Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er oppvaksen med at eg har hatt ein venegjeng som har snakka engelsk. På ungdomsskulen snakka eg engelsk med venane mine i kvart friminutt, kvar time.

Loke Kjersem Krag er 19 år og går påbygg på Bryne vidaregåande skule. Han er norsk, men aller helst både skriv og snakkar han på engelsk.

– Eg skriv aldri norsk, med mindre det er ein norskprøve, fortel Krag på telefon (på norsk) til Framtida.no.

At vi tar intervjuet på norsk, forklarar han med at norsk i større grad har blitt kvardagsspråket hans, rett og slett fordi det er det som blir brukt mest på skule, jobb og i heimen. Krag tilpassar seg omgjevnadane, men om det var opp til han, skulle han helst nytta engelsk.

– Eg hugsar òg at då eg kom heim etter ungdomsskulen, så fortsatte eg å snakke engelsk til foreldra mine. Det gjekk eigentleg ganske greitt med mora mi, men faren min har aldri vore så fornøgd med det, ler Loke.

Når vi avtaler intervju, svarar Loke på tekstmeldingane på engelsk. Og han gjer det ikkje berre fordi temaet for samtalen er språk. Loke fortel at han stort sett alltid skriv på engelsk, anten det er i klassechaten eller på meldingar. Skjermdump

Vitskap og populærkultur

At ein ung jærbu i så stor grad har skifta til engelsk, vekker ofte reaksjonar.

Loke Kjersem Krag. Foto: Privat

– Viss eg skriv engelsk, så spør jo folk kvar eg har lært det eller kvar eg har det frå – eller om eg er engelsk. Då svarar eg ofte at eg har familiemedlemar som er engelske. Det er eigentleg løgn, for alle i familien min snakkar norsk, men då slepp eg å bruke lang tid på å forklare.

Så kvar kjem den store interessa for engelsk frå? Sjølv har Loke kome fram til at det har samanheng med interessa hans for vitskap og filosofi.

Og då er det som oftast engelske folk som er ekspertane. Så dei som eg på ein måte har idealisert i livet mitt er engelsktalande folk, og eg tenker at det er dei eg har etterlikna og prøvd å utvikle meg som.

Han fortel at han assosierer engelsk med meir interessante samtalar, og at han snakkar engelsk med likesinna.

Krag trekker vidare fram at han heilt frå han var barn av syntest engelsk var gøy. Faren pleidde å lære han engelske ord, noko som vekte interessa hans. I tillegg byrja han å game med broren sin, og såg ein del engelskspråklege seriar. Vidare har han prøvd å uttale og lære ord, og googla seg fram.

Lettare enn norsk

Krag meiner likevel at det ikkje er nok å berre observere eit språk for å bli så god i det som han er i engelsk i dag. Ein må òg praktisere det.

For 19-åringen har engelsk blitt mykje lettare å bruke enn norsk.

– Eg har prøvd å øve meg på norsk, for eg har ganske sterk dysleksi, og eg har på ein måte blitt kvitt han på engelsk. Eg har brukt engelsk så mykje at det ikkje er eit problem der. 

Han fortel at han får gode tilbakemeldingar på innhaldet i det han leverer, men at han har skrivefeil i kvar setning på norsk.

– Norskfaget på skulen er jo eigentleg eit litteraturfag og litt smålikt kulturell filosofi, men det blir rana for alt det som er fint med faget når det er så stort fokus på norsken i forhold til alt anna.

Krag fortel at han gjekk første året av vidaregåande på internatskule, og der hadde han ein avtale med lærarane om å skrive engelsk.

– Og det tok som oftast karakterane mine opp eit heilt hakk.

– Når eg seier noko på norsk, så er det 70 prosent sjanse for at eg seinare kjem til å vere ueinig i det eg sa på norsk. Viss eg seier noko på engelsk er det ti prosent sjanse for det same. Den måten eg kan artikulere meg på engelsk står mykje nærare mine eigne tankar, fortel Loke Krag.

Engelsk vil ta over

Loke Krag meiner at vi tviheld for hardt på det norske språket.

– Eg synest det er fint at ein brukar meir engelsk, mest fordi eg trur det berre er ein naturleg overgang.

Han meiner det ikkje er vits i å kjempe mot det, og at det vil vere å gå imot ein naturleg språkevolusjon.

– Eg trur at viss vi gir det nok tid så kjem norsk til å døy ut ganske sakte. Og eg kjenner veldig sterkt på det at Noreg er litt for nasjonalromantisk når det kjem til språk.

Han meiner også at mange ville hatt eit lettare liv i Noreg med mindre fokus på norsk. At engelsk kjem til å ta over i arbeidslivet, meiner han ikkje er eit spørsmål eingong.

– Grunnen til at vi veit at dette ikkje er noko som vil stoppe, er at vi ser at ungdommen gjer det. Og sekundet nye generasjonar byrjar med det, så er det berre ein naturleg ting som skjer. Viss du vil stoppe det, så må du stoppe ungdommane sin tilgang til frie media, til dømes, og det er jo imot ideelle prinsipp.

– Synest du ikkje at det er vemodig om norsk forsvinn?

– Eg har aldri relatert meg sjølv til det språket, og eg kan ikkje seie at landet har så mykje med det språket å gjere, svarar han, og held fram:

– Her på Jæren til dømes får eg klagar for at eg ikkje brukar jærske ord. Men det er jo berre ord, det har nesten ingenting å gjere med min identitet. Men folk er veldig ueinige. Eg meiner jo sjølv at identiteten til Noreg kjem mykje meir frå korleis vi løyser problem i kvardagen.

Ungdommen tyr til engelsk

UNG2022-rapporten frå Opinion syner at mange unge byter heilt om til engelsk. Dei skriv ifølgje VG at:

«De snakker norsk og engelsk om hverandre som om det skulle være ett og samme språk … Dette er en trend vi har sett over flere år, men i 2021 har dette blitt enda større og tydeligere».

Fleire som er intervjua i UNG-rapporten trekker fram at gaming har bidrege til betre engelskkunnskapar.

– Den angloamerikanske populærkulturen gjennomsyrer samfunnet vårt, og det gjeld også for ganske unge born, forklarar språkforskar ved Universitetet i Tromsø Øystein Vangsnes.

vangsnes,

Øystein A. Vangsnes. Foto: Stig Brøndbo, UiT

Han skriv på e-post til Framtida.no at dei aller fleste ungdommar i dag møter engelsk dagleg, anten som konsumentar av engelskspråkleg media i ulike former, eller også som aktive brukarar av språket i samhandling med andre.

Framveksten av internett og sosiale medium dei siste tiåra er ein direkte årsak til dette: Det har auka eksponeringa for engelsk kraftig.

Norsk ungdom har ifølgje Vangsnes høg kompetanse i engelsk, og når kompetansen aukar, er kvar enkelt tryggare på å ta i bruk språket.

– Ein annan grunn – som òg heng saman med den store auken i volum av engelskspråkleg media – er at engelsk har høg status på det vi kan kalle den «språklege marknaden». Det gir rett og slett status å vise at ein meistrar språket.

Kulturell einsretting

Forskaren er ikkje uroa over at dagens ungdom lærer engelsk tidlegare og betre enn generasjonane før dei, men han er uroa over at det kan føre til ei kulturell einsretting og dalande interesse for andre samfunn enn dei engelskspråklege.

– Mi største uro er at «elsken til engelsk», for å kalle det det, og alt det angloamerikanske kan stå i vegen for eit breiare mangfaldsperpektiv i møte med andre kulturar.

At norsk vil døy ut om nokre generasjonar, slik Loke Krag spår, har han derimot ikkje tru på.

– Det kjem ikkje til å skje. Det norske språket kan nok bli påverka av engelsk, og har allereie blitt det, men på same måte som norsk språk vart påverka av lågtysk i seinmellomalderen gjennom kontakten med hanseatane, slutta vi ikkje å ha eit eige språk her til lands.

Språkdirektøren: – Ingen grunn til å tru at engelsk vil erstatte norsk

– Det er fint at norske ungdommar lærer seg fleire språk, og vi skal vere glade for at så mange har gode engelskkunnskapar. Det er litt urovekkjande å høyra at somme ungdommar bruker engelsk i staden for norsk, fordi dei oppfattar at det er høgast status knytt til å bruka engelsk.

Det skriv språkdirektør Åse Wetås på e-post til Framtida.no. Ifølgje Wetås er norsk på somme område i samfunnet utfordra av engelsk, noko som særleg gjeld i universitets- og høgskulesektoren og i delar av det digitale kultur- og medietilbodet.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Men språkdirektøren fortel at norsk er eit relativt stort språk i verda, og i motsetnad til språk som er små og truga, er norsk i den heldige situasjonen at det er nasjonalspråket i Noreg.

– Språket vårt har to sterke skriftkulturar knytt til seg, det er opplæringsspråk i skulen og det er fellesspråket i alle delar av samfunnet vårt. Det er ingen grunn til å tru at engelsk vil erstatte norsk som fellesspråk i Noreg i løpet av dei kommande generasjonane.

Ho meiner likevel ein må følgja med på dei samfunnsområda der norsk har låg status. Der kan vi risikere at språket blir mindre brukeleg.

– Det beste vi kan gjere for det norske språket er å bruke det!

Framtida på engelsk

Så stor del engelsken er av kvardagen til Loke Krag, skulle ein tru at han ser for seg ei framtid i eit engelskspråkleg land. Han fortel at han alltid har hatt lyst til å reise til England, men problemet er at Noreg er eit litt for fantastisk land til at han kan flytte.

– Sånn reint politisk og økonomisk så blir det liksom ikkje så mykje betre enn Noreg. Og eg må ofre ganske mykje viss eg til dømes reiser til USA. Med mindre eg er styrtrik, så er det å skyte meg sjølv i foten tenker eg då.

Målet hans er difor å bli ingeniør, og reise rundt i verda og ha eit par hus her og der.

– Men det er jo ein litt ekstrem draum, så eg må ha ein plan b. Og det er eigentleg berre å bu i landet og kose meg.

Han er likevel ikkje i tvil om at han kjem til å ha engelsk som arbeidsspråk.


Foto: Privat