Karibiske øyar totaløydelagde av Irma og Maria

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Dominica vart minst 27 menneske funne daude, og mange er framleis sakna etter at orkanane råka tidlegare i september.

Ifølgje statsminister Roosevelt Skerrit vart ikkje ei einaste gate på øya spara, og øybuarane skildra lyden av orkanen som noko som gav inntrykk av at det var eit «sjukt dyr» som rauta i nærleiken.

Stormen øydela det meste av infrastrukturen på øya, slik at dei fleste småsamfunna vart fullstendig isolerte.

90% av bygningane øydelagde

Nederlandsk St.Martin vart hard skadd av orkanane Irma og Maria. Foto: Air Force Magazine/Public Domain

Mellom 70 og 90% av alle bygningane på den nederlandske delen av øya St.Martin var øydelagt eller hardt skadd etter at orkanane drog sin veg. Over 200 menneske var sakna.

Før Irma kom var det over 5.500 bygningar på den nederlandske delen av St. Martin, og 40.000 menneske budde der.

 

 

Ny Marshallplan

Dei britiske Jomfruøyane mista elektrisititet, rennande vatn og telefontenester for lange tider, noko som fekk Richard Branson, leiaren for Virgin, til å be om ein ny Marshallplan for øyene som er ramma av dei kraftige orkanane. Utan dette vil det ta lang tid for regionen å kome seg att, hevda han, ettersom det ikkje var jobbar til nokon, nett no.

Irma nærmar seg Cuba.
Foto: Karl-Ludwig Poggemann/Flickr/CC-lisens.

– For første gong på 300 år er det ikkje ein einaste levande person på øya Barbuda – ein sivilisasjon som har eksistert på øya i over 300 år er no teke bort, hevda Ronald Sanders, ambassadøren øygruppa har i USA.

Anslagsvis 95 prosent av bygningane på Barbuda er skadd og alle innbyggjarane, ikring 1800 menneske, har vorte evakuert, mesteparten til naboøya Antigua.

Sterkaste på 100 år

På Cuba tok orkanane minst ti liv, elektrisiteten vart borte for det meste av hovudstaden Havanna og store område i nord vart sete under vatn, melde CNN.

Puerto Rico vart og råka av orkanane, der mista over 1 million(av 3.4 millionar totalt) straumen og over 60 000 hadde framleis ikkje straum då Maria råka øya, noko som tok ut over 80% av all straumforsyning og telefontårna på øya.

Maria var den sterkaste orkanen som har treft Puerto Rico på 100 år.

LES OGSÅ: Frå tragedie til tragedie