I Unge Venstre sin nye låt spør dei kven som vil vere med nokon som stinkar gris. Stigmatiserande og respektlaust, meiner Torleik Svelle.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unge Venstre har gitt ut ein song som gjer meg provosert og forbanna, seier Torleik Svelle, leiar i Senterungdommen, på telefon til Framtida.no.

I låta han snakkar om, «Digg å være liberal», syng Unge Venstre mellom anna om at viss du vil røyke ein rev, får du lov, moralismen skal falle, og at dei skal gi friheit til alle.

Men i tillegg til å ramse opp sitt eige partiprogram, lar ungdomspartiet ikkje høvet gå frå seg til å slenge med leppa mot sine politiske motstandarar, i det som kan karakteriserast som ein politisk russelåt.

«Hvem vil ha noen som stinker gris?»

Senterungdomleiaren ser likevel ikkje humoren i denne strofa om folk som luktar gris, som han kallar spottande:

Senterpartiet er ikke no´ kul
når jeg tenker på Vedum vil jeg ikke pul
Hvem vil ha noen som stinker gris?
Gi meg heller en digg UV-kis

– Det er ganske så respektlaus av Unge Venstre å gå så tydeleg ut i ein song og seie at dette er folk dei ikkje vil ha noko med å gjere, seier Torleik Svelle.

Torleik Svelle er leiar i Senterungdomen. Foto: Senterungdommen

Han synest partiet med songteksta er nedlatande til folk som gjer eit ærleg og godt arbeid. Han seier at han skjønar at dei har prøvd å få fram at dei synest motstandarane Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet er idiotar, men peikar på at det dreier seg om ein mykje større politisk kontekst enn krangling mellom parti.

– Dei viser ei utruleg nedlatande haldning til ei heil arbeidsgruppe og ein ganske stor del av Noregs befolkning. Uansett om dei luktar gris, svette eller betong, så er det folk eg vil vere saman med, seier Svelle, og legg til at mange bønder og arbeidsfolk kjenner på ei stigmatisering og negative haldningar knytte til yrka sine.

Hansmark: – Ville heller vore fornærma på grisens vegner

Sondre Hansmark, leiar av Unge Venstre, stadfestar at det er partiet som har laga låten, men meiner ein ikkje treng å bli krenkt over alt mogleg i ein valkamp.

– Kritikken tar eg med knusande ro. Eg er ikkje så overraska over at leiaren i Senterungdommen manglar litt humoristisk sans. Eg ville nok heller vore fornærma på grisens vegner, seier han og legg til:

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark Foto: Oda Scheel, UV

– Eg synest at bøndene gjer ein strålande jobb i Noreg, men det må vere innanfor å tulle litt med ulike yrkesgrupper. Så trur eg at alle skjønar at Unge Venstre også meiner at bøndene gjer ein god jobb.

– Men det er ein vits som går meir på personkarakteristikk enn partipolitikk – synest du det er innanfor?

– Ja, eg meiner absolutt det er innanfor. Unge Venstre vitsar med mangt og mykje i denne låten, også litt med oss sjølve. Eg synest det er heilt innanfor. Vi har fått god respons og folk synest han er morsam.

I tillegg til at Senterpartiet får gjennomgå, syng Unge Venstre om at MDG lovar utsleppsstopp, men at i raudgrønt styre blir olja pumpa opp. Vidare syng dei at Arbeidarpartiet eigentleg er «jævlig wack» og at dei sprutar av å stoppe rusreforma.

Hansmark fortel at dei er inspirerte av ein svensk tradisjon der ungdomspartia lagar valkamplåtar som kan minne litt om russelåtar.

– Vi vil jo at valkampen også skal vere gøy for unge å delta i, og ikkje berre tørt og kjedeleg, så vi laga denne låten med litt snert og humor i. Det er jo eit lite spark til Senterungdommen og Senterpartiet, men det synest eg dei kan tole.

Bli med i avstemminga vår:

Synest du teksta til Unge Venstre er innanfor?

Synest du teksta til Unge Venstre er innanfor?

Ja, det er humor428
Veit ikkje13
Nei, dei går over grensa79
Nei, heile låten er useriøs207
Svar totalt: 727

 

Vil ha unnskyldning

– Sondre kan skulde meg for utruleg mykje, men at eg ikkje har humor, det skal eg ikkje ha på meg, svarar Torleik Svelle etter å ha høyrt korleis Unge Venstre forsvarar strofa.

– Samstundes ser ikkje eg humoren i å snakke så nedlatande om ei heil yrkesgruppe som kvar einaste dag gjer ein utruleg viktig jobb.

Svelle utdjupar at det dei fleipar med ikkje har noko med partiet hans å gjere, dei angriper ei yrkesgruppe, noko han synest er smaklaust.

– Det kan godt hende at Sondre tenkjer at dette framleis er gøy, men han må gjerne seie unnskyld til dei heller enn å flåse og tulle bort ein så nedlatande kommentar, avsluttar han.


Adine Neslund Øverland (16) har odel på heimfarden i Alvdal, men er usikker på om ho vil ta over bruket. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no