Ingeborg (24) flyttar inn i bilen: – Kjedeleg å gjere som alle andre

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har ein filosofi: Eg ventar ikkje på den rette augenblikken for å gjere det eg har lyst til. Eg visste at viss eg ikkje gjorde det no ville det aldri skje, seier Ingeborg Aadland når Framtida slår på tråden.

Då ho kjøpte seg ein gamal Fiat Ducato i fjor sommar, visste ho godt kva ho ville gjere med han: Ho ville byggje han om til ein heim ho kunne ta med seg kor som helst.

– Eg er veldig glad i å vere ute og gå tur. Men eg brukte altfor mykje tid inne framfor PC- skjermen. Når du bur i ein bubil blir det vanskelegare. Du blir på ein måte tvinga til å vere meir ute og då blir ute-område heimen din.

TOM BIL: Slik såg varebilen ut før ho bygde han om. Foto: Privat

Å leve rimeligare var ein annan grunn til at ho tok dette steget.

– Ein treng mindre pengar for å overleve når ein bur i ein van. Eg fann ut at eg kunne jobbe mindre og få meir tid til å gjere det eg likar.

Hadde så vidt brukt ei skrumaskin før

Men å byggje varebilen om til ein heim var ei lang og tidkrevjande prosess. Aadland fortel at ho gjorde det meste arbeidet sjølv.

– Då eg starta hadde eg så vidt brukt ein skrumaskin før. Men eg lærte meg ting etter kvart. Det var veldig motiverande å sjå at ein blir flinkare. Men ein ekspert er eg ikkje, seier ho.

Her isolerer Ingeborg bildørene. Foto: Privat

Youtube blei ei stor inspirasjonskjelde for Aadland. Her fann ho konkrete tips og råd for innreiinga.

Det er mykje som må på pass før bubilen står klar.  Foto: Privat.

– Var det noko som var spesielt vanskeleg?

– Ja, den elektriske biten. Der ville eg ikkje gjere noko feil så der fekk eg god hjelp av far min.

I lag med han innstallerte ho eit solcellepanel på taket og eit batteri som ladar når det er lyst ute. Dei fekk også inn ein DC-DC-ladar– det vil seie ein ladar som ladar seg opp medan bilen køyrar.

— No er nesten alt så godt som ferdig, seier ho muntert på telefonen.

Meir medvitent forbruk

I bubilen har ho både fått bygd inn ei seng og ei kjøkkenkrok med skap, vasskran og ein liten vask. Under benken har ho ein tank for reint vatn, og med ei fotpumpe får ho det opp til krana. Men varmtvasstank har ho ikkje. 

– Når eg lever slik blir eg  meir medviten på kor mykje vatn og straum eg faktisk brukar.

Når tanken med reint vatn er tom må ho fylle han på ny. Plastbøtta med spillvatn må ho tømme like ofte. Det slår ho ut på eigne tømmeplassar.

Slik ser kjøkkenet ut frå sidedøra på bilen. Aadland fortel at forsikring på bilen og bensin er kostnadar som ein ikkje kan komme vekk frå når ein har bubil. Foto: Privat

– Men korleis fungerar det med dusj og toalett?

– Eg har ein berbar do, men eg brukar han minst mogleg. Det er jo offentlege toalettar på så mange plassar rundt om, så det er jo relativt enkelt å finne.

Men med dusj er det litt verre. Aadland fortel at ein kan betale for å ta seg ein dusj på enkelte plassar.

– Viss eg ikkje finn noko så kan eg jo berre bade ute, seier ho og røpar at ho allereie har tatt seg ein symjetur i fjorden.

Kostnadar

– Eg har ikkje gått gjennom alle kvitteringane enno, men bilen i seg sjølv kosta om lag 60 000 kr. Men ein kan jo sjølvsagt betale mindre eller meir alt ettersom, legg ho til.

Nokon vil kanskje gjere bustaden meir fancy og då kan det fort bli dyrare.

Aadland understrekar at det er viktig å fokusere på dei tinga som er viktig for ein sjølv når ein set seg ned og planlegg budsjett.

– Sidan eg jobbar som grafisk designar og har behov for å bruke PC, så er det viktig for meg at eg har nok straum. Men andre folk vil kanskje fokusere på andre ting, seier ho ettertenksamt.

FERDIG: Slik ser den ferdige bubilen ut sett ifrå senga, lengst bak i varebilen. Aadland fortel at buforma passar best for fleksible menneske som ikkje har så sterkt behov for rigide rutinar. Foto: Privat

Kor går ferda?

– Eg har lyst til å reise rundt i Noreg til plassar eg ikkje har vore før, seier ho. Til dømes Lofoten.

Til hausten har ho eit håp om å kunne reise sørover i Europa. Sveits står høgt på ønskelista hennar. Ho legg til at ein ikkje alltid kan forvente seg å overnatte på idylliske plassar medan ein er på veg mot eit mål.

– Viss ein søkjer på «van life» så kjem det opp bilde med fine utsikter, men du kjem kanskje til å stå utanfor Kiwi ei sein natt når du er på reise, skyt ho inn.

IKKJE ALLTID SLIK: Når ein er på reise med bubil kan ein ikkje alltid forvente seg å parkere på idyliske plassar seier Aadland. Motivet er ikkje av Aadland sin bubil. Foto: Alex Guillaume frå Unsplash.com

– Eg har lyst til å køyre sakte og finne ein plass kor det passar seg å stå i fleire netter. Nokon plassar vil eg vere ei veke, andre plassar berre ei natt.

Ho fortel at ho ikkje er redd for å reise aleine og at ho føler seg trygg når ho overnatter i bilen i Noreg.

– Andre plassar i Europa bør ein kanskje vere meir forsiktig med kor ein parkerer for natta. Men det er jo ein risiko uansett kva ein gjer i livet, seier ho.

Vil helst sleppe campingplass

Hovudregelen for parkering av bubil i Noreg er at du kan køyre og parkere langs offentleg veg på same måte som med vanleg bil. Ifølgje NAF kan du òg køyre og parkere langs privat veg i utmark, så lenge grunneigaren ikkje har forbode ferdsel på vegen.

– I Noreg går det ganske greitt på dei fleste offentlege plassar om det er snakk om kortidsopphald, seier Aadland.

Ho nemner at andre land kan ha ulike reglar.

NAF peikar at ein lyt følgje campingreglane om å ikkje vere til hinder for annan trafikk, vere merksam på skilting og tildsavgrensingar og følgje forureinigslova.

Slik ser bubilen til Ingeborg Aadland ut frå utsida. Foto: Privat

– Eg har ikkje sete meg inn i alle reglane som gjeld for Noreg enno, men eg tenker at det er noko eg kjem til å lære meg etter kvart som eg er på reise, seier Aadland.

Ho fortel at det finst appar ein kan bruke der folk legg ut anbefalingar for kor ein kan bu med bilen for lengre eller kortare opphald.

Men å ta inn på ein campingplass vil ho helst unngå å gjere.

– Camping kan fort bli dyrt og då forsvinn litt av poenget med å leve rimeleg seier ho.

Kjedeleg å alltid gjere som andre

– Mange vil sikkert tenke at du er  modig som har tatt dette steget på eigenhand.

– Eg var ekstremt sjenert då eg var yngre og torde ikkje gjere noko som andre ikkje gjorde. Men etter kvart fann eg ut at det å alltid gjere det alle andre gjorde var litt kjedeleg i lengda.

24-åringen understrekar at det ikkje er noko i vegen å følgje etter normene til majoritetssamfunnet, men at det viktigaste er at ein sjølv er nøgd med det livet ein lever.

SJØLVSTENDIG: Ingeborg er ikkje redd for å reise rundt med bubilen på eigenhand. Foto: Privat

På spørsmålet om ho har nokre råd til andre som ønsker å gjere det same svarar ho:

– Ein må innstille seg på at ein ikkje kan vite alt på førehand. Sjølv kunne eg ikkje stort då eg byrja, men eg har fått det til likevel. Viss ein har lyst og moglegheit til å bu i bubil burde ein berre hoppe i det.


Guro og Mats Herman Aunevik føler ikkje dei måtte gje avkall på noko viktig for å passe inn i sitt nye minihus