Noregs siste reaktorsjef: – Meiningslaust å snakka om kjernekraft i Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er meiningslaust å snakka om kjernekraft i Noreg. Uforstand blir kanskje å ta litt hardt i, seier Ole Christen Reistad som er avdelingsleiar ved Avdeling miljøtryggleik og strålevern ved Institutt for energiteknikk (IFE).

Den tidlegare reaktorsjefen på Kjeller har fått med seg at fleire og fleire tar til orde for kjernekraft i Noreg.

– Me har ikkje ein gong nok folk til å ta oss av nedlegginga av dei to små reaktorane me har i Noreg. Noreg har ingen kompetanse på dette. Det er ingen ingeniørkompetanse her på atomkraft. Me står heilt på bar bakke, seier Reistad på telefon til Framtida.no.

Fleire ungdomsparti har tatt til orde for meir forsking på kjernekraft i Noreg.

– Det er inga relevant forsking på kjernekraft i Noreg i dag. Det dei eigentleg seier då, er at me skal bidra til forsking i andre land der dei har kjernekraft frå før, slår Ole Christen Reistad fast.

LES SAKA: Kjernekraft i Noreg – uaktuelt eller uunngåeleg?

Heile samfunnet må vera førebudd

Det er noko anna med land som Storbritannia, Frankrike og andre land, som har valt å ha atomteknologi på brei basis. For nokre inneber dette andre typar reaktorar og også atomvåpen, understrekar Ole Christen Reistad.

Ole Christen Reistad er avdelingsleiar ved Avdeling miljøtryggleik og strålevern ved Institutt for energiteknikk (IFE). Foto: IFE

– Heile samfunnet må vera sett opp slik at det kan seg av farane til kjerneteknologien, seier han.

Han viser til Storbritannia som i 2011 sette ned Trident-kommisjonen. I rapporten frå 2014 tok den for seg nasjonal tryggleik i den vidaste forstand, frå atomvåpen til Storbritannia som atommakt.

Storbritannia er venta å bruka over 500 milliardar kroner på atomvåpenprogrammet sitt dei neste ti åra. Då er utvikling av reaktorar til dei nye atomubåtane med i kostnaden.

– Kjernekraft passar best der det allereie er utbygd. Den viktigaste utbygginga framover er kanskje å utbetra eksisterande kjernekraftverk, seier Reistad, og meiner kjernekraft er mest aktuelt i dei landa som allereie har kjernekraft frå før.

Bør Norge satse på kjernekraft?

Bør Norge satse på kjernekraft?

Ja, kjernekraft er framtida!950
Nei, det er for farleg207
Veit ikkje56
Noreg bør forske på kjernekraft, men ikkje produsere sjølv143
Svar totalt: 1356

Avfallshandtering og ny teknologi

Kjernekraft er blant kraftkjeldene med færrast dødsfall i forhold til straumen som blir produsert, og har nærmast ingen CO2-utslepp. Problemet er avfallet.

– Avfallshandteringa må vera nasjonal. Det er noko som rører ved globaliseringa som samfunnet elles er vant med. For mindre land er det krevjande å ta ansvar for mindre mengder avfall, mens kraftmarknaden er internasjonal. Det virkar ikkje som samfunnet er modent nok for teknologien, seier Reistad til Framtida.no.

Mange har store forventingar til saltsmeltereaktorar, som skal gi høg grad av tryggleik mot kjernenedsmelting og mindre avfall.

– Det har vore prosjekt med dette sidan 50- og 60-talet, men utan at ein har løyst problemet med avfall.

Saltsmeltereaktorar lagar mykje mindre avfall enn vanlege kjernekraftverk, men avfallet er annleis. En blanding av salt og atombrensle er mindre stabilt ved lagring, og er derfor meir krevjande å lagra over tid. For at ein skal kunne lagra det i tusen år, må avfallet behandlast.

– Det er heilt utopisk at ein får til å setja i gang med reaktorar før det er funne ei løysing for lagring av avfall, understrekar Ole Christen Reistad.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no

LES OGSÅ: Klimaministeren om kjernekraft i Noreg: – Veldig rar diskusjon

Korleis skal me dekke framtidas energibehov? Fleire av ungdomspartia meiner kjernekraft er uunngåeleg, andre seier det er uaktuelt. Foto: distelapparath/pixabay.com

Fakta: Kjernekraft i Noreg

Noreg har ingen kjernekraftverk i drift, men var tidleg ute med å legga til rette for framtidig bruk av kjerneteknologi. Institutt for atomenergi blei oppretta i 1948, og skifta seinare namn til Institutt for energiteknikk.

Totalt har Noreg hatt fire forskingsreaktorarar:

  • JEEP I (1951–1966)
  • Halden-reaktoren (1958–2018)
  • NORA (1961–1968)
  • JEEP II (1967–2019)

Les meir på SNL.no!