Amedia gir ungdom gratis tilgang til aviser: – Ein stor siger for alle elevar

400 000 ungdommar mellom 15 og 20 år får gratis tilgang til alle Amedias over 100 aviser før stortingsvalet 8. september.

NPK-NTB/Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Vi kjempar knallhardt om tida og tilliten til unge, mot globale teknologigigantar som ikkje bryr seg om norske verdiar eller demokratiet vårt. Derfor opnar vi alle dei norske avisene våre og gir unge gratis digital tilgang til viktig journalistikk rett i lomma, seier konsernsjef Anders Opdahl i Amedia.

Amedia-sjef Anders Møller Opdahl seier at 400 000 ungdom får tilgang til alle aviser i konsernet innan skulestart i august. Foto: Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

Amedia har fått 4,8 millionar kroner i støtte frå Amediastiftelsen for å finansiere tilgangen. Opdahl seier at dei ønskjer å gjere initiativet permanent, men at det skal evaluerast etter eit år.

Ungdommane skal få tilgang til avisene innan skulestart i august.

Også i 2023 gav Amedia ein liknande tilgang, då til alle elevar i norsk skule under kommunevalet.

– Viktig for demokratiet

– Elevar blir kvar dag eksponert for nyheiter på sosiale medium som ein er usikker på om er sanne eller usanne, og då er det ekstra viktig at elevar får tilgang til ordentleg journalistikk, uttalar Martine Løkken Svendsen i ein e-post til Framtida.no.

Martine Løkken Svendsen i  Elevorganisasjonen gler seg over at elevar får tilgang til aviser. Foto: Elevorganisasjonen

Den påtroppande leiaren av Elevorganisasjonen synest det er fantastisk at Amedia gir elevar gratis tilgang til aviser.

– Det er ein stor siger for alle elevar, og enormt viktig for demokratiet vårt.