Yrket mitt: Benjamin (30) er psykolog

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.08.2021 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange som trur vi har ein quick fix på alt, men det gjeld svært sjeldan. Det er hardt arbeid å skulle endre på noko ved deg sjølv, så det å kome med den beskjeden er kanskje litt røft.

Det fortel Benjamin Silseth på e-post til Framtida.no. 30-åringen frå Bærum arbeider som psykolog i Drammen, og fortel at noko av det mest utfordrande med jobben er å byggje tillit.

– Men tillit er jo òg fint, for då kan vi jobbe saman!

Ein sosial type

Sjølv har Benjamin Silseth alltid ynskt å verte psykolog, noko han trur er fordi han elskar å omgåast med menneske og er veldig nysgjerrig på kvifor vi er som vi er.

– Det er jo ikkje alltid ein finn svar på det, men det er nok mest fordi eg likar så godt å verte kjend med folk.

Mor hans inspirerte han til å ta kontakt med ein karriererettleiar, og også der vart Silseth peika i retning av psykologien.

– Det var deilig med ei stadfesting på at eg kom til å passe til den jobben – sjølv om eg ikkje trur karriererettleiing er ein 100 prosent vitskap. Eg kjenner meg ikkje så veldig som ein psykolog eigentleg, eg berre er det.

Må vere fleksibel

I 2018 byrja Benjamin Silseth som psykolog i det då nyoppretta FFT-teamet i Drammen. Dei driv med funksjonell familieterapi, som har samtalar der både ungdom og foreldre deltek.

– Det var eit nyoppretta team, så vi bygde heile teamet frå botnen av. Det er noko av det morosamaste eg har vore med på, og eg har vorte der sidan då, fortel 30-åringen.

Kvar dag arbeider han med ungdom og deira familie og kvardag, noko som òg var målet hans då han tok til på yrkesvegen.

– Det er veldig spennande og morosamt, og alle familiar er ulike, noko som betyr at jobben varierer mykje òg. Det betyr òg at eg må vere mykje meir fleksibel enn elles, så det er ei god utfordring for meg sjølv òg. Det trur eg hjelper mykje på, og engasjerer meg mykje!

Ein vanleg arbeidsdag i Drammen startar med Teams-møte og rettleiing på føremiddagen og elles faste klientavtalar med familiar.

– Stort sett skjer samtalane på kontoret mitt, men eg er òg på heimebesøk eller gåturar innimellom, fortel Silseth.

Nokre gongar føregår samtalane andre stadar, for ikkje alle synest det er like kult å sitje på eit lite kontor og sjå fjeset hans, fortel psykologen humoristisk.

– Nokre føretrekker å gå eller køyre på tur, for å lettare kunne prate om ting som er vanskelege.

Psykologutdanninga er oppskrytt

På spørsmål om kor vidt utdanninga førbudde han på yrket, svarar Silseth både ja og nei.

– Psykologutdanninga er nok litt oppskrytt, og ein vert litt lurt til å tru at ein er ekspert på alt etter utdanning. Det er ein IKKJE. Tvert imot, svarar han og forklarar:

– Eg har aldri lært så mykje som det første året etter utdanninga, så eg trur det er viktig å ha i bakhovudet som fersk psykolog – du kan ikkje alt.

Psykologutdanninga har lenge vore ei av dei mest populære studieretningane i landet. I 2021 hadde heile 1102 søkjarar psykologiutdanning ved UiO som førsteval, endå det berre var 65 planlagde plassar tilgjengelege.

Benjamin Silseth rår unge som ynskjer å verte psykolog om å byrje tidleg, for det krev gode karakterar å kome inn på ei studieretning med så høgt snitt. For å kome inn på profesjonsutdanninga i psykologi ved UiO var poenggrensa på heile 58,0 for førstegongsvitnemål hausten i fjor.

– Og ha det gøy med vegen mot å verte psykolog – det er 10 gongar morosamare å jobbe som psykolog enn å studere psykologi, rår Silseth.

–  Kven passar yrket for?

– Alle som er nysgjerrige på mennesket og kvifor vi er som vi er. Psykologi er svært anvendeleg og langt frå alle jobbar klinisk med pasientar, mange jobbar med forsking, rådgjeving og så vidare.

– Du er sjeldan åleine

Benjamin Silseth har vorte kjend også utanfor psykologkontoret sitt, gjennom både tv-skjermen, podkastar og på scena. Fellesnemnaren for mange av prosjekta han har på sida er fokuset på psykisk helse.

Han har vore fast huspsykolog når komikar og forfattar Sofie Frøysaa inviterer til Tabukveld, som er ei panelsamtale for å prate om alt mange har for vane å ikkje prate om.

Dei to er òg saman i Mental Helse Ungdom sin nyaste YouTube-serie Spør mer, der programleiar Frøysaa stiller Silseth spørsmål som unge har sendt inn i førekant.

Kvar episode er omtrent eit kvarter lang og tek føre seg spørsmål som: Kva er forskjellen på å vere trist og deprimert? Kva gjer ein om nokon ein kjenner får eit angstanfall? Kva er kjønnsidentitet?

Til Framtida.no fortel Silseth at han drøymer om at vi skal snakke meir om mental helse og at alle skal få ein fastpsykolog på same vis som ein har fastlege.

– Ved å bryte opp tabuet, trur eg vi kan hjelpe kvarandre masse – dei aller fleste har nemleg liknande opplevingar. Du er sjeldan åleine.

Psykologar analyserer ikkje kvardagssamtalar

Ei av feiloppfatningane mange kan ha om psykologyrket, er at ein trur psykologen kan absolutt alt om psyken, fortel Silseth.

– Men eg synest vi skal vere ærlege på at vi ikkje gjer det – vi har alle våre felt som vi kan betre enn andre felt, men that’s it.

Samstundes fryktar nokre at psykologar les tankane dine eller analyserer deg i ei heilt vanleg samtale, noko 30-åringen får høyre ofte og kan avkrefte med det same.

– Vi jobbar nok elles, vi orkar ikkje å analysere deg i ein kvardagssamtale. Beklager.

– Kva er det beste med jobben?

– Mogelegheita til å verte kjent med menneske og guide dei litt på vegen mot ein betre kvardag. Ofte går det fint, innimellom er det ikkje så lett. Men det er absolutt det beste med jobben – ein kjenner seg veldig heldig som får den tilliten.

Noko av det finaste som skjer i arbeidskvardagen som psykolog, er når ein finn noko som funkar og ein ser endringar skje i eit anna menneske, fortel Silseth:

– Det er som om livet startar på nytt, og det er veldig fint!


Britt Linn Hjellum er ein av få nyutdanna pianoteknikarar i landet. Foto: Veslemøy Furuseth

Benjamin Mathias Silseth

Alder: 30

Frå: Bærum

Yrke: Psykolog

Utdanning: Psykologi