Då eg var 20: Thomas Felberg brende bilete av Sissel Kyrkjebø på TV

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 18.01.2021 16:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var ganske einsidig i det eg dreiv med: Rock, rock, rock. Spele rock, høyre rock, undersøke rock, fortel Thomas Felberg (48) om seg sjølv som 20-åring. 

Året er 1992, Felberg og barndomskameratane har allereie danna rockebandet WE, og ambisjonsnivået er høgt:

– Vi øvde og øvde og vart betre og betre. Vi skulle verte rockestjerner. Vi skulle ta over verda.

Frå han som 20-åring drøymde om verdsherredøme som rockar, tok det tolv år før WE og Thomas Felberg fekk sitt store gjennombrot. Albumet Smugglers frå 2004 gjekk rett inn på førsteplass på VG-lista, og sikra bandet både Spellemannsprisen og Alarmprisen.

Seinare har Thomas Felberg vorte eit kjent fjes også utanfor musikken, med sitt eige nostalgiske program Tidsbonanza, dommarplass i Stjernekamp og no seinast i den nye sesongen i Farmen kjendis.

Thomas Felberg fortel at han er spent på korleis Farmen kjendis er klipt saman, og på kva folk seier bak ryggen til kvarandre: – Eg tek meg sjølv lite høgtideleg, og om folk ikkje synest eg er kul, så får eg berre ta det. Det er eit spel, det er ikkje røynda. Foto: Espen Solli / TV 2

Fekk sin første break av Hellbillies-Aslag

Då Thomas Felberg var 20 år gamal, hadde han nettopp flytta heimanfrå til eit kollektiv på Bislett og fått sin første jobb i musikkbransjen – i platebutikken Imerslund på Arkaden.

– Det var faktisk Aslag Haugen, leiaren for Hellbillies, som var sjef der, før Hellbillies i det heile var eit band. Han gav meg min første break i musikkbransjen, seier Felberg på telefon til Framtida.no.

– Eg sa til han at eg kan ingenting om å drive butikk, men eg kan musikk. Han svara at «vi får vel prøve då,» og gav meg jobb, seier 48-åringen og ler.

Thomas Felberg har eitt råd til unge i dag: – Stå opp og møt til rett tid. Det er halve jobben! På bilete er han kring 14 år gammal. Foto: Privat

Felberg fortel at å arbeide i platebutikk var som å ha sin eigen Spotify 15 år før det var allemannseige. Han hadde eit kvelv av musikk frå dei føregåande tiåra fritt tilgjengeleg, og dei eldre kollegaane hans kom stadig med nye platetips til 20-åringen.

Han fekk ei brennande interesse for musikk frå 50-talet og fram til samtida, og størsteparten av løna gjekk til å kjøpe plater. Felberg var oppteken av grunge, lytta til Dr. John, Soundgarden og Alice in Chains og oppdaga hiphop.

– Eg fekk tidleg allsidig smak. På 90-talet var verda allereie min østers.

Felberg vert litt nostalgisk når han mimrar tilbake til Oslo og musikkbransjen på den tida. Han fortel at det var ei platesjappe i kvar ein bydel, og med mindre du piratkopierte eit album frå ein venn, så laut du stikke i platebutikken for å oppdatere spelelista di.

– Det var utruleg gøy når det kom ei ny plate i butikken, og det var kø utanfor om morgonen. Folk stod der før opningstida, sprang inn og dei nye platene vart rivne vekk. Det var ein annan temperatur då.

Ville bli rockar som 6-åring

Sjølv har Thomas Felberg vore sikker på kva han vil verte i livet heilt sidan han var 6 år gammal.

– Det var ingen tvil. Eg har visst det sidan 1978, då eg oppdaga The Beatles for første gong. Og frå eg høyrde Bon Scott, og for første gong spelte så høgt at mor mi klaga over at det var bråkete musikk.

AC/DC-klassikarane Rock ‘N’ Roll Singer og It’s A Long Way To The Top (If You Want to Rock ‘n’ Roll) inspirerte unge Felberg, og han spelte dei til det ljoma i veggane.

– Eg skjønte at det var rock eg skulle drive med, og det var rockar eg ville vere. 

Sidan vakla han aldri i trua, heller ikkje då han ein liten periode i starten av 20-åra budde i kjellaren til øvingslokalet, bar alt han trong med seg i ein liten sekk, og spurde kjende om han fekk låne dusjen når han var innom.

– Eg har gjeve hud, hår, blod, sveitte og tårer for dette, så då suksessen kom, så var den jobba for og fortent. Eg var litt for sta for mitt eige beste.

Om nokon fortalde han at «du kan gjere andre ting òg», ville han ikkje høyre etter.

– Eg ville svelte, vere blakk og leve rockemyten.

Nirvana, Clinton og Sissel Kyrkjebø

20-årige Thomas Felberg levde og anda for musikken, og la ikkje så altfor mykje merke til verda utanfor.

48-åringen hugsar likevel at 1992 var året Bill Clinton vart vald til president, at han var på ein skuffande Nirvana-konsert på Kalvøyafestivalen og at Danmark vann EM i fotball medan han var på Roskilde.

Thomas Felberg stod i publikum då Kurt Cobain og Nirvana spelte på Kalvøya-festivalen i 1992. Foto: NTB arkivfoto Agnete Brun / NTB

– Dei stoppa opp alle konsertane for å vise kampen på storskjerm. Det var kjempestemning. Dette var før Drillo tok skikkeleg av, og danskane synte at det var mogeleg å vinne EM.

Det var òg året då Thomas Felberg debuterte på tv, då WE var hyra inn som husband i NRK-programmet The Show med Otto Jespersen, Charlo Halvorsen og Stig Holmer.

– Det var første gong moderne, ny ironisk humor vart lansert på norsk tv. Vi trudde vi fekk jobben fordi vi var gode, og at dette skulle breake oss, men det var kanskje ikkje slik.

WE spelte eigne punk og rock-versjonar av kjende songar, og Thomas Felberg skreik seg hås over klassikarar som Barn av regnbuenJulekveldsvisa og Kjærlighet av Sissel Kyrkjebø.

Dei kjende sjeldan at låten vart særleg bra på første forsøk, men kvar gong dei spurde produksjonen om å få ta det ein gong til, fekk dei til svar: «Takk skal de ha. Det var heilt perfekt. Ferdig!»

– Så vi sleit litt med det. Vi var veldig seriøse, og hypp på å verte tekne alvorleg, men vart litt eit humorband, minnest Felberg. 

Heile The Show ligg tilgjengeleg i NRK sin nettspelar, om ein vil høyre Thomas Felberg (vokalist) synge klassikarar med ein 90-tals punk-vri. Skjermdump frå NRK.

Julespesialen er den som sit lengst framme i pannebrasken, for då vart dei politimelde for åtferda si på scena:

– Vi spelte Kjærligheit og eg trur eg brende eit bilete av Sissel Kyrkjebø. For vi skulle jo vere rebellar, sant. Eg trur nokon vart fornærma av det, og det var jo ordentleg barnsleg.

Thomas Felberg presiserer at han sjølvsagt ikkje har noko mot Sissel Kyrkjebø, verken då eller no.

Har fyllbyrda draumen

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20 år?

– Kjensla av å vere ung og klar for livet, og å ha trua på at noko bra skal skje. Men òg å vere veldig usikker på seg sjølv.

Han ville rådd seg sjølv til å ikkje stresse så fælt, men ta eitt steg tilbake og ta det litt meir med ro.

– Du er ein blid og sjarmerande gut, med mykje potensiale, men du må puste litt, ville han ha sagt.

Når han ser tilbake på livet han levde og fokuset han hadde som 20-åring, medgjev Thomas Felberg også at han nok kunne vore litt mindre einspora i ungdomsåra.

– Eg hadde sagt til meg sjølv at det går an å gjere andre ting, ikkje sats alt på eitt kort, seier han, og legg til at han i dag ynskjer 20-åringen hadde via litt meir tid til å verte handy.

Men det er ikkje berre negativt å vere så dedikert som Thomas Felberg og bandkollegaane var.

Målet han sette seg då han var 6 år, og som tok opp mesteparten av tida då han var 20 år, skildrar han sjølv som delvis oppnådd. Han har ikkje budd i London eller Los Angeles og levd rockelivet til fulle der, men han har spelt i begge storbyane.

– Eg har fullbyrda draumen sånn sett.

Høyr låten «Catch Electrique» frå WE sitt prisvinnande album Smugglers: 


Ingebjørg Bratland levde allereie av musikken som 20-åring. Foto: Knut Utler, Astrid Waller/Cappelen Damm