TILBAKEVIST: Nær all mikroplast i havet kjem frå ti elver

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 07.10.2019 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OBS: Desse tala har vist seg å ikkje stemme. Forskingsrapporten, som har vorte sitert verda over, tok berre føre seg 57 elver og det er difor ikkje nok grunnlag til å hevda at dei ti øvste står for 95 prosent av all mikroplast i havet.

Du kan lese om denne og andre plastmyter på nettstaden Marinelitter.no.

Ein ny rapport viser at 95 prosent mikroplastureining i havet kjem frå ti elver. Desse ti elvene har massive mengder med mikroplastbitar som øydelegg sjøliv i elvene og fort kjem ut i havet der øydeleggjinga held fram.

Å fokusere på å redusere utslepp frå desse ti vil halvere den globale plastureininga, meiner ekspertar.

– Ein betydeleg del av marine plastrestar kjem frå landbaserte kjelder og elver kan potensielt fungera som ein stor transportbane for plastrestar i alle storleikar, sa Dr. Christian Schmidt, ein hydrogeolog ved Helmholtz-senter for miljøforsking (UFZ) i Leipzig, Tyskland, til Daily Mail.

Mikroplast spesielt kan skada helsa til den marine livet, men det er umogleg å rydda det opp heilt. Å stoppe tilføringa av plasten vil uansett redusera potensielle skade i framtida og er difor svært viktig for å gjere problemet mindre, hevdar forskarane.

Yangtze-elva i kina er ei av elvene i verda som fører mest plastrestar ut i verdshava. Foto: Jolie/Flickr/CC-lisens.

Halvparten av plastavfallet frå fem land

Meir enn halvparten av plastavfallet som strøymer inn i verdshava kjem frå berre fem land: Kina, Indonesia, Filippinene, Vietnam og Sri Lanka. I tillegg til dette er Gangeselva i India ansvarleg for å ha sendt ut 550 millionar kg med plast åleine.

USA er det einaste industrialiserte vestlege landet på lista over topp 20 plastureinarar, på 20. plass.

Dei fleste landa på lista har ei dårleg offentleg avfallshandtering.

Ureininga kostar verda nær 78,5 milliardar kroner. Dette kjem av skadar på marine økosystem verda over og drap av opp mot ein million sjøfuglar, hundre tusen sjøpattedyr og eit tallaust tal fisk.

– Ureining av havmiljøet med plastrestar er kjend og er noko som uroar oss meir og meir sidan plasten har så stor kjemiske bestandigheit og den mekaniske fragmenteringa til den såkalla mikroplasten, som kan etast av sjølv små organismar som dyreplankton, er så høg, avsluttar Schmidt.

Kjelder: Rapport frå Helmholz Centre i Tyskland, Daily Mail, Wikipedia

Fakta

Her er dei ti elvene som står for størstedelen av forureininga:

Niger
Nilen
Ganges
Indus
Mekong
Yangtze
Hai He
Huang He
Zhujiang
Amur

Mikroplast er små plastpartiklar i miljøet som er frå 5 millimeter store og ned til 1μm . Det er eit aukande miljøproblem at plast og mikroplast flyt ut i havet og blir ete av alle typar organismar i der.