Desse sakene hugsar me best frå 2017

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2017 er året der Donald Trump tok over som president, falske nyheiter blei kåra til årets ord, Erna Solberg blei attvalt og mektigare enn Beyoncé – og SKAM-eventyret fekk ein slutt.

Her har Framtida.no-redaksjonen samla nokre saker som me hugsar ekstra godt frå året som har gått:

Arnt Olav Foseide: Mikroplast

Forureina lita elv i Lokhandwala i Mumbai i India. India er ein av dei to landa med mest plastutslepp i verdshava. Foto: Ravi Khemka/Flickr/CC-lisens.

Det har hendt mange fæle ting i verda i år, då tenkjer eg til dømes på stadig kriging i land som Syria, Irak, Jemen, Libya og delar av Afrika, men og svært grusame naturkatastrofar, særleg i Karibia.

For meg er likevel det mest sjokkerande som vi har hatt i år mikroplastsaka, og kor ufatteleg omfattande dette er. Samstundes er det og utruleg rart, og eigentleg overraskande, å tenkje på at 90 prosent av all mikroplasten kjem frå ti elver.

Erik Solheim. Foto: UNIDO/Flickr/CC-lisens.

Dette gjer vedtaket som Erik Solheim fekk igjennom i Kenya tidleg i desember svært viktig, der han fekk 200 land til å skrive under på målet om nullutslepp av mikroplast, og gjer i alle fall meg veldig positiv til framtida.

#MeToo

Foto: Pixabay

Ragnhild Sofie Selstø: Emneknaggen som løfta sløret

Utvalde kvinneorganisasjonar sendte i juni ein skyggerapport til FNs kvinnekomité for å rapportere på likestillinga i Noreg. Eit av problema som blei tatt opp som hinder for å oppnå full likestilling var nettopp seksuell trakassering.

Likestillingsombodet meinte det var svært underrapportert i Noreg, og såg med uro på ein veksande kultur som promoterar seksuell vald og trakassering.

Men så kom emneknaggen #MeToo.

Følgjande av den globale kampanjen mot seksuell trakassering visar kor enorme kreftar internettet har. Ein liten emneknagg, brukt av millionar kvinner, etterfølgt av historiar om overtramp. Effektane har rysta verda. Og Noreg.

Og det er ikkje berre på jobb trakassering skjer.

– Eg har blitt tafsa på rumpa på skulen, på byen, på festival og på bar så mange gonger at eg har mista teljinga, fortalte finslandssvenske Saga Mannila (24).

– (Den mannlege læraren) kunne kome inn i garderoben før eller etter gymtimen utan å banke på, fortalte ei bekjent av meg då eg gjorde research for ein kronikk om å få feminisme på pensum.

Det har vore utroleg spennande å følgje med på, og vere ein del av, «online»-folkerørsla #MeToo. Den er enda ikkje over, og vil forhåpentlegvis heller ikkje bli gløymd med det første.

Kristen og homo

Rebekka Sirevåg Thomassen

Rebekka Sirevåg Thomassen. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Seksualiteten min er ein del av den personen Gud skapte meg som. Eg er fødd sånn, og den eg er i dag er akkurat den personen Gud hadde tenkt eg skulle bli, sa Rebekka Sirevåg Thomassen. Ho skreiv bachelor-oppgåve om korleis utvalde kyrkjelydar i Oslo snakkar om seksualitet i konfirmantundervisninga.

Sjølv er ho kristen og lesbisk.

Rebekka og sokneprest Geir Wiknes sine sterke historiar i saka «Hatar Gud alle homofile?» har gjort sterkt inntrykk på meg, og endra mine eigne tendensar til å sjå på dei fleste kristne som homo-fiendtlege.

Runar Bjørkvik Mæland: Kulturen

Litteraturvitar Bjørn Jonssønn Berge har skrive masteroppgåve om rimet si stilling i norsk lyrikk ved Universitetet i Oslo, med døme både frå dikt og songtekstar. Foto: Runar B. Mæland

I eit år som har vore prega av Trump, naturkatastrofar, stortingsval og #metoo, vil eg minnast det som trass i alt har gjort livet til å halda ut: kulturen.

I januar intervjua eg litteraturvitar Bjørn Jonssønn Berge, som har skrive masteroppgåve om rimet som verkemiddel i norsk lyrikk. Det resulterte i to saker: éi om korleis Norsk kulturråd har bidrege til at det nesten er blitt slutt på rim i norske diktsamlingar, og éi om korleis «rappen har redda rimet» og «OnkelP er vår tids Petter Dass». Intervju og saker litt utanom det vanlege, om eit morosamt tema litt på sida av alle krisene i samtida.

– Eg hadde nok ikkje trivdest like godt bygda om eg ikkje hadde budd 15 år i byen først. No veit eg kva eg går glipp av, seier Agnes Ravatn, som har kome tilbake til Oslo for å lansera boka «Verda er ein skandale». Foto: Ragnhild Sofie Selstø

I august fekk eg gleda av å intervjua eit aldri så lite idol, nemleg forfattaren og journalisten Agnes Ravatn. Konklusjonen min etter intervjuet vårt på Hotel Bristol i Oslo sentrum var at ho er meir ulik meg som person enn eg hadde sett føre meg etter berre å ha lese tekstane hennar.

– Eg blir sur på at folk ikkje kan vera litt rause og gi kvarandre kompliment, sa Ravatn mellom anna, og understreka at ho saknar det ho i den siste boka si kallar «hyggetyranniet» i Oslo.

Svein Olav B. Langåker: Songen som samlar oss

Frå venstre: Lea Bjelland, Kjersti Grønås Betten, Farah Siyam, Kristoffer Egeland og Mykola Pukhniwskyi og resten av 7.klassen ved Tjødalio skule opnar dagen med å synga med lærar Jørgen Belt. Foto: Henrik Mundal Andreassen/Sunnhordland

To dagar før 17. mai la eg ut ei sak om at rett under 6 av 10 barn kan første verset av «Ja, vi elsker». Saka førte til debattar i alle dei store radiokanalane, og blei også utgangspunkt for fleire artiklar, leiarartiklar og kronikkar i fleire aviser.

Etter dette har Framtida.no følgt opp med fleire saker, og me var først til å melda om at song blei fjerna frå forslaget og den endelege versjonen av den generelle delen av læreplanen i skulen. Dette har ført til nye saker der me igjen har blitt sitert i nyhendeartiklar og kronikkar. Éin slik kronikk i etterkant skapte eit engasjement som førte til at det blei laga ei protestgruppe mot fjerning av song i læreplanen. Denne har no over 24000 likes. Dette engasjementet gjorde at den vikarierande kunnskapsministeren måtte rykka ut å tilbakevisa at song blir fjerna heilt frå skulen – med ein song. Læreplanen er ikkje endra, men saka har vore med på å skapa meir engasjement for song i skulen.

Eg synest song i skulen er eit viktig tema å skriva om – både fordi det sjeldan blir gjort, og fordi forskinga er så tydeleg på kva song har å seia for klassemiljø og læring. Forskarane og lærarane ved Høgskulen på Vestlandet brukte særs sterke ord då dei åtvara mot slutten på songtradisjonen i norsk skule: – Skulle så skje, utan at det politiske miljøet grip inn, vil det ikkje berre vera til skade for barn og unge i dagens skule. Det vil også svekka samkjensle og fellesskap i dette landet.

Håp for framtida

Ein kan lett bli pessimist når ein ser på korleis falske nyhende undergrev tilliten i samfunnet, klimagassutslepp slår nye rekordar og korleis verdas mektigaste land blir styrt. Me i Framtida.no er heldige som får intervjua så mange engasjerte ungdommar som vil forma framtida til det betre. Det gjev håp for framtida. Natur og Ungdom som har gått til sak mot staten for å stoppa oljeleiting i Barentshavet er eitt døme. Bidraga i skrivekonkurransane våre er eit anna døme.

Kva hugsar du best frå året som har gått?