Yrket mitt: Norges tøffeste-Isak (26) er fiskar på sjark

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når folk tenkjer på arbeidarklassen, så tenkjer dei på han feite fyren som har ein Cola i baklomma og tek seg ein røyk i pausen. Men det er feil, det er jo ingen arbeidsgjevarar i denne bransjen som vil at det skal gå sakte.

Bodøværingen Isak Dreyer (26) meiner det rår feiloppfatningar om begge yrkesgruppene han er ein del av, fiskarane og snikkarane.

Han er i sin tredje sesong som fiskar om bord på ein sjark, og er det éin ting som ikkje vert akseptert til havs, så er det arbeidsfolk som ikkje maktar ta i eit tak.

Om det er ein fiskar med, må du passe deg

Isak Dreyer (26) har vorte kjend for mange som ein av deltkarane i NRK-serien Norges tøffeste, der ti deltakarar knivast om å få tittelen. Søndag kunne Dreyer hente heim tittelen Norges tøffeste, etter å ha dominert i episode etter episode.

– Det var deilig at når det gjaldt så kunne eg òg levere, sa han då sigeren var i boks

Slik reagerte Isak Dreyer då han gjekk av med sigeren i Norges tøffeste. Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK

– Det var ikkje så mange av dykk som hadde trudd det? spør vinnaren dei ni andre deltakarane, medan dei står på toppen av oljeplattforma etter finalen. 

– Det var det pappa sa: Viss det er ein fiskar med, må du faen meg passe deg, svarar Sebastian Stadheim Width, som til dagleg er personleg trenar

Medan ho gratulerer Dreyer, oppsummerer programleiar Jørgine «Funkygine» Massa Vasstrand sesongen slik: 

– Du har eigentleg pissa litt på alle som har stått i tights på eit treningssenter og pumpa jern. 

Når alt klaffar

Styrken som sikra han sigeren har Dreyer fått frå arbeidslivet, både som snikkar og sist som fiskar.

– Eg har alltid syntest fiskaryrket er spennande, heilt sidan eg var bitteliten og ikkje visste heilt kva det var, fortel bodøværingen på telefon til Framtida.no. 

Endå han var fascinert av kvardagen til havs, så var det meir tilfeldigheiter som gav han mogelegheita til å gå inn i yrket. Dreyer hadde ein snikkarjobb på ei øy utanfor Bodø for eit par-tre år sidan, og medan han var der fekk han tilbod om jobb på ein sjark.

– Det er litt sånn med livets berg-og-dalbane at ting skjer, og så plutseleg klaffar det, fortel han. 

Han takka ja med det same, og er no i gang med sitt tredje år til havs.

– Eg hadde sett føre meg at det skulle verte hardt, for eg visste kor mange timar dei jobbar, og det fekk eg bekrefta. 

Ete, sove og ut att

Sjarken Isak Dreyer er tilsett på driv sesongbasert fiske, men sidan dei fiskar dei fleste sortane er sesongen lang.

Då Framtida.no pratar med 26-åringen er han nyleg komen heim etter 65 dagar på havet, og han håpar på å kanskje få ein god månad på land.

– Men dette er noko av det store i fiskaryrket: Ein veit aldri kor tid ein skal ut att eller kor lang arbeidsdagen vert. Det er sjeldan du veit når du startar, kor tid du sluttar. 

Arbeidsdagen varierer etter kor vidt dei fiskar med not eller garn på sjarken. I desse dagar går det mest i garn, fortel Dreyer. Det betyr grytidlege morgonar og seine kveldar:

– Då står vi opp i to-tre tida på natta, dreg ut, finn att lenkene vi har sett ut. Vi dreg garna opp og inn. Fisken må ut, og behandlast som mat – den må blø ut, sorterast, kanskje sløyast, behandlast og leggjast på is, forklarar 26-åringen.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Isak Dreyer (@dreyerisak)

I løpet av natta har det som oftast hendt eitt eller anna surr med garna, som gjer at litt fiksing må til før dei vert sette ut att.

– Slik gjer vi det til vi har snudd like mykje buk som vi har sett. Så leverer vi fisken. Då er ein som regel ferdig med døgnet, så det er berre å ete og sove og så ut att. 

Dei beste dagane til havs er dei der ein får mykje fisk, noko som igjen tyder mykje pengar.

– Ein dårleg dag er når vi får lite fisk og ting går til helvete, slik at det vert mykje ekstraarbeid og skipparen vert forbanna, seier Dreyer og ler.

Norges tøffeste er nedst på rangstigen på jobb

Isak Dreyer hadde inga fiskeriutdanning eller erfaring då han først sette føtene sine på dekk, og starta med blanke ark. 

– I to år har eg vore den nedste på rangstigen på sjarken, og har ikkje hatt noko eg skulle sagt. Nada. Ingenting, seier bodøværingen og legg til at no er det kome ein lærling på plass, så han sjølv har klatra litt i hierarkiet til havs. 

Dreyer fortel at han er vand til at måtte starte nedst, når ein tek til i ny jobb, og meiner det berre er rett og rimeleg.

– Ein skal ikkje kunne kome med eit papir i handa og kreve ei stilling her og der, og kunne gå føre dei som har jobba der i mange år, seier han.

Noko av det mest utfordrande med faget er at det er så utruleg stort og omfattande. 

– Det er mykje du skal kunne. Du kan starte å jobbe med god innsats, men du vert aldri utlærd.

Dårlegaste vinteren i manns minne

Isak Dreyer var ikkje særleg sjøvant før si første vend på sjark, men vert verken sjøsjuk eller sjøredd på havet. Det kjem godt med, for han har vore ute for enormt mykje dårleg vêr.  

– I fjor var den dårlegaste vinteren i manns minne, med storm og orkan kvar veke, fortel Dreyer. 

Han klarar stort sett halde seg på føtene når bølgjene og vinden herjar som mest, men innimellom fer òg han siglande og daskar inn i både veggar og kar. Men dei har ein jobb å gjere, og alternativet fristar ikkje særleg:

– Det einaste alternativet er å ikkje fare ut i dårleg vêr, eller å liggje vêrfast på ein holme ein eller annan gudsforlaten plass. Då får du ikkje fiska noko. Er det verd å liggje der og vente, eller vil du verte ferdig? spør Dreyer. 

26-åringen påpeikar at fiskaryrket er krevjande, og såleis ikkje for alle. 

– Du må ha fart og lyst til å produsere. Vilje. Du må kunne høyre etter dei som er eldre eller som har vore der lenger enn deg, rår Dreyer.

Det er òg ein siste eigenskap som gjer deg godt rusta til kvardagen til sjøs:

– Du må ha dårleg minne, så du ikkje hugsar kor jævleg du hadde det, seier han og flirer før han legg til:

– Det har du òg gløymt når du får lønning.

Småsjarkane går ut, supertrålarane kjem inn

Når sjarken legg til kai og det er sesongpause går Isak Dreyer tilbake til arbeidskvardagen som snikkar. Han fortel at planen er å halde fram som fiskar, men at ein sjeldan har så stor kontroll på vegvala i livet som ein trur.

Samstundes er han uroa for nokre av framtidsutsiktene i yrket, med skyhøge prisar på fiskekvoter:

– Viss det nye kvotesystemet kjem inn, då drep ein alle småsjarkane, og så vil alt som er igjen vere 18 supertrålarar. 


Eigentleg skulle Maria berre vere med på tur ei veke i samband med arbeidsveke på skulen, men det vart fort til ein månad. Foto: Eivind Mikal Sævik.

Isak Dreyer

Alder: 26 år

Frå: Bodø

Yrke: Fiskar på sjark (og snikkar!)