Tuva (17): Dette er god undervising i nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsk er som ein grønsak

Eit høgt utbrot av glede var den fyrste reaksjonen då Tuva Moholdt fekk beskjed om at ho vann skrivekonkurransen til Magasinett og Framtida.no.

– Etterpå kom sjokket. Å vinna skrivekonkurransen følest absurd. Korleis er det mogleg at eg, akkurat eg, har vunne? seier Tuva Moholdt til Framtida.no.

Juryen har svaret: innlegget til Tuva Moholdt merkar seg ut med eit smittande engasjement og godt grunngjevne meiningar som peikar på klare løysingar.

LES VINNARINNLEGGET HER!

– Har fokusert på kva eg kan få ut av nynorsk

Vinnaren får 2000 kroner i premie.

– Eg trur det ligg i haldninga mi. Eg aksepterte tidleg at nynorsk er noko eg må ha på skulen i minst fem år, så det var berre å gå med på det. Eg fokuserte heller på å finna ut kva eg kan få ut av det, fortel Tuva Moholdt.

Ved sida av å gå andre året på Ringerike vidaregående skole i Hønefoss er ho aktiv speidar.

– Matte og fysikk er mine favorittfag, og eg elskar ei god bok. Når eg er ferdig på vidaregåande ønskjer eg å studere på NTNU i Trondheim for å bli bygningsingeniør.

Tre grunnar for nynorsk

Du tenkjer sikkert: korleis kan nynorsk vere nyttig for ein realfagselskande leseglad bygningsingeniør?

Tuva har tre grunnar:

  1. Nynorsk kan gi meg betre tankeferdigheter heilt gratis som gjer at eg kan prestere betre i matte og fysikk.
  2. Eg kommuniserer med andre menneskjer heile tida, kvar dag. Ein veldig, veldig stor del av dei snakkar ei anna dialekt enn meg, til og med kanskje eit anna språk. Fordi eg lærer nynorsk er det utruleg mykje enklare å forstår andre dialektar, og ein kan til og med bli betre i bokmål og andre språk!
  3. Nynorsk er faktisk eit veldig fint språk. Musikalsk og veldig flytande å lese synest eg. Eg vil tilrå den nynorske omsetjinga av Ringenes Herre, «Ringdrotten».

Multitasking i beste klasse

– Ønsker du deg betre tankeferdigheiter gratis? Vil du bli betre i språk, utan å øve endå fleire timar heime? Berre aksepter at du skal ha nynorsk på skulen ut vidaregåande uansett! Sjå på det som ei gåve. Ver positiv, skriv Tuva Moholdt i ein epost til Framtida.no.

– Og tenk litt praktisk, skal du lese ei bok så kvifor ikkje lese den nynorsk omsetjinga viss det finst ei. Da øver du nynorsk samtidig som du gjer noko anna. Multitasking i beste klasse. Og skal eg seie deg ei hemmelegheit? Nynorsk kan ikkje gjere stor skade.

– Sjå på nynorsk som ein grønsak

I vinnarinnlegget skriv Tuva om forskjellige erfaringar med norsklærarane sine. Ei av lærarane starta fyrste timen med å fortelje elevane at dei rett og slett ikkje hadde bruk for nynorsk.

Tuva Moholdt har ei klar melding til alle lærarar som underviser i nynorsk som sidemål:

– Gjer elevane klare over alle dei positive tinga med nynorsk. Sjå på det som ein grønsak, viss du viser dei kor bra det er for dei er det meir sannsynleg at dei vil ete den, sjølv om dei ikkje likar det i starten. Som mamma pleiar å si til kresne meg: «nokre ting må du ete ti gongar før du likar det».

Tuva rår lærarane til å snike inn nynorsken i resten av undervisninga.

– Ha for eksempel norskboka på nynorsk. Sjå film med nynorsk teksting. Ha oppgåvetekstar på nynorsk. Vipps så er elevane gode på nynorsk utan mykje ekstra arbeid.

– Men viktigast av alt finn ut kva som motiverer dine elevar, og bruk det! Det eg ofte ser ligg grunnleggande for dei fleste er konkurranseinstinktet og lysten til å glede seg sjølv og foreldre med gode karakterar. Så ha glosestafettar på vanskelege nynorske ord og bygg ein positiv meistringskurve.

– Fokuser på det elevane får til. Fokuser på å markere dei rette bøyingane og gode ordvala når dei skriv stil. Ros er eit mykje betre verkemiddel for å oppnå eit resultat enn kritikk, avsluttar den glade vinnaren av skrivekonkurransen.

LES OGSÅ: Lærarstudent: Korleis få elevane til å like og meistre nynorsk?