Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som er viktig er å stemme noko som varetek svalbardpolitikken og familiesamfunnet her.

Det seier Amalie Henriksen på telefon frå Longyearbyen. 22-åringen har budd på Svalbard sidan 2001, altså sidan ho var to år gamal.

– For min del har det vore veldig inkluderande og trygt å vekse opp her, og så er det jo eit utruleg mangfald av kulturliv, som har vore veldig viktig for min del i alle fall. I tillegg har ein moglegheita til å dra på turar, fortel Henriksen.

No er stortingsvalet rett rundt hjørnet, og for Henriksen er det å stemme svært viktig. Ho fortel at ho har fått bruke stemmeretten sin heilt sidan ho var 16 år, som ein del av prøveprosjektet med stemmerett for 16-åringar. Ho har difor allereie stemt i to lokalval på Svalbard, og skal no stemme i sitt andre stortingsval.

– Eg har vore engasjert, men ikkje vore med i noko ungdomsparti. Men, eg har brydd meg om det som skjer her.

longyearbyen, svalbard, is, snø

Longyearbyen, utsikt opp over dalen, i oktober. Foto: Bente Kjøllesdal

Som å stemme frå utlandet

Valdirektoratet opplyser at dersom ein skal stemme frå Svalbard i stortings- og sametingsvalet, gjeld dei same ordningane som for å stemme frå utlandet.

Førehandsstemminga i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen har vore open frå 1. juli og siste dag for å førehandsstemme er 3. september.

Svalbard er ikkje eit eige valdistrikt, men innbyggjarane som kan stemme frå Svalbard eller Jan Mayen blir ført i manntalet i den kommunen dei sist var folkeregistrert som busette.

Vil endre stemmeretten på Svalbard

Ei sak som opptek Amalie Henriksen på Svalbard, er korleis stemmeordninga der skal fungere. No har regjeringa nemleg føreslått å endre reglane for val på Svalbard.

Akkurat i stortingsvalet får det ikkje så mykje å seie, då det berre er norske statsborgarar eller dei som er eller har vore regisistrert som busette i Noreg som har stemmerett. Men ei innskrenking i stemmeretten vil påverke lokaldemokratiet på Svalbard.

Ifølgje Statistisk Sentralbyrå var det i første halvår av 2021 2459 innbyggjarar på Svalbard, busette i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Øygruppa har innbyggjarar frå fleire titals nasjonalitetar.

Slik det er i dag, og slik det har vore sidan lokaldemokratiet i Longyearbyen blei innført i 2002, kan dei som har vore busette på Svalbard i tre år stemme ved lokalval. Regjeringa har no sendt eit forslag på høyring som vil ta frå utanlandske statsborgarar stemmeretten i lokalval med mindre dei har budd tre år på fastlandet i Noreg. Dei mistar då retten til å stemme ved val og retten til å sitje i lokalstyret på Svalbard.

– Og det er det veldig mange som reagerer på, for her bur det jo veldig mange, for eksempel thailendarar som har budd her i 20-30 år, seier Henriksen.

Ho drar parallellar til seg sjølv, som berre har budd på fastlandet i Tromsø i 2 år. Sidan har ho budd på Svalbard.

svalbard, longyearbyen

Amalie Henriksen.

– Eg føler det blir meir og meir klasseskilje i denne byen.

Regjeringa viser til at befolkingssamansettinga i Longyearbyen har endra seg sidan 2002, og at eit sentralt mål i svalbardpolitikken er å oppretthalde eit norsk samfunn der.

Amalie Henriksen forstår at ein ønskjer å vareta dei norske interessene sidan det er norsk suverenitet, men meiner innskrenking av stemmerretten er unødvendig.

Køyreforbod

I haust blir Amalie Henriksen å finne i Tromsø, der ho skal studere. Då Framtida.no snakka med ho tidlegare i sommar var ho likevel engasjert i korleis politikken og valet påverkar samfunnet på Svalbard.

Ei av sakene ho trekker fram som viktig sett frå eit Svalbard-perspektiv, er innskrenking av kvar ein kan køyre med skuter.

Ho er forstår at det må finnast visse køyrereglar, men er kritisk til at det skal kome for mange restriksjonar og bli for strengt, og viser til at det er planar på høyring om gjere nasjonalparkar og andre område stengde for køyring.

– Sjølvsagt skal ein verne om naturen, men det byrjar å bli høge skuldrer for å seie det sånn når det kjem til køyreforbod og slike ting, fortel ho og legg til:

– Det er jo den fridomen til å kunne dra på tur her ganske fritt som drar ganske mange opp hit. Og viss han forsvinn, trur eg kanskje ganske mange andre også vil forsvinne. 

Henriksen synest òg det kan vere skilnad på kor ein turist har lov å køyre og kor ein fastbuande har lov å køyre. 

– Sånne typar tilbod er jo ein av grunnane til at ein har valt å bli her, så det er også sånne ting som er viktig for meg når eg skal stemme.

Skutertur på Svalbard. Foto: privat

Byråkratane forstår ikkje samfunnet

Ei anna sak Henriksen er oppeteken av, er at industrisamfunn er noko ho synest ein skal halde fram med.

– Fordi det er grunnen til at Svalbard er her i dag.

Men slik blir det ikkje på Svalbard, der den tradisjonelle gruvedrifta no er eller blir lagt ned.

I fjor blei Svea-gruva stengd etter 103 år med drift, kolkraftverket i Longyearbyen blei i januar i år bestemt fasa ut, og no har styret i Store Norske vedteke at Gruve 7, den siste norske gruva som framleis er i drift der, blir lagt ned når kolkraftverket blir bytt ut.

– Eg skjønar også at ein må utviklast i samsvar med tida ein er i. Men no er vi komne til eit punkt der vi skal vere så grøne, vi skal tenke så mykje på naturen, men vi skal berre satse på turisme og forsking. Og det går ikkje heilt hand i hand, og det synest eg er litt merkeleg.

Henriksen opplever at Svalbard får merksemd i politikken, men at det ikkje alltid er slik at det som fungerer på papiret samsvarar med det som skjer på ekte.

– Veldig mange av byråkratane i Oslo-gryta, dei skjønar ikkje heilt kva som føregår her oppe, seier ho og utdjupar:

– Dei kjem med forskrifter og lover og sånn som strider ganske imot det samfunnet folk ønskjer å leve i her oppe. Ein må finne ein balanse der. 

Førstegongsveljar

Henriksen får støtte i dette frå 18 år gamle Peder Jenssen, som har budd i Longyearbyen i sju år.

Jenssen fortel at han har budd så lenge på Svalbard at han blir mest påverka av det som skjer der oppe, og ikkje tenker så mykje på politikken på fastlandet. Han opplever at det ikkje er så mykje i stortingsvalet som dreier seg om Svalbard, og han skulle ønske at dei nasjonale politikarane tok enda meir omsyn til ishavsøya.

Peder Jenssen. Foto: Privat

– Svalbard er ein viktig del av Noreg. Det er eit lite samfunn som har stor påverknad på heile Noreg, rett og slett. 

18-åringen tar fagbrev som tømrar og studiespesialisering samstundes gjennom YSK-linja, og skal stemme for første gong i årets stortingsval.

– Det er jo litt artig å kunne delta i storpolitikken, seier han på telefon til Framtida.no, og legg til at han tidlegare har vore med i både ungdomsorganisasjonar og i Svalbard Arbeidarparti, men at han ikkje gjer det no lenger.

Klima og infrastruktur

Sakene Jenssen seier han er mest oppteken av er barn og unge, klima og infrastruktur.

Han er oppteken av at det skal vere tilrettelagt for barn og unge, med tilbod for aktivitetar, skule og utdanning. Når det kjem til infrastruktur er cruiseturismen ei viktig sak, der han allereie har opplevd at dei har fått gjennomslag.

– No har dei kutta dei største båtane. Vi er ein by med rundt 2000 innbyggjarar. Når det kjem skip med 4500 passasjerar, så fyller dei opp heile byen. Det blei litt mykje. Så sånne ting er litt artig å vere med på å bestemme.

Jenssen fortel at ein ser klimaendringane enda raskare på Svalbard enn på fastlands-Noreg.

– Du ser veldig radikale endringar. Dei to første åra eg kom opp hit, i 2014 og 2015, så regna det éin dag i året, og då var det litt yr. No ser vi oftare kraftige regnskyll som dei ein har i Oslo. Og ein ser breane som smeltar om somrane og korleis vinteren endrar seg frå år til år.

Ein av dei store isbreane som kalvar ut i Kongsfjorden ved Ny-Ålesund på Svalbard. Foto: Are Føli / NTB scanpix / NPK

Kor vidt han kjem til å bu på Svalbrad i framtida veit han ikkje.

– Litt av grunnen til at eg bur her er fordi eg likar å køyre skuter og friluftsmoglegheitene ein har. Og det er eigentleg vanskeleg å seie korleis det blir i framtida, med tanke på klimaendringar og sånn, som ein ser ganske raskt her oppe. Men eg stortrivst her, så eg har ingen problem med å bu her vidare.

Som Amalie Henriksen er også Peder Jenssen oppteken av koldrifta på Svalbard. Den kampen er over no, men han har eit ønske om at det skal bli reversert.

– Eg ser ikkje nokon grunn til kvifor dei skal leggje det ned. Med tanke på arbeidsplassar og nye energiløysingar så er det så mykje styr. Vi mistar mange arbeidsplassar. Det er meir styr enn gevinst.

– Svalbard har alltid vore eit arbeidarsamfunn.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.


– Det er godt å få skrive boka ferdig, og at den no skal ut, men eg er ikkje van til å vere på den andre sidan av journalistblokka, fortalde Line Nagell Ylvisårker som i fjor debuterte som forfattar med boka «Verda mi smeltar». Portrettfoto: Samlaget / Bakgrunnsbilete av Adventfjorden på Svalbard: Bente Kjøllesdal