Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 30.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den tapte generasjonen (The Lost Generation)

Einar Gerhardsen. Foto: Oslo Museum

Fødd: 1883-1900

Alder i 2020: 120 – 137 år

Kor mange: 0 % av verdas befolking

Historisk oppleving: Første verdskrig

Kjende namn: Ernest Hemmingway, Virginia Woolf, J.R.R. Tolkien, E.E. Cummings, Franklin D. Roosevelt, Harry S. Truman, Einar Gerhardsen, Kong Olav V, Trygve Lie, Adolf Hitler, Coco Chanel, C.S. Lewis.

Omgrepet kjem frå ei skildring av at mange følte dei hadde mista ungdomstida, på grunn av krigen.

I Noreg opplevde dei unionsoppløysinga (1905), og eit Noreg med gode kår. Industrien vaks, og sosiale lover sikra arbeidarane sine rettar. Industrialiseringa skaut fart og me fekk mellom anna Norsk Hydro og andre kraftleverandørar. Dei fleste arbeidde likevel i primærnæringane i 1939, sjølv om det vart meir og meir sysselsetting i industrien.

Den store generasjonen (The Greatest (G.I.) Generation)

Dronning Elizabeth II. Foto: Joel Rouse (Ministry of Defence

Fødd: 1901 – 1927

Alder i 2020: 93 – 119 år

Historisk oppleving: Andre verdskrig

Kjende namn: John F. Kennedy, Richard Nixon, Ronald Reagan, Trygve Bratteli, Carl Barks, Dronning Elizabeth II, Stan Lee, Betty White, Judy Garland, Gunnar Sønsteby, Alf Prøysen, Thor Heyerdal, Erik Bye, Anne-Cath Vestly, Thorbjørn Egner, Nelson Mandela, Frida Kahlo, Astrid Lindgren, Mor Teresa, Marilyn Monroe, Frank Sinatra.

Vart forma av «Dei harde trettiåra» (The great depression) og var dei som kjempa under andre verdskrig. I 1920 livnærte omlag 40 % av befolkninga  i Noreg seg i større eller mindre grad av jordbruket.

Denne generasjonen opplevde stor teknologisk utvikling i ung alder og fekk til dømes oppleva at radio og telefon vart oppfunne. Dei opplevde også aukt klasseskille og dårleg økonomi. I 1930 slo «krakket» med full kraft inn over Noreg, noko som førte til massivt prisfall, produksjonsnedgong og arbeidsløyse. Eksporten til utlandet fall med 30 % frå første halvår 1930 til første halvår 1931.

Den stille generasjonen (The Silent Generation)

Bernie Sanders. Foto: Gage Skidmore

Fødd: 1928 – 1945

Alder i 2020: 75 – 92 år

Historisk oppleving: Vietnamkrigen

Medium konsum: TV, radio og aviser.

Kjende namn: Martin Luther King Jr., Bernie Sanders, Fidel Castro, Che Guevara, Gro Harlem Brundtland, Kim Friele, Rolf Wesenlund, Liv Ullmann, Kong Harald V, Stephen Hawking, Elvis, Audrey Hepburn, Andy Warhol, Morgan Freeman, Jane Fonda.

Omgrepet kjem frå ein artikkel i Time-magasinet frå 50-talet og skildra at barna i denne generasjonen vart oppdratt til å bli sett, og ikkje høyrt. Dei vart med andre ord oppdratt til å vera stille, og ikkje snakka ut om eigne synspunkt på det som skjedde i verda. Likevel var det mange sterke stemmer i denne generasjonen, og fleire demonstrasjonar og rørsler vart sett i gong av desse.

I USA har ein del av dei vore med i Korea-krigen, nokre også i andre verdskrig og i Vietnam-krigen. Desse var i stor grad små/ungdomar under andre verdskrig.

Boomers

Donald Trump. Foto: Shealah Craighead – White House

Fødd: 1946 – 1964

Alder i 2020: 56 – 74 år

Historisk hending: Månelandinga

Medium konsum: TV, radio, aviser. Facebook.

Kjende namn: John Lennon, Joachim «Jokke» Nielsen, Grethe Waitz, Erna Solberg, Jens Stoltenberg, Morten Harket, Frank Aarebrot, Steve Jobs, Donald Trump, Barack Obama, Brad Pitt, Prinsesse Diana, George Clooney, Ellen DeGeneres, Tom Hanks, Keanu Reaves, Jo Nesbø, Jon Fosse, Putin, Bill Gates, Michael Jackson, Dolly Parton, Madonna.

Desse vart til etter mang ei romantisk gledesaftan då andre verdskrig var ferdig. I oppveksten deira rådde optimisme og framgang. Dei opplevde månelandinga (1969), den kalde krigen, hippie-tida og the Beatles si stordomstid.

Aldri har det blitt fødd fleire barn i Noreg enn i 1946. Mellom 1955 og 1965 hadde norske kvinner høgare fruktbarhet enn nokon gong sidan byrjinga av 1920-tallet, med eit gjennomsnitt på tre barn.

Generasjon Jones

Mellom Boomers og Gen X, er det ein overlapp som vert kalla Generasjon Jones (fødd mellom 1954 og 1965). Barack Obama er «Jones-ar».

Generasjon X

Kim Kardashian

Fødd: 1965 – 1980

Alder i 2020: 40 – 55 år

Historisk hending: Berlinmurens fall

Medium-konsum: TV og Facebook.

Kjende namn: Harald Eia, Joanne «J.K.» Rowling, Sissel Kyrkjebø, David Beckham, Kim Kardashian, Will Smith, Leonardo DiCaprio, Halle Berry, Jenifer Aniston, Ane Brun, Aksel Lund Svindal, Marit Bjørgen, Karl Ove Knausgård, Robert Downey Jr.

På mange måtar ein generasjon litt fortapt mellom dei før og etter seg. Desse vart forma av Berlinmurens fall (1989) og slutten på den kalde krigen, noko som også betydde ei gjenoppbygging av Europa og eit nytt verdsbilete.

Her var fokus å få seg jobb, med lite rom for idealisme. Dei opplevde teknologiutvikling og heng med, men er mindre avhengige av smarttelefonane sine enn generasjonane som kjem etter.

Xennials eller Ironigenerasjonen

Ein bittelitten overlapp finn me også mellom Gen X og Gen Y. Her er nemleg Xennial-ane. Fødd mellom 1977 – 1983. Desse stod i spagaten mellom ein analog barndom og eit digital vaksenliv. Her finn me til dømes Beyoncé, Paris Hilton, Meghan Markle og Kristoffer Hivju.

Millennials (Generasjon Y)

Taylor Swift. Foto: Glenn Francis

Fødd: 1981 – 1996

Alder i 2020: 24 -39 år

Historisk hending: 9/11 og 22. juli 2011.

Medium-konsum: TV (Streaming) og fleire sosiale medium

Kjende namn: Kim Jong-Un, Serena Williams, Lionel Messi, Mark Zuckerberg, Malala Yousafzai, Prins Harry av Sussex, PewDiePie, Magnus Carlsen, Beyoncé, Britney Spears, Justin Bieber, Ariana Grande, Selena Gomez, Zendaya, Kygo, Astrid S, Aurora, Sigrid, Ylvis, Maria Mena, Sondre Lerche, Taylor Swift, Josefine Frida Pettersen, Sophie Elise, Lady Gaga, Cardi B, Miley Curys.

Generasjonen vaks til om lag rundt millenniumsskiftet – frå 1900 til 2000. I 2019 var medianalderen i verda 29,8 år – altså millenials. Av historiske hendingar som har prega generasjonen er 11. september-terroren i New York 2001, finanskrisa i 2008 og sjølvsagt 22. juli 2011 for oss i Noreg.

Denne generasjonen er forma av å ha opplevd internett ta over verda, i tillegg til eksplosjonen av sosiale medium. Teknologi er ein del av kvardagen, og det meste skjer på skjermen. I 2014 vart generasjonen kåra til «me-me-me»-generasjonen av Time Magazine. 

Generasjon perfeksjon og Generasjon Alvor

I Noreg har me brukt omgrepet «Generasjon Perfeksjon». Det er ikkje blitt heilt definert, men i ei masteroppgåve i psykologi, vert det definert som folk fødde mellom 1985 og 2000.

I eit meininginnlegg i Morgenbladet, vert omgrepet «Generasjon alvor» brukt om dei fødd etter 1989, med referanse til dei som vaks opp og opplevde 22. juli.

Det er elles blitt prøvd ut ein drøss med kallenavn for denne generasjonen og Gen Z. Generasjon flink, lydig, snill, perfekt, prestasjon, not attending, yolo, meg meg meg, sjølvopptatt, sex, skjermtroll og mange fleire.

Generasjon Z  (Centennials/Zommers/Gen Snowflake)

Billie Eilish. Foto: Eric Garcetti

Fødd: 1997-2012

Alder i 2020: 8 – 23 år

Historisk hending: Donald Trump vald som president og #metoo fór over heile verda

Medium-konsum: Mobil og Youtube

Kjende namn: Greta Thunberg, Billie Eilish, Millie Bobby Brown, Marcus og Martinus, Martin Ødegaard, Camila Cabello, Shawn Mendes, Tarjei Sandvik Moe, Kylie Jenner, Charli D’Amelio, Ingrid Alexandra, James Charles

Også kalla «Post-millennials». Fekk mobiltelefon i 10-årsalderen, og vaks opp med å leika med foreldra sine mobilar og nettbrett. Dei norske i denne generasjonen brukar i omlag to timar på mobilen kvar dag.

Desse har vakse opp med framveksten av IS og «Krigen mot terror», og med Trump litt for nære atomkrig-knappen fryktar fleire 3.verdskrig. Elles har dei eit stort engasjement for klima, og mange fryktar konsekvensane klimakrisa vil ha på liva deira.

Genererasjon Alpha

North West. Foto: @kimkardashian/Instagram

Fødd: 2012 –

Alder i 2020: 0 – 8 år

Kjende namn: Blue Ivy Carter, North West

Den neste generasjonen vert kalla Generasjon Alpha. Generasjonen som aldri har levd utan nettbrett eller mobilar og internett. Dei har heimar med «Alexa» og «Ok, Google» og kanskje må dei aldri ta lappen, men kan køyra heilautomatiske bilar?

Meir enn 2,5 millionar vert fødd kvar veke, og det er hovudsakleg milliennials som er foreldra deira. Det er venta at det blir den høgast utdanna og den rikaste generasjonen nokonsinne.

Obs: Alle årstala må takast med ei bitttelita klype salt. Det er nemleg umogleg å fastsetja nøyaktig heilt på årstalet. Men dette er sånn omlag rett. Og nokre av tala er blitt «godkjende» av forskarar på Pew Research Center. Prosenttala for kor mange prosent aldersgruppa utgjer i verda i dag, er henta frå Worldometers.info.