Kusken (Bjørn Sundquist), stemora (Ellen Dorrit Petersen), stesystera (Ingrid Giæver), Askepott (Astrid Smeplass og Baron Von Snauser (Nader Khademi). Foto: David Vu/Storm Films AS
Her er rollelista til nye «Tre nøtter til Askepott»
Thorbjørn Harr, Kristofer Hivju og Jonis Josef er ein del av det stjernespekka ensemblet i den nye Tre nøtter til Askepott-filmen.
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert Oppdatert 12.03.2021 16:03
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg trudde først det var ein feil då eg blei kontakta, men etter fleire rundar med auditionar og samtalar med vår fantastiske regissør Cecilie Mosli, blei eg spurd om eg ville gjere rolla som Askepott. Då blei eg mildt sagt glad.
I dag kunne VG avsløra heile rollelista til nyinnspelinga av den tsjekkiske klassikaren filmklassikaren Tre nøtter til Askepott frå 1973.
Her er rollelista til Tre nøtter til Askepott-filmen anno 2021:
Askepott: Astrid Smeplass
Libuse Safránková i rolla som Popelka i originalen frå 1973, Astrid Smeplass som Askepott i den norske utgåva frå 2021. Foto: David Vu/Storm Films AS
Prinsen: Cengiz Al
Pavel Trávnícek som den tjekkiske prinsen og Cengiz Al som den norske utgåva. Foto: David Vu/Storm Films AS
Stemor: Ellen Dorrit Petersen
Carola Braunbock i rolla som stemora over alle stemødrer. Ellen Dorrit Petersen sin hårsveis er tydeleg inspirert av originalen. Foto: David Vu/Storm Films AS
Stesyster: Ingrid Giæver
Dana Hlavácová i rolla som Dora, medan Ingrid Giæver er stesystera i den nye versjonen. Foto: David Vu/Storm Films AS
Kongen: Thorbjørn Harr
Kongen vart spelt av tyske Rolf Hoppe, denne gongen er det Thorbjørn Harr, som har spelt i ei rekkje norske filmar. Her er han frå katastrofefilmen «Tunnelen». Foto: Nordisk Film
Dronninga: Nasrin Khusrawi
I originalen spelte sveitsiske Karin Lesch dronninga. Nasrin Khusrawi spelte rolla som Fariba i NRK-serien «Norsk-ish» og skal spele dronninga i «Tre nøtter til Askepott». Foto: NRK
Privatlærar: Nils Jørgen Kaalstad
Nils Jørgen Kaalstad har mellom anna spelt i «Vikingane». Han er læraren i «Tre nøtter til Askepott». Foto: NRK
Skammeltenar: Kristofer Hivju
Norske Kristofer Hivju spelte Tormund Giantsbane i «Game of Thrones». Foto: HBO Nordic
Alfred: Bjørn Sundquist
Bjørn Sundquist er Alfred, som truleg er det norske namnet på Vincek (Vladimír Mensík). Foto: David Vu/Storm Films AS
Barnon Von Snauser: Nader Khademi
Nader Khademi er skreddaren Barnon Von Snauser i «Tre nøtter til Askepott». Foto: David Vu/Storm Films AS
Rosa/ Kokka: Anne Marit Jacobsen
Anne Marit Jacobsen er ein folkekjær skodespelar med mange roller bak seg. Her er ho som Liv i «Etaten». Foto: NRK
Herolden (utropar og seremonimeister ved hoffet): Jonis Josef
Komikar Jonis Josef (29) har laga «Kongen av Gulset», no skal han inn i hoffet i «Tre nøtter til Askepott». Foto: NRK
Bendik: Sjur Vatne Brean
Sjur Vatne Brean (21) spelte rolla som Sivert i NRK-suksessen «Rådebank». Han speler Bendik, ein av prinsen sine vener. Foto: Max Emanuelson/NRK
Sam: Arthur Hakalathi
Arthur Hakalahti Eilertsen (25) har spelt i både «Skam» og «Kongens nei». Han speler Sam, ven av prinsen. Foto: Andrea Nøttveit
Ola: Toivo Ty Terjesen
Ola er ein ukjent karakter spelt av Toivo Ty Terjesen, som framleis ukjent, men har skodespelarerfaring frå Fossrevyen 2019, som han har ein tulleaudition til her:
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.