Aust mot vest i kampen om å bli Årets nynorskkommune

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket. I 2021 har juryen sett spesielt etter kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for skaffe nynorske læremiddel og læringsressursar til skuleelevane
sine.

Margrethe Kvarenes leiar juryen som kårar Årets nynorskkommune. Foto: Moment Studio

– Det har vore sterk konkurranse om prisen i år. Fire kandidatar er med på oppløpssida, alle med sterke tiltak for å tryggje nynorsk som bruksspråk på viktige samfunnsområde, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet.

Kjempar om 100 000 kroner

Kvarenes leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) deler ut prisen på eit ope arrangement på Litteraturhuset i Oslo 22. november. Prisen er på 100 000 kroner.

Det er juryen som kårar Årets nynorskkommune, men her kan du stemma på kven du meiner fortener prisen i den uoffisielle avrøystinga til Framtida.no:

Kven bør bli Årets nynorskkommune?

Kven bør bli Årets nynorskkommune?

Herøy547
Kvinnherad30976
Stad706
Ål1230
Svar totalt: 33459

 

Avstemminga i fjor sette fyr på internett, og totalt kom det inn over 260.000 stemmer. Til slutt stakk Voss herad av med sigeren.

Kjerneområde mot randsone

Tre av dei fire nominerte kommunane i år ligg i trygge nynorskområde. Herøy i Møre og Romsdal og Kvinnherad og Stad i Vestland syner solid språkleg sjølvkjensle og er gode døme på kva ein bør gjere som kommune for å halde nynorsken oppe som bruks- og kulturspråk.

Herøy syner til gjennomtenkte nynorsktiltak i barnehage og skule og nyttar marknadsmakta si godt i val og utvikling av læremiddel på nynorsk.

Kvinnherad syner òg til slitesterke tiltak over tid og skal særleg ha ros for å vere medviten om tilhøvet mellom integrering og språkbruk.

Stad kommune har gode rutinar for systematisk arbeid, og kommunen viser til særleg gode og varierte kulturtilbod på nynorsk.

Ål er utsidaren i årets finale. Kommunen ligg i Hallingdal i Viken, der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval, slik det er i kjerneområda for nynorsk. Ål kommune viser at dei lokale tiltaka for å styrkje nynorsken er trygt forankra i det kommunale planverket. I praksis imponerer kommunen særleg ved medviten bruk av nynorsk i kultur- og næringslivet.