Ei veke utan bh: – Det er utruleg deilig å ikkje ha gnagsår

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 15.08.2023 15:08

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Du lurer kanskje på kvifor bh-en irriterer meg? No skal du høyre! For det fyrste er det dyrt, i alle fall når puppane dine har vakse ut av dei tilgjengelege storleikane på fastfashionbutikkar som Zara, H&M, Cubus, osv. Om ein ikkje følgjer med når det er sal, kan ein bh fort koste 900 kroner.

Emilie Hansen er journalist og skribent for Framtida.no.

For det andre, sjølv om det skal gi støtte, så er det å bruke bh laaaangt frå behageleg. Spesielt no om sommaren. For dykk som ikkje har brukt bh: Ei kan få gnagsår av desse når det er varmt ute, på alle moglege stadar bh-en strekk til.

Og så er jo det sjølvsagt dette med at det er forventa at eg, som ein F-cup, skal bruke bh. Eller berre som jente i grunnen, for at niplane mine ikkje skal vise.

 

Måndag

Måndag klokka 10.30 tek eg av meg BH-en på kontoret. Frå og med no skal eg gå ei heil veke utan bh, uansett kva eg gjer og kven eg møter. Akkurat i det eg tek den av meg under t-skjorta mi medan dei andre i Framtida.no jobbar med sakene sine, kjennest det veldig frigjerande ut. Bh-en har allereie rekt å gnaga seg inn i huda på meg, rundt ryggen, spilane under puppane, og blondekantar som kjennest ut som piggtråd.

Bh-en har allereie rekt å gnaga seg inn i huda på meg, rundt ryggen, spilane under puppane, og blondekantar som kjennest ut som piggtråd.

Sjølv om det er digg å ta av seg BH-en før arbeidsdagen er over, blir eg med eitt var på om niplane mine er synlege sidan airconditionen jobbar for fullt, eller om puppane mine heng meir enn det som er normalt på min alder (og kva er eigentleg denne normalen?). Men kontoret er ein «safe space», så eg tenkjer ikkje noko særleg over det meir.

Rett etter jobb skal eg ut å møte nokre vennar. Eg går fort, og eg kjenner på ubehaget. Det gjer ikkje vondt, slik eg brukar å tulle om. Men eg føler at alle ser at eg ikkje er fullt påkledd, og eg lurer på kva folk tenkjer. Eg merkar meg at eg ikkje skal bruke kvit t-skjorte igjen denne veka.

Før venninnene mine rekk å kome med nokon kommentar, skyndar eg meg å seie at eg driv med eit prosjekt for ein artikkel denne veka, som går ut på at eg ikkje skal bruke bh. Av ein eller annan grunn vart det viktig å ha eit formål.

Etter eg har forklart tanken bak mitt mini-prosjekt (ein smule meir sjølvsikkert enn det eg kjenner meg), så kommenterer den eine at puppane mine har vorte større. Det veks fram eit ubehag i meg, men eg seier ikkje noko på det. Puppane mine har ikkje vorte noko særleg større. Og eg synast ikkje det er greitt å få kommenterer på storleiken deira (eller kva for ein som helst del av kroppen min for den saks skuld!).

Det fyrste eg gjer når eg kjem heim er å vrenge av meg den kvite t-skjorta og finne noko som gir pitte litt støtte, eller skjuler niplane litt meir i alle fall. No er det «berre» 6 dagar igjen. Faen…

Tysdag

I dag har eg tatt på meg ein gul kjole som eg føler meg litt meir påkledd i. Gul kjole er mykje betre enn kvit t-skjorte, om dykk lurte!

Denne dagen var eg med legen (null stress utan bh), kontoret (null stress utan bh), ute og åt og pilsa med kollegane (null stress utan bh), og var barnevakt (null stress utan bh).

Eg fekk ingen kommentarer frå folk eg var saman med, eller frå folk på gata. Den einaste som kommenterer på at eg ikkje har på meg bh, er meg sjølv. Ikkje nødvendigvis høgt framfor andre, men kvar gong eg ser meg i spegelen, eller av og til når eg ser ned berre for å sjekke korleis det ser ut akkurat då.

Det er framleis litt ubehageleg når eg kjenner at puppane beveger seg når eg går fort frå stad til stad. Men! Det er utruleg deilig å ikkje ha hatt gnagsår no når det har vore så varmt.

Onsdag

Sorry, eg juksa. I dag har eg på meg nipplecovers. Eg fann plutseleg eit par når eg heldt på å gjere meg klar for jobb, og eg måtte berre. Freistinga vart for stor. Men det var det siste paret eg hadde, og eg kjem ikkje til å kjøpe fleire før veka er over. Når eg tenker på det var det kanskje dumt å ikkje spare dei til helga i tilfelle eg ville pynte meg. Men det for gå greitt at niplane synast. F*ck it!

I dag gjekk det heilt fint å ikkje ha på bh. Eg hadde tatt på meg ein grøn kjole som eg føler meg vel i. Trur det hjalp at kjolen hadde open rygg slik at eg ennå ein grunn til å ikkje ha på seg bh. Det gjer det på ein måte meir innafor, både for meg sjølv og for andre som eventuelt legg merke til det.

Noko anna eg har merka meg er at folk har ikkje kommentert, eller har sett på puppane mine (som eg har merka uansett), før eg tek det opp. Då blir folk nysgjerrige, ser ned, og kjem enten med kjekke, heilt nøytrale, eller uønskja kommentarar. Men uavhengig av kva motparten tenkjer om det at eg ikkje bruker bh, eller puppane mine i seg sjølv, så tek dei ikkje til ordet før eg seier noko fyrst (så langt i alle fall). Er puppar kanskje litt tabu?

Torsdag

I dag har eg ein raud ring rundt niplane på grunn av nipplecoversa frå i går. Karma.

Utanom det så går det mykje betre! Eg tenker ikkje like mykje over om puppane mine «bouncar», eller om folk legg merke til det. Det er sjukt digg!

På den andre sida synast eg framleis det er ubehageleg når niplane mine viser igjennom kleda eg har på meg, men det er sikkert ein vanesak. Niplar er jo også berre ein kroppsdel, sånn eigentleg. Noko eg har sagt til meg sjølv 100 gongar allereie i dag (kl. er berre 11.00), fordi kjolen eg har på meg i dag er laga av eit veldig tynt stoff…

Etter jobb åt eg middag med familien, og tenkte heilt ærleg ikkje noko særleg over dette «prosjektet». Ikkje vart det snakka om heller, som var eit fint avbrekk for min eigen del.

Seinare på kvelden møtte eg nokre vennar for å ta ein pils. Dei visste om «null-BH-veka» mi, og spurte korleis det gjekk. Dei hadde ingen kommentarar på korleis puppane mine såg ut, eller kva denne veka kom til å gjere med forma på dei (TAKK!). Dei synast heile greia berre var kult!

Fredag

Eg saknar det å ha moglegheit til å ta på meg BH, og blir litt sur kvar morgon når eg kjem på at eg ikkje får lov til å velje dette sjølv (kan vere at eg berre er sur fordi det er morgon). Utanom dette så går det greit; eg har ikkje meir vondt i ryggen enn det eg brukar å (noko som heilt sikkert kjem av at eg sit som eit spørsmålsteikn), og eg har ikkje hatt vondt utanom når eg spring til T-bana.

Etter jobb har eg ikkje planar om å gjere noko som helst, så då hadde eg uansett ikkje brukt bh. Max chill!

Laurdag

Helg! Eg elskar helg! Eg treng ikkje å skynde meg å kle på meg noko anstendig, og eg kan berre gå rundt i kosebukse og ei stor t-skjorte leeenge. Når eg er heime og chillar brukar eg ikkje bh, så tenkte eg ikkje noko over det.

På kvelden skulle eg på innflyttingsfest til ei venninne. Eg trur eg prøvde 10 forskjellige toppar før eg fann ein gammal body lengst inn i klesskapet som heldt puppane meir eller mindre på plass. Glede! I det eg går inn døra i den nye leilegheita til venninna mi er det fyrste ho seier kor fin toppen min var. Ingen kommenterer på puppar eller nipplar heile natta, og eg føler heller ikkje eit behov for å forklare dette til folka som var der.

Quiz: Kva kan du om bryst, puppar og tits? Klarar du alle rette?

Søndag

For å vere ærleg sov eg vekk store delar av denne dagen, noko eg synast søndagar er skapt for. Det var ikkje noko behov for å bruke bh i dag.

Dette er siste dagen i den bh-frie veka mi, og eg har lært mykje. Eg kan trygt seie at eg er meir komfortabel med å gå utan bh, eg har snakka med så mange folk om bh, puppar, og niplar at det har vorte like normalt å snakke om som været. Og i alle desse samtalane så er det veldig få som har sterke meiningar om kva folk vel å gjere med eigen kropp. For det er faktisk berre kropp. Dei som synast det er stygt å sjå naturlege puppar under kleda, eller at det er uanstendig at nipplane viser, kan ta ei runde med seg sjølv og tenke over kvifor dei synast dette. Det er uansett ikkje mitt problem kva andre folk tenker om min kropp.

Så kjem det store spørsmålet! Kjem eg til å brenne bh-ane mine? Nei, eg kjem nok til å fortsette med bh. Men eg kjem definitivt til å ha fleire bh-frie dagar enn det eg hadde før. For det er heilt opp til meg sjølv å bestemme om eg vil bruke bh eller ikkje, uavhengig av kvar eg skal den dagen.


LES OGSÅ: Undertøysmerket vel modellar utan å ha sett dei: – Unikskap er den ekte normalen

Amy (f.v), Périne og Seema har delt sine historiar om høvesvis å leve med Crohns sjukdom, kjønnsstereotypiar, og å handtere foreldre sine forventningar om å skulle gifte seg. Foto: Manon Ouimet/The Underargument