Utdanningsdirektoratet tilrår å avlysa eksamen i vår

Koronasituasjonen gjer at Utdanningsdirektoratet meiner det ikkje er tilrådeleg å gjennomføra skiftleg eksamen for vidaregåande og 10. trinn.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 31.01.2021 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me meiner det ikkje lenger er tilrådeleg å gjennomføra skriftleg eksamen som sluttvurdering for elevar. Det kan vera mogleg å gjennomføra lokalt gitt munnleg eksamen for elevar, men vår tilråding er å avlysa denne òg slik at skulane kan fokusera på opplæringa og standpunktvurderinga.

Det skriv divisjonsdirektør Sissel Skillinghaug og avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen i eit notat til Kunnskapsdepartementet som Framtida.no har fått tilgang til.

Divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet Sissel Skillinghaug. Foto: Udir

I ein kommentar til Framtida.no seier divisjonsdirektør Sissel Skillinghaug:

– Fordi det har vore, og framleis er, så store variasjonar i tilbodet til elevane, er det vurderinga vår at det ikkje er riktig at alle elevar skal ta den same eksamenen. Me tilrår derfor at skriftleg eksamen for elevane i grunnskulen og vidaregåande blir avlyst våren 2021.

– Det er eit viktig prinsipp for eksamen at han skal vera lik og rettferdig for elevane, og i dette skuleåret kan me ikkje vera sikre på at alle elevar har fått den opplæringa dei har rett på, understrekar Skillinghaug.

Vil trygga opplæringa og gi ro

Utdanningsdirektoratet meiner også munnleg eksamen bør avlysast for å trygga opplæringa og standpunktvurderinga og gi ro rundt avslutninga av skoleåret.

– Me gjer merksam på at smittevernscenario med høg smitte og tiltak på raudt nivå er sannsynleg under gjennomføringa og at den praktiske gjennomføringa vil opplevast
som ei tilleggsbelastning på elev og lærar, skriv divisjonsdirektør Sissel Skillinghaug og avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen i notatet til Kunnskapsdepartementet.

Tilrådinga til Utdanningsdirektoratet er at eksamen blir haldne for dei same gruppene som for eksamen våren 2020.

Det betyr at privatisteksamenar blir haldne, i tillegg til eksamen for elevar på enkelte utdanningsprogram med særskilde krav til eksamenar.

Kunnskapsministeren avgjer

I går kunne Framtida.no melda om at eit stort fleirtal av elevrådsleiarane i Noreg meiner eksamen må avlysast. Og i sist veke bad Skolelederforbundet om at eksamen burde bli avlyst.

Kristin Schultz, leiar av Elevorganisasjonen
Foto: Elevorganisasjonen

Elevorganisasjonen har lenge tatt til orde for å avlysa vårens eksamen.

– Me i Elevorganisasjonen er utruleg glad for at Utdanningsdirektoratet har kome med denne tilrådinga. Me meiner det er det einaste ansvarlege på dette tidspunktet, og er glade for å ha Utdanningsdirektoratet i ryggen. No må me berre håpa på at kunnskapsminister Guri Melby bestemmer seg for å avlysa eksamen.

Det er kunnskapsminister Guri Melby (V) som tar den endelege avgjersla om eksamen må avlysast.

Tysdag ettermiddag svara kunnskapsministeren at ho har invitert til møte med lærarorganisasjonane, Elevorganisasjonen og KS for å drøfta dette innspelet onsdag.

– Eg skal sørga for ei avgjerd så raskt som mogleg. Det er viktig at både skular og elevar veit kva dei skal planlegga ut frå. Dette er ei viktig avgjerd som vil få konsekvensar for elevane – både om me vel å ha ei form for eksamen eller å avlysa.

Les saka her: Kunnskapsministeren om eksamen: – Skal sørgja for ei avgjerd så raskt som mogleg


Les også: SV tek vårens eksamen til Stortinget: – Guri Melby somlar

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Synnøve Kronen Snyen (t.h) er ikkje imponert over kunnskapsminister Guri Melby (V) si handsaming av eksamen og gler seg over at moderpartiet tek saka til Stortinget. Foto: Venstre, SU