Dette var dei mest lesne sakene på Framtida.no i 2020

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk, diskriminering og Pornhub – dette er dei mest lesne sakene på Framtida.no i 2020

1. Fire finalistar til Årets nynorskkommune

Då Språkrådet lanserte dei fire finalistane i kåringa av årets nynorskkommune tok det heilt av. I saka på Framtida.no hadde me ei uoffisiell avstemming, som vart særleg populær.

Årets nynorskkommune Abid Raja

Kulturminister Abid Q. Raja skal dela ut prisen som Årets kommune til éin av desse kommunane. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet

2. Kåringa av Årets nynorskkommune har tatt heilt av – over 70.000 har stemt

Det bringer oss vidare til andreplassen på lista, som er saka om at over 70.000(!) stemte på kven som burde bli årets nynorskkommune.

Kulturminister Abid Q. Raja skal dela ut prisen som Årets kommune til éin av desse kommunane. Kollasj laga av Framtida.no. Bakgrunnsfoto: Trond Reidar Teigen / NTB

3. Pornhub gir deg gratis abonnement – om du lovar å bli heime

At Pornhub lokka med gratisabonnement lokka lesarar til Framtida.no. Pornogiganten lova nemleg gratis premium-abonnement til dei som haka av at dei skulle halda seg heime og oppretthalda sosial distansering, for å unngå smittespreiing.

Illustrasjonsfoto: Charles Deluvio / Unsplash

4. Vêr-Kristina og Dangfart Tønnessen snakkar ut om kjærleiken

Årets kjendis-skup kom då vêrmeldar i TV 2 Kristina Kvistad Hustad spøkefullt snakka ut om kjærleiken til Dangfart Tønnessen.

Sidan den tid har Hustad stadfesta at ho har funne seg ein betydeleg yngre kjærast enn Dangfart, som må ete kavring åleine.

ROMANTISK: Dangfart Tønnessen og Kristina Kvistad Hustad møttest endeleg etter heftig flørting i sosiale medium. Foto: etter løyve frå Dangfart Tønnessen.

5. Malin (18) fekk ikkje leilegheit – fordi ho er bifil

«Men ser nå at du er bifil så desverre er ikke det aktuelt», var beskjeden Malin Sollund Jacobsen (18) fekk då ho annonserte på Facebook for å få leilegheit i Trondheim.

– Det er heilt idiotisk at ein ikkje skal kunne bu ein plass på grunn av legning. Eg skjønar ikkje kva det skal ha med noko å gjera, sa 18-åringen til Framtida.no i februar.

Malin Sollund Jacobsen (18) Foto: Privat

6. Utleigar til Amanuel (19): «Eg leiger ikkje lenger ut til afrikanske gutar»

Statsvitskapsstudent Amanuel Meselu (19) frå Ås fekk eit dårleg førstemøte med leigemarknaden i studiebyen Halden. Då han tok kontakt med ein huseigar via Finn.no fekk han svar: «Beklager jeg leier ikke lenger ut til avfrikanske gutter».

– Først tok eg screenshot og sende det til søskena og venene mine. Eg lo litt oppgitt av det, og tenkte at det var eit håplaust svar, sa 19-åringen som kjem frå ein etiopisk familie.

Storebroren Daniel Meselu tok saka vidare og tala veslebroren si sak i møte med huseigar.

Amanuel Meselu (19) fekk avslag av huseigar fordi han har etiopisk familiebakgrunn. Foto: Privat og skjrmdump

7. Alt du må vite om munnbind

Dette er noko flest har lurt på i koronaåret 2020, og her finn du alle svara på korleis du brukar og ikkje brukar munnbind:

Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash

8. 1200 år gamal runestein tyder på at vikingar hadde klimaangst

Klimaangst er kanskje ikkje så nytt som ein skulle tru. Ein av verdas mest kjende runesteinar, Rökstenen i Sverige, har lenge vore eit mysterium.

I over 100 år har forskarar trudd inskripsjonane fortel om krigsbragder, men no presenterer svenske forskarar ein ny teori: Den fortel om klimaendringar.

Måleri av Ferdinand Leeke/Wikimedia Commons

9. Nye fylkesnamn skapar forvirring – er ho ein «viking»?

Kanskje har du allereie gløymd det, men 1. januar 2020 tredde den nye regionreforma i kraft. Det innebar at vi måtte ta stilling til kva innbyggjarane i storfylke som Vestland og Viken skulle heite.

– Folk må sjølv finne ut kva dei vil bli kalla. Eg trur folk vil kalle seg det dei er frå. Eg er frå Jessheim i Ullensaker, vi kallar oss ullsokninger. Fylkesidentiteten er ikkje så sterk at det endrar kva vi kallar oss, sa fylkesrådsleiar i Viken, Tonje Brenna (Ap) til Framtida.no.

Tonje Brenna er fylkesrådsleiar i Viken. Foto: Tilnærmet Lik/Viken Arbeiderparti

10. Høie sin tale til ungdomen: – Neste sommar finst ikkje når du er ung

Helseminister Bent Høie sin tale til ungdommen vart raskt ein slager og me i Framtida.no omsette talen til nynorsk så alle kunne forstå bodskapen.

«Eg vil gjerne seie til ungdomane våre at vi ikkje har gløymt dei!
Målet vårt er at dei skal kome tilbake til skulen før sommaren.
Det er mange som har blitt takka for innsatsen denne tida.
No er det på høg tid at vi takkar ungdomane våre.
Dei har ofra mykje.»

Bent Høie talte til ungdommen. Foto: Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix/Privat

11. «Eit lite hjartesukk og ei bøn frå ein sjukepleiar»

Illustrasjonsfoto: Zhen Hu/Unsplash/Privat.

12. «Eg er skeiv, men eg er ikkje stolt. Dessverre»

Kristine Medhaug Grønn skammar seg over å skamme seg over at ho er skeiv. Foto: Privat / illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

13. Sofia (24) fekk ikkje celleprøve – eitt år etter fekk ho kreftdiagnosen

Sofia Brustad-Johnsen (24). Foto: Privat

14. Åsne (26) blir fotografert i smug og har blitt løfta opp av ein framand på byen

Åsne opplever blikk frå framande. Å leve med akondroplasi gjer at ho skil seg ut i mengda. Foto: Peder Skjelten

15. Norsk kvardagsrasisme: «Hald kjeft, jævla negerungar!»

Bilde av rasistiske utsegner

Rasisme i Noreg.

17. Generasjon Z, Boomers, Millennials – kva generasjon høyrer du til?

Foto: Erna Solberg (regjeringen.no), Steinar Sagen (Foto: Eirik Helland Urke/Wikipedia), Kyrre “Kygo” Gørrvell-Dahll (Jordan Strauss/Invision/AP) Ingrid Alexandra (Lise Åserud / NTB scanpix POOL).

18. Kreative løysingar etter plastpose-forbod i Thailand

Thailendarar med kreative løysingar, for å ikkje bruka plastposar. (Foto: f.v: Thitiwut Varoon, ทอปฟี่ แมคอัพ)

19. I bokhylla: Helene Guåker lurer på om hennar kamp hadde vorte like anerkjend som Knausgård sin

Forfattar Helene Guåker har brukt eigne erfaringar i boka «Høgspenning», der hovudkarakteren har ei psykisk sjuk mor. Foto: Iris Engen Skadal, Samlaget

20. CV-ane til statsrådane: Oljeminister Tina Bru (33) har jobba på Carlings

Tina Bru sin CV. Foto: Høgre

I tillegg til desse sakene frå 2020 er lista over «12 kule ord du berre finn på nynorsk» vorte ein Framtida-klassikar. 

I år har Framtida.no òg feira tiårsjubileum. Les historia om korleis me vart til her!