Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 08.08.2019 13:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rebekka Sirevåg Thomassen (26) frå Egersund er kristen. Ho har lenge vore aktiv i kristne miljø, både som deltakar, fotograf og leiar. På folkehøgskulen og vidare studium heldt ho fram med å utforske si kristne tru.

Rebekka er også lesbisk.

Nokon meiner at det ikkje er lov å vere som Rebekka. Viss Rebekka vel å leve eit liv saman med nokon av same kjønn, vil ho leve eit liv i synd, meiner dei. For i nokon kristne kretsar er det nettopp slik homofili blir sett på. Det er eit val.

Men for Rebekka er ikkje hennar seksualitet eit val. Det er Guds skaparverk.

– Seksualiteten min er ein del av den personen Gud skapte meg som. Eg er fødd sånn, og den eg er i dag er akkurat den personen Gud hadde tenkt eg skulle bli, fortel ho.

Under endring

Det er store usemjer om homofili i Noregs kristne miljø. Tanken om at homofili berre er kjensler ein kan – og bør – skyve til sides er framleis til stades. Ein kan vere homofil, berre ikkje leve som homofil.

Nettstaden Guttogjente.no, som tilbyr ungdom sex- og samlivsråd frå eit kristent verdigrunnlag, rår ungdom frå å gå inn i homofile forhold. I eitt innlegg med tittelen «Hvordan kan jeg være homofil hvis jeg er kristen?» skriv ein anonym gut: «Selv om følelsene mine er reelle betyr det ikke at jeg trenger å være bundet av dem.»

Men sidan 1. februar i år har likekjønna par kunna gifte seg i den norske kyrkja. Trass i at omlag 4.000 personar meldte seg ut av statskyrkja i kjølvatnet av vedtaket om likekjønna ekteskap, er det tydeleg at kyrkja er under endring. Det merkar Rebekka.

– Fleire å fleire unge med nytt tankesett, nye forståingar og nye tolkingar får større plass, meiner ho.

Hatar Gud alle homofile?

Rebekka studerer Ungdom, kultur og trusopplæring ved Menighetsfakultetet i Oslo. I tillegg har ho over 5 års erfaring med ungdoms- og konfirmasjonsarbeid i kyrkja. Der har det kome opp mange spørsmål om hennar seksualitet.

Bibel

Rebekka peiker på eit av sine favorittvers frå Johannesevangeliet; «Gud sendte ikke sin Sønn til verden for å dømme verden, men for at verden skulle bli frelst ved ham.» Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Eg ser jo litt annleis ut. Når det er konfirmasjonsgudstenester pleier eg å gå i dress. Eg får mange blikk og eg høyrer at folk kviskrar, men det er helst frå foreldra og besteforeldra. Dei unge er meir nyfikne. Ofte har dei lese noko på Facebook eller høyrt noko i skulegarden, og spør meg spørsmål som «eg las at Gud hatar homofile, er det sant?». Berre det at eg får så mange spørsmål tyder på at det er eit behov for meir informasjon, fortel ho.

Difor skreiv Rebekka bacheloroppgåva si om korleis utvalde kyrkjelydar i Oslo snakkar om seksualitet i konfirmantundervisninga. Ho fann ut at kyrkja ofte snakkar om seksualitet i vide omgrep. Dei seier til dømes at ein er skapt i Guds bilete.

– Men kva betyr eigentleg det? Eg skulle ynskje det skulle vore lagt opp meir undervisning om menneskeverd og kva det eigentlig betyr å vere skapt av Gud.

– Det står ingenting om homofili i Bibelen

I debatten om kristendom og homofili blir Bibelen ofte brukt som ein viktig peikepinn. Dei som meiner at homofili er ein synd, henviser ofte til bibelvers som til dømes «Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er avskyeleg» (1. Mos 18;22), eller «Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa.» (Rom 1;27).

Men sokneprest i Trysil, Geir Wiknes (30) meiner det ikkje står noko om homofili i Bibelen.

– Ja, det står i Bibelen at menn ikkje skal ligge med menn. Men det står i ein veldig avgrensa kontekst. Eg seier ikkje at homofili er eit moderne fenomen, men i Bibelen er det under heilt andre omsyn.

– Kyrkja kan ikkje forkynne alt som står i Bibelen, fordi det er mange motstridande utsegn. Bibelen skal vere retningsgivande. Men det er nokre prinsipp i kristendomen som overstyrer andre prinsipp. «Elsk din neste som deg sjølv» og «Gud elskar alle», til dømes. Dei gir kyrkja og kristne eit høve til å finne ut kva som er viktig og mindre viktig.

Sokneprest Geir Wiknes. Foto: Knut Holmseth

Wiknes vil styre unna moralfilosofiske spørsmål om homofili og kristendom. Moral handlar ikkje om seksualitet, sidan seksualitet er så djupt forankra i eins identitet.  I motsetning til språkbruken konservative kristne har ført, er det menneskeverdet han vil forholde seg til.

– Gud skapte alle menneska, utan å angre på nokon av oss. Nokon blei skapt som musikalske, nokon blei skapt som å vere glad i å lage mat. Og nokon blei skapt også som homofile. Det er Guds mangfald.

Fordommar

Møter homofile framleis motstand frå kyrkja på grunn av legninga?

– Me ser heile spekteret. Nokon synest det er utfordrande å vere religiøs og skeiv, mens andre unge skeive opplever at deira religiøse samfunn møter dei på ein god måte, seier leiar i Skeiv Ungdom, Marthe Øvrum. Skeiv Ungdom har ein hjelpetelefon der dei tar i mot anonyme førespurnader frå ungdom.

I sitt arbeid som homofil prest møter Geir Wiknes lite fordomar. I kyrkjepolitikken er det annleis.

– Eg har møtt på folk som syntest det er oppriktig feil at eg er prest. Me veit jo at nokon prestar preikar på ein måte som har ført til at folk gjer fæle ting mot seg sjølv. Kanskje til og med sjølvmord. Slike haldningar har eg ikkje respekt for. Det er så hjarterått, og så langt utanfor kristendomen som det går an.

Rebekka meiner det er ein fordom mange har at homofile møter mykje motstand i kyrkja.

– Sjølvsagt er det framleis mange som blir frosne ut fordi dei er homo. Men frå min generasjon og nedover er det som regel få som har problem med homofili, meiner Rebekka.

Størst av alt er kjærleiken, punktum. Det gjeld ikkje berre for heterofil kjærleik.

Ho har sjølv kjent på det å ikkje føle seg heime i kyrkja fordi ho er lesbisk. Likevel ser ho seg sjølv som heldig.

– Foreldra mine har visst eg var skeiv lenge før eg visste det. Mamma ser ikkje skilnad på meg og mi heterofile syster. Pappa sa ein gong «kvifor har folk så behov for å påpeike at du er skeiv? Det er jo ingen så snakker om at eg er hetero», fortel Rebekka.

– Eg er heldig, men eg vil alltid vere usikker. Me får jo høyre at me lever i synd. Slik har eg ikkje lyst at neste generasjon skal måtte høyre. Størst av alt er kjærleiken, punktum. Det gjeld ikkje berre for heterofil kjærleik.

Rebekka Sirevåg Thomassen

«Størst av alt er kjærligheten» står tatovert på Rebekkas overarm. Det begynte som ei greie ho, systera og mora skulle gjere saman. «Fordi me er tre ulike menneske, med tre forskjellige måtar å leve livet på, tre ulike syn på tru, politikk og så vidare. Men uansett er kjærleiken størst. Det hjelper jo at det er eit kjent sitat frå Bibelen sjølvsagt, men det er eit bodskap alle kan ta til seg,» forklarer Rebekka.