Falske nyheiter er ekte truslar

Sven Egil Omdal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Ingen pris heng høgare for danske journalistar enn Cavling-prisen. Når vinnaren står der, med statuetten av Dansk Journalistforbund sin stiftar i armane, er det ingen som øydelegg festen ved å minne om at Henrik Cavling også var ein ivrig produsent av fake news. Som frilanskorrespondent i Paris fann han opp dei villaste historier, som at Seinen plutseleg var begynt å renne motsett veg. Han fortel ope og stolt om dette i memoarane sine.

Sven Egil Omdal er mediekommentator for blant anna NDLA. Foto: Jarle Vines/Wikipedia, CC BY-SA 3.0-lisens

Cavling laug mykje. Men at han for to dollar kjøpte ein ti år gammal svart gut i Danmarks vestindiske slavekoloni St. Thomas og gjorde han til tenar i København, er dessverre gudsens sanning. Heller ikkje mot slutten av 1800-talet var det lett å skilje fake og fakta.

Ei kort stund såg det ut til at media skulle klare å byggje eit forsvarsverk mot alle dei falske historiene som spreidde seg som brunsniglar under den amerikanske presidentvalkampen i 2016. Ved å avsløre løgnhistoriene og åtvare lesarane mot fake news vona dei tradisjonelle media å auke respekten for den journalistikken som granskar kjeldene, sjekkar fakta og forsøkjer å gi eit så truverdig bilete som mogleg av verkelegheita.

Det tok omtrent eit kvarter før Donald Trump øydela det heile. Ved å vende uttrykket mot pressa sjølv og kalle den seriøse journalistikken for fake news, punkterte han heile kampanjen. Norske politikarar følgde hovudlaust etter. Plutseleg var alle vinklar dei ikkje likte, og alle fakta som gikk mot dei, blitt til fake news. Fremst i flokken gikk – av alle – justisministeren. Då Nordlys stilte kritiske spørsmål om regjeringa sine vegløfte, reagerte Per-Willy Amundsen med å kalle landsdelens største avis for ”Pravda” – namnet til det sovjetiske kommunistpartiet sitt hovudorgan – og karakterisere journalistikken deira som, ja nettopp: fake news.

Forvirringa blei ikkje mindre av at media sine eigne faktasjekkarar innførte ei maskevidde som var eigna til å fange kvar eineste politikar som nokon gong har opna munnen. Mens Facebook-veggene blei tagga ned av dei mest bisarre påstandar, forsøkte NRKs ”Detektor” å avsløre at småbåtar kan bråke like mykje som vannskutarar.

Verkelege fake news er ein trussel mot demokratiet. Det er vanskeleg å måle kor mykje dei britiske tabloidavisene sitt utal av løgner om EU og Europa bidrog til at Storbritannia har kasta seg ut i eit av dei mest vågale politiske og økonomiske strikkhoppa i historia (og utan å sjekke om nokon har festa strikken), men ein viss innverknad hadde dei ganske sikkert. Det er vanskeleg å bevise kor mykje løgnene om Hillary Clinton påverka stemmegivinga i dei tre vippestatane som ga Donald Trump sigeren, men utan verknad var dei neppe.

Fordi viljen til juks er sterkare enn før, og moglegheitene til å spreie løgner er enormt mykje større enn nokon gong, blir kampen mot fake news viktig for alle som trur på, og vil forsvare, det opplyste demokratiet. Den veljar som går til urnene og trur at EU har underteikna ein avtale om at arabarane skal overta Europa (ein myte spreidd av fleire av dei kjende fake news-stadene), er ikkje ein opplyst borgar, men ein feilinformert trussel mot demokratiet.

Noko av det første den nye EU-kommisæren for det digitale feltet gjorde då ho tiltredde i sommar, var å etablere ein ekspertkomité som skal granske om det trengst europeiske lover mot falske nyheiter. Det er en farleg veg. Eit av dei sikraste kjennetegikna på eit velfungerande demokrati er at politikarane ikkje får definere kva nyheiter som er sanne, og kva som er falske.

Ein betre strategi er å styrke den journalistikken som sjekkar sine eigne fakta, og som gjer det så grundig at det kan bli ein Cavling-pris.
Først publisert på NDLA.no med CC-BY-SA-lisens

LES OGSÅ: Desse studentane har falske nyhende på pensum