«NYNORSKTALENT»: Synne Vo skriv songar på dialekt, og nektar å knota

Andreas Brattåker Støyva
Publisert
Oppdatert 18.01.2021 08:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Synne Vo skriv songar på dialekt, og nektar å knota

Synne Vo er eitt av ti unge «Nynorsktalent», som vil bli presentert på Framtida.no framover. Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har sete i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen.

– Eg er nok over snittet bevisst på språket mitt. Det handlar nok mykje om at eg er oppvaksen i ei lita bygd, og har ei distinkt dialekt, seier Synne Vorkinn, eller Synne Vo, som er artistnamnet hennar.

22-åringen er artist og låtskrivar, har torader som favorittinstrument og kjem frå Lesja, øvst i Gudbrandsdalen.

Juryen har vektlagd at korleis artisten har slått gjennom med poplåtar på nynorsk, og at ho har funne stemma si på norsk i ein alder der mange vel engelsk.

– Eg har alltid vore glad i å synga. Eg hugsar godt at eg heller ville synga meg gjennom songboka enn å bli fortalt historier og eventyr før leggetid.
Foto: Privat

Viktig å halda på dialekta

Sidan Synne Vorkinn flytta etter vidaregåande, har ho vore bevisst på å unngå såkalla knoting. Ho prøver heller å forklara dialektord ho brukar, enn å endra språket.

– Eg gjentek heller enn å legga om. Har du vore på ferie i Frankrike? Dei snakkar fransk til deg anten du forstår eller ikkje. Sånn er eg òg!

Den unge artisten meiner det er viktig at folk frå krikar og krokar held på dialekta. Det er noko av det ho synast er fint med Noreg – alle dialektene.

– Eg håpar me kan bevara det, og at det ikkje vert utvatna, fortel ho.

Artisten medgjev likevel at ein kan kjenne på ei slags språkbarriere dersom ein sjølv pratar ei sjeldan dialekt og er i tale med nokon frå meir urbane strok.

– Men difor er det viktig at folk ikkje tenker dei må tilpassa seg majoriteten, men tør å utsetje andre for dialekta si, slik at folk blir vande med å høyre dialekter, seier Vorkinn.

Ho fortel at det er litt difor ho har vald å skrive tekstar på si eiga dialekt som artist.

Frå medisin til musikk

Artistprosjektet var ikkje noko sjølvsagt.

Den opphavelege planen var å studera medisin etter folkehøgskulen, men då musikkarrieren skaut fart i 2018, takka Vorkinn nei til plass på prestisjestudiet.

På vårparten vart låta hennar Ikkje tenk på meg vald ut til vekas låt på NRK P3, og var ei av låtene som prega radiosommaren.

Den nye musikksjefen i P3, Ida Eline Tangen, beskreiv låta som «energisk og sprudlende popmusikk på nynorsk».

Ho har nyleg studert låtskriving og musikkproduksjon eitt år på LIMPI på Lillehammer, og utelukkar ikkje at det kan verta meir studering seinare. No er det fokus på musikken.

Vorkinn trur det er lettare å røra ved folk når ho syng på norsk. Mest fordi lyttarar ofte ikkje tenker over teksten på engelske songar. Når det er norske tekstar, tek folk dei til seg.

– Eg føler at det er høgare krav til teksten, når den er på norsk.

Artisten trur det er vanskelegare å ta snarvegar eller å gøyma seg bak store ord, dersom ein syng på norsk.

– Det kan vera kjekt å synga på engelsk òg, då kan eg gå litt inn i ei rolle, eller ein karakter. Men eg likar heilt klart best å synga på norsk, då er eg mest «meg».

Det kjem meir musikk i 2021 frå den lovande artisten, her frå heimestudioet.
Foto: Privat

Blant artistar ho ser opp til, finn ein både norsk- og engelskspråklege inspirasjonskjelder. På bilturane i barndommen gjekk det i Vamp og Odd Nordstoga.

Ho ser framleis opp til dei, og er klar på at dei var viktige i dei tidlege åra.

– Eg ser opp til så mange, av så ulike grunnar. Taylor Swift til dømes, fordi ho held seg relevant ved å endra stil og lydbilete gong på gong. Og Karpe, som klarar å vera politiske og banebrytande på kommersielt vis.

Vorkinn fortel vidare at ho kunne nemnt tusen andre artistar, og at ho ikkje har ein go-to artist.

Vener og Vinjerock

Det å laga musikk, er veldig personleg. Vorkinn beskriv det som surrealistisk å høyra sin eigen song på radio for fyrste gong.

– Når du skapar ein låt og jobbar med den, er det veldig ditt. Det tok eitt år frå eg skreiv Ikkje tenk på det til den var ute, og plutseleg kunne alle høyra den. Det gjev ei veldig god kjensle å kunne laga noko frå ingenting, som kan nå ut til så mange menneske.

Foto: Thor Håkon Ulstad/WMG

Artisten håpar det vert fleire songar på radio i tida som kjem. Ho trur det er viktig å setja seg mål, men å samstundes ikkje tenka for langt fram.

– Å velja ein slik karriereveg medfører uvisse, og det er mykje ein ikkje kan kontrollere. Difor prøvar eg å tenkje at vegen vert til medan ein går.

Samstundes let ho mål og draumar få surra litt i bakhovudet, som til dømes å få spela på hovudscena på Vinjerock.

– Det håpar eg å få lov til ein dag!

Nynorsk er framifrå

Om ho skal velja seg eit favorittord på nynorsk, må det vera framifrå.

– Eg assosierer det med å få gode tilbakemeldingar på prøvar i skulen, og med noko positivt. Framifrå. Mange svarar nok kjærleik, og det er fint det også, altså.

Etter litt tenketid klarar ho å finna fram til eit ord ho ikkje likar, også. Ordet løyndom. Sjølv ligg det tilsvarandre ordet hemmelegheit nærare hennar dialekt.

– Det er ikkje stygt eller noko, men det er ikkje eit ord eg brukar, og det er så langt unna det munnlege språket mitt, seier artisten.

Foto av Ronny Brede Aase: Gyldendal. Kollasj: Framtida.no

– Er det eit ord du saknar på nynorsk?

– Eg har aldri følt at nynorsken manglar noko. Men det har nok litt med innstillinga mi å gjera.

Vorkinn påpeikar at nynorsk ikkje treng vera vanskeleg eller gamaldags, sjølv om ho trur mange meiner det. Poenget med nynorsken var jo å laga eit skriftspråk som ligg nærare dialektene, og nynorsken liknar mest på slik ho pratar, fortel ho.

– I dei tilfellene der det «manglar» eit ord i ordboka, eller det er ord som er veldig annleis enn det eg ville brukt muntleg hender det eg tek meg fridomen til å skrive noko som liknar meir på det eg ville sagt.

Språk er identitet

Språk er ein stor del av identiteten hennar. Ho har budd i kollektiv med folk frå ulike nasjonar, kor samtalane har gått på engelsk.

– Hadde eg vakna i morgon, og plutseleg prata austlandsk, hadde eg følt meg som ein annan person. Eg hadde mista litt av personlegdomen og identiteten min.

22-åringe har hatt nynorsk som hovudmål på skulen. I tillegg prøvar ho å endra alle statlege nettstader til nynorsk. Det har med andre ord ikkje vore noko bokmålsperiode.

– Nei, eg har alltid vore den irriterande i klassen som har vore nynorskforkjempar. Men, det hender at eg tek meg sjølv i å svare på bokmål, om eg får ein jobb-mail eller ei melding på bokmål.

Når ho skriv på til dømes Messenger, er det på dialekt med vener, og nynorsk med folk ho ikkje kjenner.

Sjogg, snø eller snjo, same greia.
Foto: Privat

Dialekt og fordommar

Artisten har også vorte fortalt at dialekta hennar eignar seg godt i musikken.

Synne Vorkinn skriv ofte med ein svensk låtskrivar, og det svenske språket er kjent for å vera eit melodisk språk som funnkar godt fonetisk i musikk.

– Her om dagen nemnde ho at ho synest dialekta mi liknar litt på svensk, når den vert brukt i musikk. Ho meinte det er fordi konsonantane mine er mjukare enn i andre dialekter. Og det stemmer, for i mi dialekt sløyfer vi mange av konsonantane.

Vorkinn peikar på at ho ville sagt «e tenke» i staden for «eg tenkjer», og spekulerer i om det kanskje vert mindre kantete då.

Uavhengig av om dialekta er mjuk eller kantete, trur Vorkinn dialekt generelt har mykje å seia for fyrsteinntrykket ein gjev. Ho har sjølv hatt fordommar mot folk, basert på dialekt.

– For to år sidan flytta eg saman med ei eg ikkje kjende frå Sykkylven. Eg såg nok føre meg at ho skulle vere litt rappkjefta, og påpasseleg med økonomien – men no kjenner eg ho godt, og ho er ein av dei rausaste personane eg kjenner.

– Sjølv om me ikkje vil innrømma det, trur eg dialekter er viktige for fyrsteinntrykket.

Ho meiner hennar eiga dialekt ofte vert assosiert med eventyr og bondeliv, men at dei fleste som vert kjent med henne tenker at ho er normal.

Vorkinn meiner mange forbind dialekta hennar med bondeliv. Kanskje det er noko i det?
Foto: Privat

Sjølv om ho no er artist og låtskrivar på fulltid, finn ho framleis tid til folka rundt seg.

– Eg er oppteken av å ta vare på relasjonar. Eg trur eg flink å møta vener, ringa foreldrene mine på Facetime og så vidare. Så har eg ein kjæraste, eg prøvar å a vare på, midt i alt kaoset.

Og kaos, kan det verta meir av i 2021. Då kjem det meir musikk frå Synne Vo, og den fyrste låta vert sloppe 8. januar.


Ahmed Umar har teke med seg sin sudanske arv i møtet med sitt nye heimland. Foto: Ahmed Umar