder. Då har ein meir fritid og får betre betalt, men gjer eigentleg mykje av det same arbeidet, fortel Adolfsen.

Ho spår ei framtid med meir industrielt jordbruk, færre fjøs, kulturlandskap som gror igjen og mindre folk i distrikta.

– For meg er det viktig å stemma fram eit parti som har ein ordentleg opptrappingsplan for landbruket. Me treng pengar. Prisen på mjølka har stått stille dei siste 10 åra, medan utgiftene våre har vorte skotne opp til vêrs. Prisane me får må gå i takt med utgiftene våre.

– Politikarane har misforstått oss

Adolfsen peikar på at det meste av overskotet på garden endar ein opp med å bruka til å investera i garden. Og sluttar ein å investera og å fornya seg, stoppar garden opp.

– Eg føler at politikarane har misforstått oss. Ein bonde arbeider morgon til kveld, 24/7. Eg hadde fleire netter i sommar der eg måtte opp fordi det var kalving. Med alt det me gjer så endar me likevel opp med å verta minstepensjonistar.

Adolfsen har ikkje tal på kor mange timar ho har jobba på garden utan å få betalt for det. Ikkje at det betyr så mykje, seier ho, men det vert til slutt ein god del feil i årsverket. Mange bønder er avhengige av dugnad for å få det til å gå rundt. Ho ynsker at det skal gå meir pengar til avløysing, for det heng ikkje i hop sånn som det er no. At faren hennar skulle få sommarferie fyrst etter 32 år.

– Eg har god kontakt med mange av dyra, men det vert ikkje noka forskjellsbehandling, fortel Adolfsen. Foto: Privat

– Tenk at 962 millionar var det bøndene fekk etter jordbrukssoppgjeret, og så bevilga regjeringa 608 millionar til restaureringa av teaterhuset på Engen. Det er ⅔ av det bøndene får.

Adolfsen trur at det har noko å gjera med kor lite kjennskap folk har til bønder. Ho tenker tilbake til ei tid då folk gjerne hadde slekt som dreiv gard og såleis hadde ei tilknyting eller forståing for bøndene.

– Ifølgje FN vert neste verdskrise mest sannsynleg tørke. Viss det hadde skjedd hadde me sete igjen med ganske lite. Me belagar oss jo på mat frå utlandet.  

Førebels legg ho bondedraumen på hylla. Fyrst skal ho ut i fyrstegongstenesta og etterpå tenker ho seg ei utdanning innanfor landbruk. Viss ho tek over garden, vert ho tredje generasjons bonde. Kanskje ser ting lysare ut etter kvart.

Det er i alle fall ikkje eit alternativ å legga ned garden, understrekar Adolfsen. Ho håper norske bønder går betre tider i møte slik at det vert ho som tek over familiegarden.

Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.


Jon Emil Kvidal frå Rissa har odel og vil inn i landbruket, men meiner løna er for dårleg. Foto: Privat