Avsløringar om seksuell trakassering skyl inn over Finland

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 04.12.2017 11:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det er på tide å snakke om seksuell trakassering i Svenskfinland … Andedammen er liten og mange av våre partnarar, kollegaer, fedrar, brør, søner, slektningar, vener, kjende, sjefar, lærarar og tilsette er gode kompisar med kvarandre. I ei liten sosial eining er det vanskeleg å seie ifrå når ein veit at mange kjem til å snu ryggen. Men me veit kven dykk er. Og forteljingane våre vitnar om det dykk har gjort.»

Slik opnar oppropet som 6111 kvinner har skrive under på. #Dammenbrister er finlandssvenskanes svar på den internasjonale #metoo-kampanjen som i det siste har sett søkelyset på seksuell trakassering verda over.

‘Dammen’ refererer til kallenamnet «andedammen» som blir brukt om den svensktalande befolkninga av Finland. I 2010 utgjorde finlandssvenskane 5,4 prosent av innbyggjarane i landet.

— I ei så lita gruppe er det vanskeleg å snakke om overgrep. Me vil bryte denne tausheita, og vil se at det blir satt i gang grep mot overgrep og trakassering, seier ei av dei fem initiativtakarane bak kampanjen, Ida Kronholm til Framtida.no.

Nye avsløringar i Finland

#dammenbrister-kampanjen starta i ei hemmeleg gruppe på Facebook for omtrent ei veke sidan. I går blei han gjort kjent gjennom store oppslag i finske, landsdekkande aviser. Nettstaden Astra står bak oppropet og vitnemåla, og opplevde så stor pågang under morgontimane i går at nettstaden krasja.

I går kveld avslørte også svenske YLE Nyheter ein artikkel kor dei avslørte at 22 av vitnemåla frå #dammenbrister kjem frå ein og same køyreskule i Nyland.

«Kvinner fortel om lærarar som har stilt usaklege spørsmål om forhald og sexliv, samt kommentert utsjånaden deira. Det har også førekome usaklege berøringar, usmakeleg spøking og forslag om å omgåast på fritida,» skriv YLE.

— Sexisme får ikkje vere normalisert i vårt samfunn

24 år gamle Saga Mannila er ei av dei som signerte under oppropet.

— Eg skreiv under fordi seksuell trakassering er så vanleg og skjer heile tida, først og fremst mot kvinner. Svensk-Finland kan opplevast som eit miljø der alle kjenner alle, og då blir det vanskelegare og meir skamfullt å melde frå eller fortelje om hendingar om seksuell trakassering, fortel Mannila.

Saga Mannila

Saga Mannila. Foto: Privat

— Eg har ikkje opplevd grove overgrep sjølv, men eg kjenner til mange forferdelege historiar. Og så har eg blitt tafsa på rumpa på skulen, på byen, på festival og på bar så mange gonger at eg har mista teljinga. Eg har blitt kalla hore og idiotforklart i arbeidssamanheng på grunn av kjønnet mitt, alle gongene av menn.

— Sexisme får ikkje vere normalisert i vårt samfunn, synest eg. Dette er kanskje første gong menn og kvinner blir tvungen til å sjå seg sjølv i spegelen og tenke over eigen oppførsel, fortel Mannila.

Over 800 personlege historier

Under er nokre utdrag av vitnesbyrda som er delt under #dammenbrister. Du kan lese fleire vitnesbyrd her.

«Den eldre politimannen ser på meg oppifrå og ned, ler og roper bak mot korridoren; Konstabel Etternamn! Det står en veldig stilig kvinne her som du gjerne vil vise til sykkellageret, høhøhø. Han snur seg mot meg og brekar vidare; no får du følgje med den store sterke konstabelen her ned til kjellaren … høhø, eg kjem og hentar deg viss dykk ikkje er tilbake innan ein time, høhø

«Eg har alltid hatt ei brennande interesse for musikk, så då eg som 12-åring blei invitert til ein finlandssvensk ung produsent for å lage musikk med han blei eg veldig spent. Etter eitt par timar med musikk begynte han å seie snuskete ting, kommentere kroppen min og utsjånaden min. Hjarta begynte å slå fort og eg ville gå derifrå, men torde ikkje. Han tok meg på brysta og stakk handa ned i buksene mine medan han dro ned sine eigne bukser og tvang hovudet mitt mot kjønnet sitt. Eg sprang derifrå.»

«Går på universitetet. Den mannlege professoren knullar elevar. Han er fødd i -64, den yngste han har ein relasjon med er fødd i -90. Han verkar alkoholisert, og på ein skuletur blei han raud og full og maste etter kokain. Det er ein open røyndom. Alle på avdelinga veit. Ingen gjer noko.»