«NYNORSKTALENT»: Kjartan Lauritzen vart danna for å irritere søskena – no skal han varme opp for Post Malone

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjartan Lauritzen vart danna for å irritere søskena

Per Áki Sigurdsson Kvikne (25) er eitt av ti unge «Nynorsktalent», som vil bli presentert på Framtida.no framover. Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har sete i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen.

– I nokre samanhengar har eg vel opplevd at folk ikkje heilt forstår dialekta mi og spør kva noko betyr, men eg opplever òg at mange berre syng med og kosar seg, seier Per Áki Sigurdsson Kvikne på telefon til Framtida.no.

Han er kanskje betre kjent under namnet Kjartan Laurtizen. Den humoristiske rapparen frå Balestrand i Sogn står bak fleire store hitar dei siste åra, som Nyte D, Fenomenet og La meg være i fred.

26-åringen er ikkje i tvil om kva folk assosierer med artistnamnet.

Fredag, Fredag! syng han, og ler godt.

Fredag er ei av dei mest kjende Kjartan Lauritzen-låtane, med over ti millionar avspelingar på musikkplattforma Spotify. Det er ein låt som er populær å innvie helga med, men som vart litt for hard kost for P1-publikumet ein tidleg morgon.

Frå spøk til alvor, vonar Kvikne at folk ikkje berre tenkjer på fredagsstemning når dei høyrer namnet hans.

– Eg håpar folk tenkjer på noko kjekt, på å vere seg sjølv, på å vere glad og snill, og på eit godt og ærleg bodskap. Men, det er ikkje berre fine ting i verda. Eg bannar masse, og snakkar om livet generelt, men det er viktig å vere ærleg, seier han.

Var redd for å rappe på dialekt

Det var ikkje alltid like naturleg for artisten å lage musikk på sognemål. Gjennombrotslåta Havanna frå 2015 var ikkje på eiga dialekt, men på bergensk.

– Grunnen var at då eg laga min første låt, så var eg i Bergen og studerte musikk. Å synge og rappe er ganske skummelt. Det er ingen som rappar på balestrandsdialekt, liksom. Eg var redd for å bli dømd.

Løysinga blei å skjule seg bak ein karakter, og det er her artistnamnet Kjartan Lauritzen kjem inn i biletet. Alter egoet Kjartan Lauritzen var ein karakter Per laga som barn for å irritere søskena sine. Han var ein betrevitar av ein bergensar med små solbriller. 

Kjartan-namnet er framleis med den dag i dag, men bergensardialekta har Per lagt frå seg. Han kunne ikkje halde fram med å spele ei rolle. 

– Eg merka at dette var gøy, og noko eg ville gjere meir seriøst og kunne kome langt med. Eg gadd ikkje å ikkje vere meg sjølv og gøyme meg då.

– Oppfører folk seg forskjellig når du er Kjartan og når du er Per?

– No forsvann jo karakteren litt, men namnet har blitt igjen. Per og Kjartan er basically det same no. Men heime er eg jo Per, og det er klart at det er mange som kjenner Kjartan som ein “entertainer”.

Må tru på det

Artisten vonar det betyr noko for andre at han rappar på balestrandsdialekta si.

Sjølv ser han opp til rap-gruppa Side Brok frå Hovdebygda i Ørsta, som rappar på sunnmørsdialekt. 

– Dei var stor inspirasjon, og har vore viktige for meg, for det var ikkje mange som rappa på dialekt.

Kvikne trur det heilt sikkert finst fordommar knytt til å rappe på dialekt, men meiner det berre er å motbevise dei, og ikkje bry seg. 

– Ein treng ikkje å vere frå England eller Oslo for å vere rappar, men ein må tru på det!

Per Áki Sigurdsson Kvikne er oppteken av at musikken hans skal formidle noko gøy og ærleg. Foto: Rainer Kleive

Han har ingen fasit på kva som skal til for å lage god «bygderap», men trur det viktigaste er å vere seg sjølv.

– Ting må vere unikt. Og sånn sett er det eit godt utgangspunkt med nynorsk, men ein må gjere det kult.

Likar kjærleik

Per var glad i nynorsk på skulen, og likte godt å skrive.

– Eg likte aller best å skrive skjønnlitteratur, noveller og sånt, men etter kvart blei det mindre av det og meir av det keisame, etter mi meining. 

Favorittordet hans på nynorsk er kjærleik.

– Det er eit fint ord, men det er litt morosamt også. Det kan tolkast på ulike måtar, humrar han.

– Det er ikkje noko eg har tenkt så mykje på, men språket er viktig for meg, og eg glad i dialekta mi og nynorsk, fortel Per Áki Sigurdsson Kvikne. Foto: pressebilete / kollasj Framtida.no

Han er ikkje spesielt glad i å bøye verb, og føretrekker å finne på sine eigne verbbøyingar. Elles er det eit nynorskord han saknar, og det er eit godt ord for rullebrett.

– Eg vil ha eit skikkeleg vanskeleg ord for skateboard på nynorsk som er umogleg å stave!

 Kva dette ordet skal vere har han ikkje noko forslag til, og overlet til fagfolka å lage det. 

Skil seg ut med nynorsk

Sjølv om han først og fremst rappar på dialekt, synest Per det er stas å bli assosiert med nynorsk.

– Eg synest nynorsk er kult, eg! Eg skil meg litt ut med det. Nokon er jo litt flau og slikt, og tenker at det ikkje sel med nynorsk, men i min bransje opplever eg eigentleg ikkje det. 

Kvikne har òg islandske røter, men kan ikkje språket, for då han vart fødd hadde mor hans slutta å snakke det heime.

– Pappa var kanskje heller ikkje spesielt språkinteressert, men han var ein sånn som retta på oss, og passa på at vi måtte seie “sjå” og ikkje “se” sånn som i byen. 

26-åringen held i dag til i Bergen, men synest det går greitt å halde på dialekta. Bergensmålet er ingen trussel, men språket hans er krydra med ein del slang.

– Eg seier til dømes “loke”. Det er litt sann typisk for min generalsjon. Vi lever nærmare kvarandre med internett.

Per Áki Sigurdsson Kvikne på scena under Jugendfest i Ålesund i 2019. Foto: Rainer Kleive

Den einaste situasjonen han kan kome på at han har skrive bokmål, er i samtalar med folk i Danmark og liknande.

– I sosiale medium skriv eg alltid på dialekt. Eg skriv til dømes “dikka”, ikkje dykk. Eg synest nynorsk ser for stivt ut der. Eg føler ein uttrykker seg meir personleg med dialekt. 

Teksta er viktig

Ein slags fagperson i språk kan han på ein måte likevel kallast som ordkunstnar innan rap. Der nokre meiner melodien er det som gjer ei låt, er teksta svært viktig for Per.

– Eg bryr meg veldig mykje om korleis eg skriv ting – eg kan vere oppteken av ordlydar, metaforar, bilete.

Når ei Kjartan-låt blir til, startar det som regel med å lage ein “beat”, og å kjenne på stemninga.

– Så førestiller ein seg kva ein har lyst til å skrive om. Det kan vere ei fiksjonell historie eller noko frå livet. Det kan ta ta alt frå ti minutt til ei veke å lage teksta.

Når Kjartan Lauritzen står på scena gir han alt. Det er ikkje uvanleg at skjorta forsvinn i løpet av ein konsert. Foto: Rainer Kleive

– Mi erfaring er at ein må gå for det første ein føler – er det første ein rosa blyant, så må ein berre gå i gang og gjennomføre og skrive ein låt om ein rosa blyant. 

Rapparen understrekar at han ikkje berre skriv «masse piss for å skrive noko piss». Viss teksta er tullete, så er ho meint å vere nettopp det. 

Kvikne trur at musikken blir oppfatta annleis på norsk og engelsk, og at det blir stilt andre krav til teksta når ho er på norsk.

– Når folk skriv på engelsk er det meir upersonleg. Det er difor eg valde å rappe på norsk. 

I Kjartan-prosjektet vil han halde fram med å lage musikk på norsk. Han innrømmer likevel å ha leika med idéen om å på eit tidspunkt lage musikk med til dømes andre folk og i andre stilar, og då kan engelsk vere aktuelt.

– Men det blir i så tilfelle eit heilt anna prosjekt, og ikkje noko som er planlagt no.

Slepper debutalbumet

Etter eit år der stort sett alt av konsertar har blitt avlyst på grunn av koronapandemien, ser 2021 ut til å by på mykje spanande for artisten frå Balestrand.

I tillegg til å ha brukt koronatida til å starte butikk saman med mellom anna artist Boy Pablo, og å bli gamingambassadør, gir han nemleg ut debutalbumet sitt.

Det er noko han har planlagt heilt sidan han starta med musikken for fem år sidan. Tidlegare har han gitt ut EP-ane Mestertyv EP i 2015, Fenomenet i 2017 og Game Boy i 2019.

Folkemengder som dette under Jugendfest i Ålesund i 2019 blei det lite av i 2020, men Per vonar han igjen kan få publikum til å “klikke” på konsert til sommaren. Foto: Rainer Kleive

– Alle låtane er nye, og eg kunne sikkert laga seks album, så mange låtar har eg skrive sidan eg starta med dei i slutten av 2019. 

Per håpar òg at det snart blir mogleg å spele konsertar. Han er mellom anna booka til å varme opp for verdsstjerna Post Malone til sommaren.

– Så eg kryssar fingrane, men tør ikkje ha forhåpningar. 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Cilantro Dale (@kjartanlauritzen)


Arianrhod Engebø er programleiar i NRK P3. Noko av det ho likar best med radio, er at det er så kort veg frå idé til gjennomføring, og at det er rom for å leike seg. Det ho synest er mest utfordrande er å ikkje bli sett i vanar. Foto: Jonathan Vivaas Kise.