Den norske grisen Gunda kan bli Oscar-stjerne

Hovudpersonen i Oscar-kortlista film går gryntande rundt på ein norsk gard.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dokumentaren «Gunda» er med på å skape norsk filmhistorie – når filmen er ein av rekordmange norske titlar som er på kortlista for Oscar-nominasjon.

Hovudpersonen gryntar rundt og nyt vinteren på ein gard.

Grisepurka Gunda er sentral i regissør Victor Kossakovskys svart-kvite dokumentarskildring av eksistensen og åtferda til dyr. Filmen følgjer henne og grisungane hennar, der dei lever glade dagar som frilandsgris på garden Grøstad i Undrumsdal i Vestfold.

På tur med mor: Medan grisungane for lengst er blitt til god mat, lever den storvaksne mor deira Gunda i beste velgåande og har ein sjanse til å bli Oscar-nominert. Foto: Egil Håskjold Larsen / Viktor Kosakovskij / Sant & Usant / Arthaus

Dronninga på Grøstad

Medan grisungane for lengst gått inn i matproduksjonen, lever den ruvande mora deira i beste velgåande.

– Ho tassar rundt på Grøstad gard og nyt ein kald og fin Vestfold-vinter! Veldig moro at filmen «Gunda» har vorte kortlista, og ikkje minst fått så mykje fantastisk omtale rundt omkring i verda. No står det att berre å håpe på at ho blir ei skikkeleg Oscar-stjerne, opplyser garden til NTB onsdag.

– Vår Gunda vart flaska opp her då mora døydde. Ho er dronninga på Grøstad, og går rundt her og surrar her på garden. Ho blir seks år til sommaren, og har vorte så svær at vi ikkje lèt henne få fleire ungar, fortalde dagleg leiar Trude Viola Antonsen i Grøstadgris til NTB i fjor – då filmen byrja sigersgangen sin på filmfestivalen i Berlin.

Sjå traileren til filmen: 

Filmsuksess

Der kapra «Gunda»-folka Hollywood-kjendisen Joaquin Phoenix som medprodusent og aktiv i vidare lansering av filmen.

Det har gått heile vegen fram til plass på kortlista for Oscar-nominasjon. 238 dokumentarfilmar kjempa om heideren, og berre 15 gjekk vidare – inklusive dei to norske filmane «Gunda» og «Kunstneren og tyven» – i kampen om å komme med blant dei fem nominerte som blir opplyst 15. mars.

Gunda med en av grisungene sine, som også er å se i filmen. Mens de har gått inn i matproduksjonen – og forlengst er spist, lever deres storvokste mor i beste velgående fremdeles og har en sjanse til å bli Oscar-nominert. Foto: Egil Håskjold Larsen / Victor Kossakovsky / Sant & Usant / Arthaus NTB kultur

Snart 40 land har sikra seg rettar til å vise «Gunda» på kino, etter at filmen er vist på mange filmfestivalar og har hausta prisar og nominasjonar. 26. mars har den norsk kinopremiere, ifølgje nettsida til Sant & Usant.

– Eg er heilt sett ut og utruleg glad, audmjuk og stolt, seier den norske hovudprodusenten av filmen Anita Rehoff Larsen i ei fråsegn etter at Oscar-kortlistinga vart kjent.


Disney skal til våren filme utfordringane klimaendringane fører med seg på Svalbard. Foto: Jess McMahon / Unsplash