Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erna er mektigare enn Beyoncé

To nyhende har rysta verda i dag: For det første skal Beyoncé Knowles-Carter spela Nala i ein komande Løvenes konge-film – og for det andre er statsminister Erna Solberg rangert høgare enn Beyoncé på ei stor kåring av verdas mektigaste kvinner.

Mektigare enn Beyoncé: statsminister Erna Solberg? Foto: Tore Sætre/Flickr/CC.

Finanstidsskriftet Forbes står bak maktkåringa, der Angela Merkel, Theresa May og Melinda Gates tronar på toppen. Erna Solberg er på 46. plass, fire plassar over Beyoncé på 50. plass. Songaren har tidlegare vore inne på topp ti-lista i kåringa.

Forbes kan umogleg ha fått med seg nyhendet om at Beyoncé skal spela i Disneys nyinnspeling av klassikaren The Lion King, som etter planen skal koma i 2019. Knowles-Carter skal låna røysta si til Nala, noko som tvillaust berre gjer henne enno mektigare.

Andre kjende namn på rollelista er John Oliver som Zazu og Seth Rogen som Pumbaa. Donald Glover skal spela Simba. James Earle «Darth Vader» Jones spelte Mufasa i den originale filmen i 1994, og blir også å høyra i den same rolla 25 år seinare.

Erna Solberg er førebels ikkje annonsert til ei rolle i Løvenes konge.