Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det året eg vart 20 var jo eigentleg då alt starta på ordentleg, fortel Carina Dahl på e-post til Framtida.no.

Ho fylde 20 år i 2005, same året som ho melde seg på Big Brother. Dahl fortel at ho allereie då var fast bestemt på å følgje musikkdraumen, og realityopphaldet var ein måte å kome seg eitt steg nærare artistkarrieren:

– Big Brother vart på ein måte ei mogelegheit til å få vist seg fram og noko å bruke som springbrett.

Stjernekamp

Kvardagen Carina Dahl kom ut til etter 107 dagar i Big Brother-huset var ein annan enn den ho hadde forlete då ho først vart med.

– Etter Big Brother så vart ein jo plutseleg megakjend, då det var det einaste reality-programmet på den tida, så det vart ein veldig stor overgang, minnest artisten som i seinare tid har delteke på fleire realitykonsept frå Celebrity Masterchef til 71 grader nord kjendis.

Foto: Privat

– Då vart det fullt fokus på musikk-karriere med plateselskap-deal og bustad i Stockholm, og turnering i Noreg.

I 2010 gav artisten ut debutalbumet Hot Child, og sidan den gong har ho jamleg vore å sjå på skjerm og scener landet rundt.

Dahl har delteke heile tre gongar i Melodi Grand Prix, men det er dei norske coverane av Despacito og Shallow (norsk tittel: Så ekte nå) som verkeleg har fått strøymetala på Spotify til å skyte i vêret, med høvesvis 5,9 millionar og 3 millionar avspelingar.

No er artisten aktuell i den nyaste sesongen av Stjernekamp på NRK.

Trondheim – Oslo – Sverige

Som 20-åring hadde Carina Dahl det store vendepunktet rett rundt hjørnet, og ho studerte, tok modelloppdrag og stod på for å verte artist.

– Eg hadde vel mange andre ekstra-jobbar òg på den tida, innan event og arrangement, minnest ho.

I 2005 hadde Dahl flytta frå Trondheim til Oslo for å kome til «storbyen», men ho vart verande berre eit halvår i hovudstaden før ho vart med på Big Brother-innspelinga i Sverige.

– Eg flytta heilt åleine til Oslo utan nokon haldepunkt, så det var litt skummelt. Men eg hadde to venninner eg visste litt om frå før som heitte Linn og Maja, som var i same båt og gjekk på same skule. Dei vart viktige i den perioden, fortel trønderen.

Foto: Privat

– Kva las du/såg du på/lytta du til?

– Det var jo heldigvis før smarttelefonen, så ein slapp å sitje på mobilen heile tida, som alle gjer no! Så eg høyrde vel på all mogeleg slags musikk, slik eg alltid har gjort, og eg såg sikkert på linær-tv.

Carina Dah har alltid likt å feire bursdag, så 20-årsdagen hugsar ho framleis:

– Den hadde eg på ein MC-klubb som eg leigde lokala til med mange vennar.

Fire månadar innestengd frå omverda

Dei sterkaste minna trønderen har frå då ho var 20 år gammal er Big Brother-opphaldet.

– 4 månadar innstengt frå omverda i eit hus, medan ein vert filma døgnet rundt. Mange ville vekesoppdrag, livesendingar og full baluba.

Carina Dahl fortel at ho satsa stort då ho var 20-åring, både då ho flytta til Oslo og då ho seinare flytta til Stockholm for å prøve lukka.

– Å vere med i Big Brother på den tida kunne verte uglesett, men min strategi var at så lenge ein oppførte seg fint og hadde ein strategisk plan på korleis å bruke merksemda ein fekk, så var det eit godt val, fortel Dahl og utdjupar:

– I ein bransje med mange om beinet, så var det jo heilt nytt å marknadsføre seg via reality, noko som var veldig lite gjort i Noreg, så det var ei spennande tid og ikkje minst kult å tenke på at ein var med på den bølgja.

Foto: Privat

Medan venninnene var viktige då ho flytta til Oslo, så var det kjærasten som vart den viktigaste personen i kvardagen, då ho seinare flytta til den svenske hovudstaden.

– Då eg flytta til Stockholm vart kjærasten min den einaste eg kjende, og det var ganske tøft å flytte til eit nytt land med nytt språk, og berre ha éin person ein haldt seg til før alt fall på plass. Men det er kult å tenke tilbake på at ein berre heiv seg i det.

Ikkje signer vekk livet ditt

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At det var ei hardtarbeidande ung jente med mange draumar og ei veldig stå-på-vilje som faktisk torde å gønne litt på.

Om Carina Dahl skulle gjeve råd til den yngre versjonen av seg sjølv, så hadde det vore å setje seg nøye inn i avtalar og kontraktar – sjølv når ein er så svolten på å få til så mykje som ho var på den tida.

– Det er lett å «signere vekk livet sitt», og eg trur det er mange håpefulle og ivrige unge talent som signerer avtalar som ikkje er så heldige. Der andre sit og haustar av godene i ei livstid. Elles berre å forsetje å stå på og følgje draumar, noko eg for så vidt gjorde.


Jorun Stiansen er aktuell som deltakar i årets Stjernekamp. Som 20-åring treivst ho på G-sport med faren. Foto: Privat, Julia Marie Naglestad/NRK